< 1 Krønikebok 17 >

1 Ein gong David sat i huset sitt, sagde David til profeten Natan: «Sjå, eg bur i eit hus av cedertre, medan Herrens sambandskista stend under eit tjeld!»
It happened, when David lived in his house, that David said to Nathan the prophet, "Look, I dwell in a house of cedar, but the ark of the covenant of Jehovah is under curtains."
2 Natan sagde til David: «Gjer alt det som du hev i hugen; for Gud er med deg.»
Nathan said to David, "Do all that is in your heart; for God is with you."
3 Men natti etterpå kom Guds ord til Natan soleis:
It happened the same night, that the word of God came to Nathan, saying,
4 «Gakk og seg til David, tenaren min: «So segjer Herren: Ikkje skal du byggja meg det huset eg skal bu i.
"Go and tell David my servant, 'Thus says Jehovah, "You shall not build me a house to dwell in;
5 For eg hev då ikkje butt i noko hus, alt frå den dagen då eg førde Israel upp hit, og til denne dag, anna eg hev flutt frå tjeld til tjeld, frå hus til hus.
for I have not lived in a house since the day that I brought up Israel to this day, but have gone about from tent to tent, and from tabernacle to tabernacle.
6 I all den tidi eg hev fare ikring med heile Israel - hev eg då nokosinne tala so til nokon Israels domarar som eg sette til hyrding for folket mitt: «Kvi hev de ikkje bygt meg eit hus av cedertre?»»
In all places in which I have walked with all Israel, did I speak a word with any of the judges of Israel, whom I commanded to be shepherd of my people, saying, 'Why have you not built me a house of cedar?'"'
7 Og no skal du segja so til David, tenaren min: «So segjer Herren, allhers drott: Frå buhagen, der du fylgte sauerne, hev eg teke deg til fyrste yver Israel, folket mitt.
"Now therefore, you shall tell my servant David, 'Thus says Jehovah of hosts, "I took you from the sheep pen, from following the sheep, that you should be prince over my people Israel.
8 Og eg hev vore med deg på alle dine vegar og rudt ut alle fiendarne dine for deg. Og eg vil gjeva deg eit namn liksom namnet åt dei største menner på jordi.
I have been with you wherever you have gone, and have cut off all your enemies from before you. I will make you a name, like the name of the great ones who are in the earth.
9 Og eg skal reida ein heimstad åt Israel, folket mitt, og planta det so det kann verta buande der, og ikkje verta uroa meir. Valdsmenner skal ikkje meir øyda det, so som i gamle dagar,
I will appoint a place for my people Israel, and will plant them, that they may dwell in their own place, and be moved no more; neither shall the children of wickedness waste them any more, as at the first,
10 alt ifrå den tidi då eg sette domarar yver mitt folk Israel; og eg skal mykja upp alle fiendarne dine. So gjer eg no det kunnigt for deg, at Herren skal byggja deg eit hus.
and from the time that I commanded judges to be over my people Israel; and I will subdue all your enemies. Moreover I tell you that Jehovah will build you a house.
11 Når di æva er all, og du gjeng til federne dine, då skal eg reisa upp avkjømet ditt etter deg, ein av sønerne dine, og eg skal grunnfesta kongedømet hans.
And it will come about when your days are fulfilled, when you must go to be with your fathers, that I will raise up your descendant after you, who shall be of your sons; and I will establish his kingdom.
12 Han skal byggja eit hus åt meg; og eg skal grunnfesta kongsstolen hans til æveleg tid.
He will build me a house, and I will establish his throne forever.
13 Eg skal vera far hans, og han skal vera son min, og mi miskunn skal eg ikkje taka frå honom, liksom eg tok henne frå fyremannen din.
I will be his father, and he shall be my son. I will not take my loving kindness away from him, as I took it from him that was before you;
14 Og skal halda honom uppe i mitt hus og i mitt rike i all æva, og kongsstolen hans skal vera grunnfest i all æva.»»
but I will settle him in my house and in my kingdom forever. His throne shall be established forever."'"
15 Heilt i samhøve med desse ordi og med denne syni tala då Natan til David.
According to all these words, and according to all this vision, so Nathan spoke to David.
16 Då gjekk kong David inn og sette seg ned for Herrens åsyn og sagde: «Kven er eg, Herre Gud, og kva er huset mitt, at du hev ført meg hit?
Then king David went in and sat before Jehovah and said, "Who am I, Jehovah God, and what is my house, that you have brought me thus far?
17 Og endå er det for lite i dine augo, Gud, du hev gjeve lovnader til huset åt tenaren um det som ligg langt fram i tidi. Ja, du hev set til meg på mannevis, so du kunde upphøgja meg, Herre Gud.
This was a small thing in your eyes, God, but you have spoken of your servant's house for a great while to come, and you have let me look upon the generation of humankind to come, Jehovah God.
18 Kva skal no David meir segja til deg um den æra du hev gjort tenaren din? Du kjenner då tenaren din.
What can David say yet more to you concerning the honor which is done to your servant? For you know your servant, Jehovah.
19 Herre, for din tenar skuld og etter ditt hjarta hev du gjort alt dette store, og kunngjort alle desse store ting.
For your servant's sake, and according to your own heart, you have worked all this greatness, to make known to your servant all these great things.
20 Herre, ingen er som du, og det er ingen Gud utan du, etter alt det me hev høyrt med øyro våre.
Jehovah, there is none like you, neither is there any God besides you, according to all that we have heard with our ears.
21 Og kvar finst det på jordi eit einaste folk maken til ditt folk Israel, som Gud sjølv gjekk av og løyste til si eigen lyd, til eit stort og øgjelegt namn åt deg, med di du dreiv ut heidningarne for folket ditt, som du hadde fria ut or Egyptarland.
And who is like your people Israel, the one nation on earth whom God went out to redeem to be a people for himself, to make a name for yourself by great and awesome deeds, by driving out from before your people, whom you redeemed out of Egypt, a nation and its gods?
22 Og du hev gjort ditt folk Israel til eit folk åt deg for all æva, og du, Herre, hev vorte deira Gud.
And you made your people Israel for yourself to be your people forever; and you, Jehovah, became their God.
23 So lat då, Herre, det standa ved lag i all æva, som du hev tala um tenaren din og hans hus; gjer so som du hev sagt!
Now, Jehovah, let the word that you have spoken concerning your servant, and concerning his house, be established forever, and do as you have spoken.
24 Då skal namnet ditt haldast for traust og verta stort til æveleg tid, so dei skal segja: «Herren, allhers drott, Israels Gud, er Gud yver Israel.» Og då skal huset åt David, tenaren din, standa stødt for di åsyn.
Let your name be established and magnified forever, saying, 'Jehovah of hosts is the God of Israel,' and the house of David your servant is established before you.
25 For du, min Gud, hev openberra for tenaren din at du skal byggja honom eit hus; difor hev tenaren din våga seg til å bera denne bøni fram for deg.
For you have revealed to your servant that you will build him a house. Therefore your servant has found courage to pray before you.
26 Og no, Herre, du er Gud, og etter di du hev lova tenaren din denne gode ting,
Now, Jehovah, you are God, and have promised this good thing to your servant.
27 so lat det no og tekkjast deg å velsigna huset åt tenaren din, so det vart verande æveleg for di åsyn. For det som du, Herre, velsignar, det er velsigna i all æva.»
Now it has pleased you to bless the house of your servant, that it may continue forever before you; for you, Jehovah, have blessed, and it is blessed forever."

< 1 Krønikebok 17 >