< 1 Krønikebok 11 >
1 Då kom heile Israel i hop hjå David i Hebron og sagde: «Du veit me og du er same folket.
And all Israel is gathered to David at Hebron, saying, “Behold, we [are] your bone and your flesh;
2 Alt longe sidan, då Saul endå var konge, var du den som førde Israel. Og til deg hev Herren din Gud, sagt: «Du skal vera ein hyrding for Israel, folket mitt, ja, du skal vera ein hovding yver mitt folk Israel.»»
even in time past, even in Saul’s being king, it is you who are taking out and bringing in Israel, and your God YHWH says to you: You feed My people Israel, and you are leader over My people Israel.”
3 Då so alle styresmennerne i Israel kom til kongen i Hebron, gjorde David eit samband med deim der i Hebron for Herrens åsyn, og sidan salva dei David til konge yver Israel, etter Herrens ord gjenom Samuel.
And all [the] elderly of Israel come to the king at Hebron, and David makes a covenant with them in Hebron before YHWH, and they anoint David for king over Israel, according to the word of YHWH by the hand of Samuel.
4 Og David for med heile Israel til Jerusalem, det er Jebus; der var jebusitarne, som endå var att i landet.
And David goes, and all Israel, to Jerusalem—it [is] Jebus—and the Jebusite [is] there, the inhabitants of the land.
5 Og Jebus-buarne sagde til David: «Du kjem ikkje inn her.» Men David tok like vel Sionsborgi, det er Davidsbyen.
And the inhabitants of Jebus say to David, “You do not come in here”; and David captures the fortress of Zion—it [is] the City of David.
6 Og David sagde: «Den som fyrst drep ein jebusit, kven det so er, han skal verta hovding og herførar.» Og Joab, son åt Seruja, kom fyrst upp, og vart då hovding.
And David says, “Whoever strikes the Jebusite first becomes head and prince”; and Joab son of Zeruiah goes up first and becomes head.
7 Sidan sette David seg til i borgi; difor kalla dei henne Davidsbyen.
And David dwells in the fortress, therefore they have called it the City of David;
8 Og han bygde byen rundt umkring, frå Millo og heilt ikring, og Joab bygde upp att det andre av byen.
and he builds the city all around, from Millo, and to the circumference, and Joab restores the rest of the city.
9 Og Davids velde auka Davids velde stødt og stendigt, og Herren, allhers drott, var med honom.
And David goes, going on and becoming great, and YHWH of Hosts [is] with him.
10 Og dette er dei gjævaste kjemporne hans David, som gav honom kraftig hjelp, i lag med heile Israel, til å verta konge, til å gjeva honom kongedømet hans, etter Herrens ord um Israel.
And these [are] heads of the mighty ones whom David has, who are strengthening themselves with him in his kingdom, with all Israel, to cause him to reign, according to the word of YHWH, over Israel.
11 Dette er talet på kjemporne hans David: Jasobam, son til hakmoniføraren for kjemporne; han svinga spjotet sitt yver tri hundrad, som vart drepne i ein gong.
And this [is] an account of the mighty ones whom David has: Jashobeam son of a Hachmonite [is] head of the thirty; he is lifting up his spear against three hundred—wounded, at one time.
12 Og etter han kom Eleazar, son åt Dodo, ahohiten; han var ein av dei tri kjemporne.
And after him [is] Eleazar son of Dodo the Ahohite, he [is] among the three mighty;
13 Han var med David i Pas-Dammim, då filistarane hadde kome saman til strid, og der var ein åkerlapp fullgrodd med bygg; og folket rømde for filistarane.
he has been with David in Pas-Dammim, and the Philistines have been gathered there to battle, and a portion of the field is full of barley, and the people have fled from the face of the Philistines,
14 Då stødte dei seg upp midt på åkerleppen og varde honom og hogg ned filistarane, og Herren gav deim soleis ein stor siger.
and they station themselves in the midst of the portion, and deliver it, and strike the Philistines, and YHWH saves [with] a great salvation.
15 Ein gong for tri av dei tretti hovdingarne nedetter berget til David ved Adullams-helleren, medan ein flokk med filistar hadde lægra seg i Refa’imsdalen.
And three of the thirty heads go down on the rock to David, to the cave of Adullam, and the host of the Philistines is encamping in the Valley of Rephaim,
16 Men David var den gongen i borgi, og ein av filistarvaktpost var då i Betlehem.
and David [is] then in the fortress, and the station of the Philistines [is] then in Beth-Lehem,
17 Då fekk David brått ein sterk hug og sagde: «Å um einkvan vilde gjeva meg vatn å drikka utor brunnen som er attmed porten i Betlehem!»
and David longs and says, “Who gives me water to drink from the well of Beth-Lehem that [is] at the gate!”
18 Då slo dei tri seg gjenom filistarlægret og auste vatn utor brunnen ved porten i Betlehem, og tok og bar det åt David. Men David vilde ikkje drikka det, men helte det ut for Herren.
And the three break through the camp of the Philistines, and draw water from the well of Beth-Lehem that [is] at the gate, and carry and bring [it] to David, and David has not been willing to drink it, and pours it out to YHWH,
19 For han sagde: «Gud late det aldri koma i mine tankar at eg skulde gjera slikt! Skulde eg drikka blodet av desse mennerne som hev våga livet? For med livs vågnad hev dei bore det hit.» Han vilde ikkje drikka det. Dette hadde dei tri kjemporne gjort.
and says, “Far be it from me, by my God, to do this; do I drink the blood of these men with their lives? For with their lives they have brought it”; and he was not willing to drink it; these [things] the three mighty ones did.
20 Absai, bror hans Joab, var føraren for dei tri; han svinga spjotet sitt yver tri hundrad, som vart drepne. Og han var namngjeten millom dei tri.
And Abishai brother of Joab, he has been head of the three: and he is lifting up his spear against three hundred—wounded, and has a name among three.
21 Han var ein gong til so mykje vyrd som nokon annan i dette tritalet, og han var hovdingen deira; men endå nådde han ikkje upp til dei tri fyrste.
Of the three he is more honored than the [other] two, and becomes their head; but he has not come to the [first] three.
22 Benaja, son hans Jojada, som var son åt ein djerv og dådrik mann frå Kabse’el, han drap dei tvo Arielarne i Moab, og det var han som steig ned i brunnen ein snøversdag og slo i hel ei løva der.
Benaiah son of Jehoiada, son of a man of valor, of great deeds, from Kabzeel: he has struck the two lion-like Moabites, and he has gone down and struck the lion in the midst of the pit, in the day of snow.
23 Han felte og den risestore egyptaren som var fem alner høg. Endå egyptaren hadde eit spjot i handi som liktest stor-riven i ein vev, so gjekk han imot honom, og hadde ikkje anna til verja enn staven sin. Og han rykte spjotet ut or handi på egyptaren og drap honom med hans eige spjot.
And he has struck the man, the Egyptian, a man of [great] measure—five by the cubit—and in the hand of the Egyptian [is] a spear like a weavers’ beam, and he goes down to him with a rod, and violently takes away the spear out of the hand of the Egyptian, and slays him with his own spear.
24 Dette hadde Benaja Jojadason gjort. Og han var namngjeten millom dei tri kjemporne.
These [things] Benaiah son of Jehoiada has done, and has a name among the three mighty ones.
25 Ja, han var meir vyrd enn nokon av dei tretti; men upp til dei tri fyrste nådde han ikkje. Og David sette honom til hovding yver livvakti si.
Of the thirty, behold, he [is] honored, but he has not come to the [first] three, and David sets him over his guard.
26 Dei djerve herkjemporne var desse: Asael, bror åt Joab, Elhanan, son åt Dodo, frå Betlehem.
And the mighty ones of the forces [are] Asahel brother of Joab, Elhanan son of Dodo of Beth-Lehem,
27 Sammot, haroriten. Heles, peloniten,
Shammoth the Harorite, Helez the Pelonite,
28 Ira, son åt Ikkes, frå Tekoa, Abiezer frå Anatot,
Ira son of Ikkesh the Tekoite, Abi-Ezer the Annethothite,
29 husatiten Sibbekai, ahohiten Ilai,
Sibbecai the Hushathite, Ilai the Ahohite,
30 Maharai frå Netofa, Heled, son åt Ba’ana, frå Netofa,
Maharai the Netophathite, Heled son of Baanah the Netophathite,
31 Itai, son åt Ribai, frå Gibea i Benjaminsfylket, Benaja frå Piraton,
Ithai son of Ribai of Gibeah, of the sons of Benjamin, Benaiah the Pirathonite,
32 Hurai frå Ga’asdalarne, Abiel frå Arba,
Hurai of the brooks of Gaash, Abiel the Arbathite,
33 Azmavet frå Baharum, Eljahba, sa’alboniten,
Azmaveth the Baharumite, Eliahba the Shaalbonite,
34 Bene-Hasem, gizoniten, Jonatan, son åt Sage, harariten,
the sons of Hashem the Gizonite, Jonathan son of Shage the Hararite,
35 Ahiam, son åt Sakar, harariten, Elifal, son åt Ur,
Ahiam son of Sacar the Hararite, Eliphal son of Ur,
36 Hefer, mekeratiten, Ahia, peloniten,
Hepher the Mecherathite, Ahijah the Pelonite,
37 Hesro frå Karmel, Na’arai, son åt Ezbai,
Hezor the Carmelite, Naarai son of Ezbai,
38 Joel, bror åt Natan, Mibhar, son åt Hagri,
Joel brother of Nathan, Mibhar son of Haggeri,
39 Selek, ammoniten, Nahrai frå Berot, våpnsvein åt Joab Serujason,
Zelek the Ammonite, Naharai the Berothite, bearer of the weapons of Joab son of Zeruiah,
40 Ira frå Jeter, Gareb frå Jeter,
Ira the Ithrite, Gareb the Ithrite,
41 Uria, hetiten, Zabad, son åt Ahlai,
Uriah the Hittite, Zabad son of Ahlai,
42 Adina, son åt Siza, rubeniten, ein hovding millom rubenitarne, og umfram honom tretti andre,
Adina son of Shiza the Reubenite, head of the Reubenites, and thirty by him,
43 Hanan, son åt Ma’aka, og Josafat, mitniten,
Hanan son of Maachah, and Joshaphat the Mithnite,
44 Uzzia frå Astera, Sama og Je’uel, søner åt Hotam, aroeriten,
Uzzia the Ashterathite, Shama and Jehiel sons of Hothan the Aroerite,
45 Jediael, son åt Simri, og Joha, bror hans, tisiten,
Jediael son of Shimri, and his brother Joha the Tizite,
46 Eliel Hammahavim og Jeribai og Josavja, søner åt Elna’am, og Jitma, moabiten,
Eliel the Mahavite, and Jeribai, and Joshaviah, sons of Elnaam, and Ithmah the Moabite,
47 Eliel, Obed og Ja’asiel Hammesobaja.
Eliel, and Obed, and Jaasiel the Mesobaite.