< Jeremias 34 >
1 Dette er det ord som kom til Jeremias fra Herren mens Babels konge Nebukadnesar stred mot Jerusalem og alle dets byer, han og hele hans hær og alle jordens riker som stod under hans herredømme, og alle folkeslagene:
Det ordet som kom til Jeremia frå Herren då Nebukadnessar, Babel-kongen, og heile heren hans og alle riki på jordi som han rådde yver, og alle folkeslagi stridde imot Jerusalem og i mot alle hennar byar; han sagde:
2 Så sier Herren, Israels Gud: Gå og tal til Judas konge Sedekias og si til ham: Så sier Herren: Se, jeg gir denne by i Babels konges hånd, og han skal brenne den op med ild.
So segjer Herren, Israels Gud: Gakk og tala til Sidkia, Juda-kongen, og seg med honom: So segjer Herren: Sjå, eg gjev denne byen i henderne på Babel-kongen, og han skal brenna honom upp i eld.
3 Og du selv skal ikke undkomme av hans hånd, men du skal gripes og gis i hans hånd, og dine øine skal se Babels konges øine, og hans munn skal tale med din munn, og til Babel skal du komme.
Og du, du skal ikkje sleppa undan honom, men teken skal du verta, og du skal verta gjeven i hans hand, og augo dine skal sjå Babel-kongens augo, og hans munn skal tala med din munn, og til Babel skal du koma.
4 Men hør Herrens ord, Sedekias, Judas konge! Så sier Herren om dig: Du skal ikke dø for sverd.
Men høyr på Herrens ord, Sidkia, Juda-konge! So segjer Herren um deg: Du skal ikkje døy for sverd.
5 I fred skal du dø, og likesom de brente bål til ære for dine fedre, de forrige konger, de som var før dig, således skal de også brenne for dig, og de skal holde sørgehøitid over dig og rope: Ve, herre! For et ord har jeg talt, sier Herren.
I fred skal du døy, og likeins som det var likferd-brenning for federne dine, dei fyrre kongarne, dei som hev vore fyre deg, so skal dei og brenna for deg, og dei skal øya seg for deg: «Å, herre!» for det ordet hev eg tala, segjer Herren.
6 Og profeten Jeremias talte alle disse ord til Judas konge Sedekias i Jerusalem
Og profeten Jeremia tala til Sidkia, Juda-kongen, alle desse ordi i Jerusalem
7 mens Babels konges hær stred mot Jerusalem og mot alle Judas byer som ennu var igjen, Lakis og Aseka; for det var de faste byer som ennu var igjen av Judas byer.
då heren åt Babel-kongen stridde imot Jerusalem og imot alle Juda-byarne som endå var att, imot Lakis og Azeka; for desse var dei faste byarne som då var att av Juda-byarne.
8 Dette er det ord som kom til Jeremias fra Herren efterat kong Sedekias hadde gjort en pakt med alt folket i Jerusalem om å rope ut frihet,
Det ordet som kom til Jeremia frå Herren etter kong Sidkia hadde gjort ei semja med alt folket i Jerusalem um å lysa ut fridom,
9 så at enhver skulde gi sin træl og sin trælkvinne fri, om de var hebreere, så ikke nogen skulde holde sin jødiske bror i trældom.
at kvar mann skulde gjeva trælen sin og trælkvinna si fri, um dei var hebræarar, so ingen jøde skulde halda sin jødiske bror i trældom.
10 Da adlød alle høvdingene og alt folket som hadde inngått den pakt at enhver skulde gi sin træl og sin trælkvinne fri og ikke mere holde dem i trældom; de adlød og gav dem fri.
Då lydde alle hovdingarne og alt folket som hadde gjort den semja, at kvar mann skulde gjeva trælen sin og trælkvinna si frie, so dei ikkje lenger heldt deim i trældom; dei lydde og gav deim frie.
11 Men siden gjorde de det om igjen; de tok tilbake de træler og trælkvinner som de hadde gitt fri, og tvang dem til å være træler og trælkvinner igjen.
Men sidan gjorde dei det um-att og tok tilbake dei trælar og trælkvinnor som dei hadde slept frie, og truga deim til å vera trælar og trælkvinnor.
12 Da kom Herrens ord til Jeremias - Herren sa:
Då kom Herrens ord til Jeremia frå Herren; han sagde:
13 Så sier Herren, Israels Gud: Jeg oprettet en pakt med eders fedre den dag da jeg førte dem ut av Egyptens land, av trælehuset, og jeg sa:
So segjer Herren, Israels Gud: Eg gjorde ei pakt med federne dykkar den dagen eg førde dei ut or Egyptarlandet, or trælehuset, og sagde:
14 I det syvende år skal I gi fri hver sin bror som har solgt sig til dig, om han er hebreer; han skal tjene dig i seks år, og så skal du la ham gå fri fra dig. Men eders fedre hørte ikke på mig og vendte ikke sitt øre til.
«Når sju år er lidne, skal de gjeva kvar sin bror fri, um han er hebræar, som hev selt seg til deg. I seks år skal han tena deg, men sidan skal du lata honom fri frå deg fara. Men federne dykkar høyrde ikkje på meg og lagde ikkje øyra sitt til.
15 Men nu hadde I snudd om og gjort det som er rett i mine øine, ved å rope ut frihet, hver for sin næste, og I oprettet en pakt for mitt åsyn i det hus som er kalt med mitt navn.
Men no hadde de snutt og gjort det som rett var i mine augo, med di de hadde lyst ut fridom, kvar og ein for bror sin, og de hadde gjort ei semja framfor mi åsyn i det huset som er uppkalla etter mitt namn.
16 Men så snudde I om igjen og vanhelliget mitt navn og tok tilbake hver sin træl og hver sin trælkvinne, som I hadde gitt fri så de kunde råde sig selv, og I tvang dem til å være eders træler og trælkvinner igjen.
Men so snudde de um-att og vanhelga namnet mitt og tok tilbake kvar sin træl og kvar si trælkvinna som de hadde slept frie til å fara kvar dei vilde, og de truga deim til å vera trælar og trælkvende åt dykk.
17 Derfor sier Herren så: I har ikke hørt på mig og ropt ut frihet, hver for sin bror og hver for sin næste; se, jeg roper ut frihet for eder, sier Herren, så I overgis til sverdet, pesten og hungeren, og jeg lar eder bli mishandlet av alle jordens riker.
Difor, so segjer Herren: De hev ikkje høyrt på meg og ropa ut fridom, kvar og ein for sin bror og sin næste; sjå, eg ropar ut fridom for dykk, segjer Herren, so de vert gjevne åt sverdet, åt sotti og åt svolten, og eg vil gjera dykk til ei skræma for alle riki på jordi,
18 Og jeg gir de menn som overtrådte min pakt, som ikke holdt ordene i den pakt som de oprettet for mitt åsyn, da de skar pakts-kalven i to stykker og så gikk mellem stykkene av den,
og eg gjev dei menner som braut pakti mi, som ikkje heldt ordi i den pakti dei gjorde framfor mi åsyn, pakti ved den kalven som dei skar i tvo og gjekk millom luterne av,
19 Judas høvdinger og Jerusalems høvdinger, hoffmennene og prestene og alt landets folk, som gikk mellem stykkene av kalven,
- hovdingarne i Juda og hovdingarne i Jerusalem, hirdmennerne og prestarne og all landslyden som gjekk millom luterne av kalven -
20 jeg gir dem i deres fienders hånd og i deres hånd som står dem efter livet, og deres døde kropper skal være til føde for himmelens fugler og for jordens dyr.
eg gjev deim i henderne på fiendarne deira og i henderne på deim som ligg deim etter livet, og liki deira skal verta til mat åt fuglarne under himmelen og dyri på jordi.
21 Og Judas konge Sedekias og hans høvdinger vil jeg gi i deres fienders hånd og i deres hånd som står dem efter livet, og i hendene på Babels konges hær, som nu har draget bort fra eder.
Og Sidkia, Juda-kongen, og hovdingarne hans gjev eg i henderne på deira fiendar og i henderne på deim som ligg deim etter livet, og i henderne på Babel-kongens her, som no er faren burt frå dykk.
22 Se, jeg byder, sier Herren, at de skal vende tilbake til denne by, og de skal stride mot den og innta den og brenne den op med ild, og Judas byer vil jeg gjøre til en ørken, der ingen bor.
Sjå, eg gjev deim det påbodet, segjer Herren, at dei skal snu tilbake til denne byen, og dei skal strida imot honom og taka honom og brenna honom upp i eld. Og byarne i Juda gjer eg til ei audn, der ingen bur.»