< 1 Krønikebok 14 >

1 Og Hiram, kongen i Tyrus, sende folk til David med cedertre, og dessutan murarar og timbremenner til å byggja eit hus åt honom.
And Hiram king of Tyre sent messengers to David, and cedar trees, and masons, and carpenters, to build him an house.
2 Og David skyna at Herren hadde stadfest honom til konge yver Israel; for han hadde lyft kongedømet høgt for sitt folk Israel skuld.
And David perceived that the LORD had established him king over Israel, for his kingdom was exalted on high, for his people Israel’s sake.
3 Og David tok seg endå fleire konor i Jerusalem, og David fekk endå fleire søner og døtter.
And David took more wives at Jerusalem: and David begat more sons and daughters.
4 Dette er namni på dei sønerne han fekk i Jerusalem: Sammua og Sobab, Natan og Salomo,
And these are the names of the children which he had in Jerusalem; Shammua, and Shobab, Nathan, and Solomon;
5 Jibhar og Elisua og Elpelet
and Ibhar, and Elishua, and Elpelet;
6 og Nogah og Nefeg og Jafia
and Nogah, and Nepheg, and Japhia;
7 og Elisama og Be’eljada og Elifelet.
and Elishama, and Beeliada, and Eliphelet.
8 Men då filistarane høyrde at David var salva til konge yver heile Israel, tok dei ut alle saman og skulde leita etter David. Då David fekk høyrde det, for han ut imot deim.
And when the Philistines heard that David was anointed king over all Israel, all the Philistines went up to seek David: and David heard of it, and went out against them.
9 Filistarane kom og spreidde seg utyver i Refa’imsdalen.
Now the Philistines had come and made a raid in the valley of Rephaim.
10 Då spurde David Gud: «Skal eg draga upp imot filistarane? Vil du då gjeva deim i mi hand?» Herren svara: «Drag upp, eg vil gjeva deim i di hand.»
And David inquired of God, saying, Shall I go up against the Philistines? and wilt thou deliver them into mine hand? And the LORD said unto him, Go up; for I will deliver them into thine hand.
11 Og dei tok ut til Ba’al-Perasim, og der vann David yver deim. Då sagde David: «Gud hev brote igjenom fiendarne mine med mi hand, liksom vatn bryt igjenom.» Difor fekk den staden namnet Ba’al-Perasim.
So they came up to Baal-perazim, and David smote them there; and David said, God hath broken mine enemies by mine hand, like the breach of waters. Therefore they called the name of that place Baal-perazim.
12 Dei let etter seg gudarne sine der, og David sagde at dei skulde brennast upp.
And they left their gods there; and David gave commandment, and they were burned with fire.
13 Men filistarane kom endå ein gong og spreidde seg utyver i dalen.
And the Philistines yet again made a raid in the valley.
14 Då so David spurde Gud att, svara Gud honom: «Du skal ikkje fara imot deim; kringsett deim attanfrå, so du kjem yver deim ifrå den sida der bakatrei stend!
And David inquired again of God; and God said unto him, Thou shalt not go up after them: turn away from them, and come upon them over against the mulberry trees.
15 So snart som du då høyrer ljoden av stig i toppen på bakatrei, skal du leggja ut i strid; for då fer Gud fyre deg og vil slå filistarheren.»
And it shall be, when thou hearest the sound of marching in the tops of the mulberry trees, that then thou shalt go out to battle: for God is gone out before thee to smite the host of the Philistines;
16 Og David gjorde som Gud hadde bode honom, og dei slo filistarheren og sette etter deim alt ifrå Gibeon og til Gezer.
And David did as God commanded him: and they smote the host of the Philistines from Gibeon even to Gezer.
17 Og gjetordet um David gjekk yver alle land, og Herren let det koma rædsla for honom yver alle folki.
And the fame of David went out unto all lands; and the LORD brought the fear of him upon all nations.

< 1 Krønikebok 14 >