< Jeremias 10 >
1 Hør det ord Herren har talt til eder, Israels hus!
Høyr det ord som Herren talar til dykk, Israels hus!
2 Så sier Herren: Venn eder ikke til hedningenes vei, og reddes ikke for himmelens tegn, fordi hedningene reddes for dem!
So segjer Herren: Ven dykk ikkje til vegen åt heidningfolki, og ræddast ikkje himmelteikni, endå um heidningarne ræddast deim.
3 For folkenes skikker er tomhet. De feller et tre i skogen, og treskjæreren lager det til med øksen;
For dei seder folkeslagi hev, er fåfengd; for dei høgg eit tre i skogen, og treskjeraren lagar det til med øksi,
4 med sølv og gull pryder de det; med spiker og hammer fester de det, så det ikke skal falle.
med sylv og med gull pryder han det, med naglar og hamar fester han det, so det ikkje skal stupa.
5 Som en dreiet søile er de ting som blir laget, og de kan ikke tale; bæres må de; for de kan ikke gå! Frykt ikke for dem! For de kan ikke gjøre ondt, og å gjøre godt står heller ikke i deres makt.
Dei er som ei svarva trelurk, og kann ikkje tala. Ein lyt bera deim, for dei kann ikkje ganga. Ikkje ottast deim! for dei kann ikkje skada, og å ganga hev dei heller ikkje magt til.
6 Det er ingen som du, Herre! Stor er du, og stort er ditt navn ved ditt velde.
Ingen er din like, Herre! Du er stor, og namnet ditt er stort i velde.
7 Hvem skulde ikke frykte dig, du folkenes konge! Dig tilkommer det; for blandt alle folkenes vismenn og i alle deres riker er det ingen som du.
Kven skulde ikkje ottast deg, du folkekonge! For det sømer deg, for millom alle vise hjå folki og i heile deira rike er ingen din like.
8 Men alle sammen er de ufornuftige, de er dårer. En tom lære! Tre er det,
For alle saman er uvituge og vitlause; ei fåfengleg læra! Tre er det,
9 uthamret sølv innført fra Tarsis og gull fra Ufas, et verk av treskjærerens og av gullsmedens hender; blått og rødt purpur er deres klædning, et verk av kunstforstandige menn er de alle sammen.
sylvplator, førde frå Tarsis, gull frå Ufaz, eit verk av ein treskjerar og av gullsmed-hender. Klædnaden deira er av blått og raudt purpur, eit verk av hage kunstmenner er dei alle.
10 Men Herren er Gud i sannhet, han er en levende Gud og en evig konge; for hans vrede bever jorden, og hedningefolkene kan ikke utholde hans harme.
Men Herren er Gud i sanning; han er ein livande Gud og ein æveleg konge. For hans vreide bivrar jordi, og folkeslagi herder ikkje å standa for hans harm.
11 Således skal I si til dem: De guder som ikke har gjort himmelen og jorden, de skal bli borte fra jorden og ikke finnes under himmelen.
So skal de segja med deim: Dei gudar som ikkje hev gjort himmel og jord, dei skal kverva burt frå jordi og under himmelen.
12 Han er den som skapte jorden ved sin kraft, som grunnfestet jorderike ved sin visdom og spente ut himmelen ved sin forstand.
Han hev gjort jordi med si kraft, skapt heimen med sin visdom og spana ut himmelen med sitt vit.
13 Ved sin torden lar han vannene i himmelen bruse, han lar dunster stige op fra jordens ende, sender lyn med regn og fører vind ut av sine forrådskammer.
Når han let røysti si ljoma, svarar dyn av vatn i himmelen, og han let skodda stiga upp frå enden av jordi, let eldingar laga regn, og sender vind ut or gøymslorne sine.
14 Hvert menneske blir ufornuftig, uten forstand, hver gullsmed har skam av det utskårne billede; for hans støpte billeder er løgn, og det er ingen ånd i dem.
Klumsa stend kvar ein mann og hev ikkje vit på det, skjemmast lyt kvar ein gullsmed av sitt bilæte; for dei støypte bilæti hans er berre lygn, det er ingi ånd i deim.
15 De er tomhet, et verk som vekker spott; på sin hjemsøkelses tid skal de gå til grunne.
Dei er berre fåfengd, eit verk til å hæda; den tid dei vert heimsøkte, er det ute med deim.
16 Ikke er han som er Jakobs del, lik dem; for han er den som har skapt alle ting, og Israel er den ætt som er hans arv; Herren, hærskarenes Gud, er hans navn.
Jakobs arvlut er ikkje deim lik, for det er han som hev skapt alt, og Israel er hans odelsætt. Herren, allhers drott, er namnet hans.
17 Sank ditt gods sammen fra landet, du som bor i kringsatte byer!
Sanka godset ditt utor landet, du lyd som sit umlægra!
18 For så sier Herren: Se, jeg vil slynge landets innbyggere bort denne gang, og jeg vil trenge dem så de skal kjenne det.
For so segjer Herren: Sjå, eg vil slengja burt deim som bur i landet denne gongen, og trengja deim so dei skal få kjenna det.
19 Ve mig for et slag jeg har fått! Mitt sår er ulægelig! Men jeg sier: Ja, dette er en plage, og jeg må bære den.
Eie meg, kor sundbroten eg er! Ulækjande er mitt sår. Men eg segjer: «Dette er då ei liding som eg lyt bera.»
20 Mitt telt er ødelagt, og alle mine snorer er slitt av; mine barn har gått bort fra mig og er ikke mere; det er ingen som slår op mitt telt mere eller henger op mine tepper.
Tjeldet mitt er øydelagt, og alle tjeldtogi mine er avslitne. Borni mine er frå meg farne og er ikkje lenger til, ingen er til som heretter kann reisa tjeldet mitt og festa upp tjelddukarne mine.
21 For hyrdene var uforstandige og søkte ikke Herren; derfor fór de ikke vist frem, og hele deres hjord blev adspredt.
For hyrdingarne var uvituge og søkte ikkje Herren. Difor for dei ikkje viseleg åt, og all hjordi deira vart spreidd.
22 Det lyder et budskap! Se, det kommer, og stort bulder fra landet i nord, og Judas byer skal gjøres til en ørken, til en bolig for sjakaler.
Høyr, ein ljom! sjå, det kjem, og ein stor dyn frå Norderlandet - for å gjera Juda-byarne til ei audn, til sjakal-bøle.
23 Jeg vet, Herre, at et menneske ikke selv råder for sin vei, at det ikke står til vandringsmannen å styre sin gang.
Eg veit, Herre, at menneskja ikkje sjølv råder for sin veg, og at gangande mann ikkje hev magt til å styra sine stig.
24 Tukt mig, Herre, men med måte, ikke i din vrede, forat du ikke skal gjøre mig liten og arm!
Refs meg, Herre, men med måte, ikkje i din vreide, so du ikkje skal gjera meg reint til inkjes.
25 Utøs din harme over hedningene, som ikke kjenner dig, og over de ætter som ikke påkaller ditt navn! For de har fortært Jakob, fortært ham og gjort ende på ham, og hans bolig har de lagt øde.
Renn harmen din ut yver heidningfolki som ikkje kjenner deg, og yver ætter som ikkje påkallar namnet ditt! For dei hev ete på Jakob, ja, ete honom upp og gjort ende på honom, og bustaden hans hev dei lagt i øyde.