< 1 Krønikebok 10 >

1 Og filistarane stridde mot Israel, og Israels-mennerne flydde for filistarane, og det vart liggjande mange falne på Gilboafjellet.
Now the Philistines fought against Israel; and the men of Israel fled from before the Philistines, and fell down slain in mount Gilboa.
2 Og filistarane sette etter Saul og sønerne hans, og då felte dei Jonatan og Abinadab og Malkisua, sønerne hans Saul.
And the Philistines followed hard after Saul, and after his sons; and the Philistines slew Jonathan, and Abinadab, and Malchi-shua, the sons of Saul.
3 Då dei no søkte hardt innåt Saul sjølv, og bogeskyttarane kom yver han, og han fekk ein støkk i seg for skyttarane.
And the battle prevailed against Saul, and the archers hit him, and he was wounded by the archers.
4 Og Saul sagde til våpnsveinen sin: «Drag ut sverdet ditt og stikk det igjenom meg, so ikkje desse u-umskorne skal koma og fara ille med meg!» Men våpnsveinen hans vilde ikkje; for han var ovleg rædd. Då tok Saul sjølv sverdet og stupte seg på det.
Then said Saul to his armor-bearer, Draw thy sword, and thrust me through therewith; lest these uncircumcised come and abuse me. But his armor-bearer would not; for he was greatly afraid. So Saul took a sword, and fell upon it.
5 Men då våpnsveinen såg at Saul var dåen, stupte han seg og på sitt sverd og døydde.
And when his armor-bearer saw that Saul was dead, he fell likewise on the sword, and died.
6 So døydde då Saul og dei tri sønerne hans; og dei som høyrde til hans hus, døydde alle i ein gong.
So Saul died, and his three sons, and all his house died together.
7 Då so alle dei Israels-mennerne som var i dalen, såg at dei hadde flytt, og at Saul og sønerne hans var falne, so for dei frå byarne sine og rømde undan, og so kom filistarane og slo seg ned i deim.
And when all the men of Israel that [were] in the valley saw that they fled, and that Saul and his sons were dead, then they forsook their cities, and fled: and the Philistines came and dwelt in them.
8 Andre dagen kom filistarane og skulde plundra liki, og dei fann då Saul og sønerne hans liggjande på Gilboafjellet.
And it came to pass on the morrow, when the Philistines came to strip the slain, that they found Saul and his sons fallen in mount Gilboa.
9 Og dei plundra honom, og tok med seg hovudet og våpni hans og sende deim ikring i Filistarlandet, og kunngjorde gledebodet for avgudarne sine og for folket.
And when they had stripped him, they took his head, and his armor, and sent into the land of the Philistines around, to carry tidings to their idols, and to the people.
10 Og dei lagde våpni hans i gudshuset sitt; men hausen hans feste dei i Dagons-templet.
And they put his armor in the house of their gods, and fastened his head in the temple of Dagon.
11 Då heile Jabes i Gilead høyrde alt det som filistarane hadde gjort med Saul,
And when all Jabesh-gilead heard all that the Philistines had done to Saul,
12 drog dei av, alle våpnføre menner, og tok liket åt Saul og liket åt sønerne hans og førde deim til Jabes, og jorda beini deira under eiki i Jabes og heldt fasta i sju dagar.
They arose, all the valiant men, and took away the body of Saul, and the bodies of his sons, and brought them to Jabesh, and buried their bones under the oak in Jabesh, and fasted seven days.
13 So let Saul livet for sin utruskap mot Herren, med di han ikkje hadde fylgt Herrens ord, og like eins for di han hadde spurt ei som mana fram draugar og søkt råd hjå henne.
So Saul died for his transgression which he committed against the LORD, [even] against the word of the LORD, which he kept not, and also for asking [counsel] of [one that had] a familiar spirit, to inquire [of it];
14 Han hadde ikkje søkt råd hjå Herren; difor let Herren honom døy, og sidan let han David Isaison få kongedømet.
And inquired not of the LORD: therefore he slew him, and turned the kingdom to David the son of Jesse.

< 1 Krønikebok 10 >