< 1 Krønikebok 12 >
1 Og dette er dei som kom til David i Siklag, medan han endå heldt seg undan Saul Kisson; dei var av dei kjemporne som hjelpte han i striden.
Voici ceux qui vinrent vers David à Siceleg, lorsqu'il devait encore se tenir éloigné de la face de Saül, fils de Cis; ils étaient parmi les vaillants qui le secoururent pendant la guerre.
2 Dei var væpna med boge og føre til å slyngja stein og skjota piler frå bogen, både med høgre og vinstre handi. Av ættefrendarne hans Saul, av Benjamins-folket, var desse:
C'étaient des archers, exercés à lancer des pierres de la main droite et de la main gauche, et à tirer des flèches avec leur arc; ils étaient d'entre les frères de Saül, de Benjamin.
3 Ahiezer, den hævaste, og Joas, søner åt Sema’a frå Gibea, Jezuel og Pelet, sønerne åt Azmavet, og Beraka, og Jehu frå Anatot,
A leur tête Ahiéser, puis Joas, tous deux fils de Samaa, de Gabaa; Jaziel et Phallet, fils d'Azmoth; Baracha; Jéhu, d'Anatoth;
4 Jismaja frå Gibeon, ein av dei tretti kjemporne og hovding for dei tretti, Jirmeja og Jahaziel og Johanan og Josabad frå Gedera,
Samaïas, de Gabaon, vaillant parmi les Trente et chef des Trente; Jérémie; Jéhéziel; Johanan; Jézabad, de Gédéra;
5 Eluzai og Jerimot og Bealja og Semarja og Sefatja frå Harif,
Eluzaï; Jérimuth; Baalia; Samaria; Saphatia, de Haruph;
6 Elkana og Jissa og Azarel og Joezer og Jasobam, korahitarne,
Elcana, Jésia, Azaréel, Joéser et Jesbaam, fils de Coré;
7 Joela og Zebadja, søner til Jeroham, frå Gedor.
Joéla et Zabadia, fils de Jéroham, de Gédor.
8 Og av gaditarne var det nokre som fall ifrå og gav seg med David i fjellborgi i øydemarki; det var djerve menner, herføre stridsmenner, væpna med skjold og spjot. Dei hadde ei uppsyn som løvor, og var rappe som gasellor på fjellet.
Parmi les Gadites, des hommes vaillants passèrent auprès de David, dans les lieux forts, au désert: guerriers exercés au combat, sachant manier le bouclier et la lance, ayant un aspect de lions, aussi agiles que des gazelles sur les montagnes.
9 Ezer var den hævaste; Obadja var den andre, Eliab den tridje,
Ezer était le chef; Obdias, le second; Eliab, le troisième;
10 Mismanna den fjorde, Jirmeja den femte,
Masmana, le quatrième; Jérémie, le cinquième;
11 Attai den sette, Eliel den sjuande,
Ethi, le sixième; Eliel, le septième;
12 Johanan den åttande, Elzabad den niande,
Johanan, le huitième; Elzébad, le neuvième;
13 Jirmeja den tiande, Makbannai den ellevte.
Jérémie, le dixième; Machbanaï, le onzième.
14 Desse var av Gads-sønerne og av dei hævaste i heren; den ringaste av deim var like god åleine som hundrad mann, og den gjævaste jamngod med tusund.
C'étaient des fils de Gad, chefs de l'armée; un seul, le plus petit, pouvait l'emporter sur cent, et le plus grand sur mille.
15 Det var dei som gjekk yver Jordan den fyrste månaden då elvi gjekk yver breidderne, og som jaga av alle dalbuarne mot aust og mot vest.
Ce sont eux qui passèrent le Jourdain au premier mois, alors qu'il déborde sur toutes ses rives, et qui mirent en fuite tous les habitants des vallées, à l'orient et à l'occident.
16 Av Benjamins- og Juda-sønerne kom det nokre menner til David alt til fjellborgi.
Des fils de Benjamin et de Juda vinrent vers David, dans les lieux forts.
17 Då gjekk David ut imot deim, og tok til ords og sagde til dei: «I fall de er meinte på fred og vil hjelpa meg, so er hugen min reidug til semja med dykk. Men kjem de og vil gjeva meg yver til fiendarne mine, endå det ingen urett er i mine hender, då sjå fedreguden vår på det og refse det!»
David sortit au-devant d'eux, prit la parole, et leur dit: " Si vous êtes venus à moi avec des sentiments pacifiques, pour me secourir, mon cœur se portera vers vous, en vue de nous unir; mais si c'est pour me livrer perfidement à mes ennemis, lorsque aucune violence ne s'attache à mes mains, que le Dieu de nos pères le voie et qu'il fasse justice! "
18 Men anden greip Amasai, den hævaste av dei tretti, og han sagde: «Deg, David, høyrer me til, og i lag med deg, Isaisonen, vil me standa. Fred, fred vere med deg, og fred vere med hjelpesmennerne dine! For din Gud hev hjelpt deg.» Då tok David imot deim og sette deim til hovdingar yver herflokken.
L'Esprit revêtit Amasaï, chef des Trente, et il dit: " A toi, David, et avec toi, fils d'Isaï! Paix, paix à toi, et paix à celui qui te secourt, car ton Dieu t'a secouru! " Et David les accueillit et les plaça parmi les chefs de la bande.
19 Av Manasse var det og nokre som gav seg med David då han drog ut i lag med filistarane til strid mot Saul, endå han sidan ikkje fekk hjelpa deim; for då filisterhovdingarne hadde halde samråd, sende dei honom burt, med di dei sagde: «Det stend um hovudet for oss um han gjeng yver til Saul, herren sin.»
Des hommes de Manassé se joignirent à David, lorsqu'il alla avec les Philistins faire la guerre à Saül. Mais ils ne secoururent pas les Philistins; car les princes des Philistins renvoyèrent à dessein David en disant: " Au péril de nos têtes, il joindrait son maître Saül. "
20 Då han so for til Siklag, gav desse av Manasse seg med honom: det var Adna, Jozabad, Jediael, Mikael, Jozabad, Elihu og Silletai, hovdingar for dei herflokkarne som høyrde til Manasse.
Comme il revenait à Siceleg, des hommes de Manassé se joignirent à lui: Ednas, Jozabad, Jédihel, Michaël, Jozabad, Eliu et Salathi, chefs des milliers de Manassé.
21 Desse hjelpte David mot røvarflokkarne; for dei var djerve hermenner alle saman, og dei vart hovudsmenner i heren.
Ils secoururent David contre les bandes, car ils étaient tous des vaillants, et ils furent chefs dans l'armée.
22 For det kom dagstødt folk til David som vilde hjelpa honom, so herlægret hans til slutt vart ovleg stort, som eit Guds herlæger.
Et de jour en jour des hommes arrivaient auprès de David pour le secourir, jusqu'à ce qu'il eût une grande armée, comme une armée de Dieu.
23 Dette er talet på dei stridsbudde hermennerne som kom til David i Hebron og vilde gjeve honom Sauls kongedøme i hende etter Herrens bod:
Voici le nombre des chefs des hommes armés pour la guerre qui vinrent auprès de David à Hébron, pour lui transférer la royauté de Saül, selon l'ordre de Yahweh.
24 Juda-sønerne som bar skjold og spjot, seks tusund og åtte hundrad herbudde menner;
Fils de Juda, portant le bouclier et la lance, six mille huit cents, armés pour la guerre. —
25 Simeons-sønerne, stridsføre hermenner, sju tusund og eit hundrad;
Des fils de Siméon, hommes vaillants à la guerre, sept mille cent. —
26 av Levi-sønerne fire tusund og seks hundrad;
Des fils de Lévi, quatre mille six cents;
27 og dertil Jojada, hovdingen for Arons-ætti, og tri tusund og sju hundrad mann med honom,
et Joïada, chef de la famille d'Aaron, et avec lui trois mille sept cents;
28 og Sadok, ein våpndjerv ungdom, og ætti hans, tvo og tjuge hovdingar;
et Sadoc, jeune homme vaillant, et la maison de son père, vingt-deux chefs. —
29 av Benjamins-sønerne, ættefrendarne hans Saul, tri tusund; for mengdi av deim heldt seg endå trutt til Sauls hus i den tidi;
Des fils de Benjamin, frères de Saül, trois mille; car jusqu'alors la plus grande partie d'entre eux gardaient fidélité à la maison de Saül. —
30 av Efraims-sønerne tjuge tusund og åtte hundrad herføre stridsmenner, namngjetne menner i ætterne sine;
Des fils d'Ephraïm, vingt mille huit cents, hommes vaillants et renommés dans les maisons de leurs pères. —
31 av eine helvti av Manasse-ætti attan tusund, som var nemde med namn og kom og skulde gjera David til konge;
De la demi-tribu de Manassé, dix-huit mille, qui furent nominativement désignés pour aller établir David roi. —
32 av Issakars-sønerne slike menner som hadde skyn på tidartekni, og visste kva Israel burde gjera; det var tvo hundrad hovdingar, og dertil alle ættefrendarne deira, som dei hadde styringi yver;
Des fils d'Issachar, ayant l'intelligence des temps pour savoir ce que devait faire Israël, deux cents chefs, et tous leurs frères sous leurs ordres. —
33 av Sebulon femti tusund stridsføre menner, herbudde med alle slag våpn; dei flokka seg samheldige;
De Zabulon, cinquante mille, en état d'aller à l'armée, prêts à la guerre et en parfait équipement de guerre, pour se ranger en bataille d'un cœur résolu. —
34 av Naftali eit tusund hovdingar, og med deim sju og tretti tusund mann som var væpna med skjold og spjot;
De Nephthali, mille chefs, et avec eux trente-sept mille, portant le bouclier et la lance. —
35 av danitarne åtte og tjuge tusund og seks hundrad herbudde menner;
Des Danites prêts à la guerre, vingt-huit mille six cents. —
36 av Asser stridsføre og herbudde menner, fyrti tusund;
D'Aser, en état d'aller à l'armée et prêts à la guerre, quarante mille. —
37 og frå hi sida åt Jordan, av rubenitarne, gaditarne og andre helvti av Manasse-ætti, eit hundrad og tjuge tusund mann med alle slag våpn som er bruklege i strid.
Et de l'autre coté du Jourdain, des Rubenites, des Gadites et de la demi-tribu de Manassé, en parfait équipement d'armes de guerre, cent vingt mille.
38 Alle desse hermennerne skipa seg i fylking og kom med hjartans godhug for David til Hebron og vilde gjera honom til konge yver heile Israel. Men alle hine av Israel var og sameinte i å gjera David til konge.
Tous ces hommes de guerre, sachant se ranger en bataille, vinrent d'un cœur sincère à Hébron pour établir David roi sur tout Israël; et tout le reste d'Israël n'avait également qu'un cœur pour établir David roi.
39 Og dei var der hjå David i tri dagar og åt og drakk; for brørne deira hadde laga til åt deim.
Ils furent là trois jours avec David, mangeant et buvant, car leurs frères leur avaient préparé des provisions.
40 Dei som budde nær ved, alt upp til Issakar, Sebulon og Naftali, førde og nøgdi med føda til deim, på asen, kamelar, muldyr og uksar; grjonmat, fikekakor, rosinkakor, vin og olje, bufe og sauer; for det var gleda i Israel.
Et même ceux qui habitaient près d'eux, jusqu'à Issachar, à Zabulon et à Nephthali, apportaient des vivres sur des ânes, sur des chameaux, sur des mulets et sur des bœufs, des provisions de farine, des masses de figues sèches et des raisins secs, du vin, de l'huile, des bœufs et des brebis en abondance; car il y avait joie en Israël.