< 1 Krønikebok 13 >
1 Og David samrådde seg med dei øvste herførarane og underførarane, med alle hovdingarne.
David consulted with the captains of thousands and of hundreds, even with every leader.
2 Og David sagde til heile Israels-lyden: «I fall de so finn fyre, og um dette er ifrå Herren, vår Gud, so lat oss senda bod til alle kantar åt dei andre brørne våre i alle Israels bygder, og dessutan åt prestarne og levitarne i dei byarne som dei hev bumark ikring, at dei skal koma saman hjå oss.
David said to all the assembly of Israel, “If it seems good to you, and if it is of the LORD our God, let’s send word everywhere to our brothers who are left in all the land of Israel, with whom the priests and Levites are in their cities that have pasture lands, that they may gather themselves to us.
3 Og lat oss flytja kista åt vår Gud hit til oss! For i Sauls dagar spurde me ikkje etter henne.»
Also, let’s bring the ark of our God back to us again, for we didn’t seek it in the days of Saul.”
4 Og heile lyden svara at dei skulde gjera det; for alt folket lika denne rådi.
All the assembly said that they would do so, for the thing was right in the eyes of all the people.
5 So samla då David heile Israel ifrå kvisli frammed Egyptarlandet og alt dit der vegen gjeng til Hamat, at dei skulde føra Guds kista frå Kirjat-Jearim.
So David assembled all Israel together, from the Shihor River of Egypt even to the entrance of Hamath, to bring God’s ark from Kiriath Jearim.
6 Og David for med heile Israel upp til Ba’ala, til Kirjat-Jearim, som høyrer til Juda, med den etlingi å føra upp kista åt Gud Herren, han som tronar yver kerubarne, og som ho hev fenge namnet sitt etter.
David went up with all Israel to Baalah, that is, to Kiriath Jearim, which belonged to Judah, to bring up from there God the LORD’s ark that sits above the cherubim, that is called by the Name.
7 Og dei sette Guds kista på ei ny vogn og førde henne burt frå huset hans Abinadab, og Uzza og Ahjo køyrde vogni.
They carried God’s ark on a new cart, and brought it out of Abinadab’s house; and Uzza and Ahio drove the cart.
8 Og David og heile Israel leika for Gud av all si magt med song og med cithrar, harpor, trummor, cymblar og trompetar.
David and all Israel played before God with all their might, even with songs, with harps, with stringed instruments, with tambourines, with cymbals, and with trumpets.
9 Men då dei kom til treskjestaden hans Kidon, rette Uzza ut handi og vilde fata i kista; for uksarne snåva.
When they came to Chidon’s threshing floor, Uzza put out his hand to hold the ark, for the oxen stumbled.
10 Då vart Herren brennande harm på Uzza, og han slo honom for di han hadde rett ut handi si åt kista, so han døydde der for Guds åsyn.
The LORD’s anger burnt against Uzza, and he struck him because he put his hand on the ark; and he died there before God.
11 Men David vart ille ved, av di Herren soleis hadde slege ned Uzza, og han kalla den staden Peres-Uzza, som det heiter den dag i dag.
David was displeased, because the LORD had broken out against Uzza. He called that place Perez Uzza, to this day.
12 Og David fekk ei slik rædsla for Gud den dagen, at han sagde: «Kor kann eg våga føra Guds kista til meg?»
David was afraid of God that day, saying, “How can I bring God’s ark home to me?”
13 Difor flutte ikkje David kista til seg i Davidsbyen, men sette henne inn i huset åt gatiten Obed-Edom.
So David didn’t move the ark with him into David’s city, but carried it aside into Obed-Edom the Gittite’s house.
14 Guds kista vart då verande ved huset hans Obed-Edom, der ho stod i sitt eige hus i tri månader; men Herren velsigna Obed-Edoms hus og alt det som høyrde honom til.
God’s ark remained with the family of Obed-Edom in his house three months; and the LORD blessed Obed-Edom’s house and all that he had.