< 1 Samuels 12 >

1 Da sa Samuel til hele Israel: Nu har jeg lydt eder i alt hvad I har sagt til mig, og satt en konge over eder.
Samuel sagde til heile Israel: «Sjå, eg hev lydt dykk i alt de hev kravt av meg. Eg hev sett ein konge yver dykk.
2 Sa har I nu kongen til fører for eder; men jeg er gammel og grå, så I nu har mine sønner iblandt eder. Jeg har vært fører for eder fra min ungdom like til denne dag.
No heretter vil kongen verta styraren dykkar. Eg er gamall og grå, og sønerne mine er hjå dykk. Frå ungdomsåri til i dag hev eg vore styraren dykkar.
3 Her står jeg! Vidne nu mot mig for Herren og for hans salvede: Er det nogen jeg har fratatt hans okse eller hans asen? Er det nogen jeg har gjort urett mot eller undertrykt? Er det nogen jeg har tatt imot gaver av, så jeg skulde lukke mine øine til for noget? Om så er, vil jeg gi eder vederlag for det.
Sjå her stend eg! Vitna no mot meg, so Herren og den han salva høyrer på: Hev eg teke ein ukse frå nokon? eller hev eg teke eit asen frå nokon? hev eg trælka nokon? eller trakka på nokon? hev eg teke mutor av nokon, so eg skulde sjå gjenom fingrarne med honom? So vil eg gjeva dykk vederlag.»
4 De svarte: Du har ikke gjort urett mot oss og ikke undertrykt oss og ikke tatt imot noget av nogen.
Dei svara: «Ikkje hev du trælka oss, og ikkje trakka på oss, og ingen ting hev du teke frå nokon mann.»
5 Da sa han til dem: Herren er vidne mot eder, og hans salvede er vidne på denne dag at I ikke har funnet noget hos mig. Folket svarte: Ja, han er vidne.
Då sagde han til deim: «So er Herren vitne mot dykk, og den han salva er vitne i dag, at de ingen ting hev funne å krevja hjå meg.» Dei svara ja.
6 Da sa Samuel til folket: Ja, Herren er vidne, han som lot Moses og Aron stå frem, og som førte eders fedre op fra Egyptens land.
Samuel sagde til folket: «Herren er vitne, han som vekte upp Moses og Aron, og som førde federne dykkar upp frå Egyptarland.
7 Kom nu frem her, så vil jeg gå i rette med eder for Herrens åsyn om alle Herrens rettferdige gjerninger som han har gjort mot eder og eders fedre.
Stig no fram! so vil eg gjera upp med dykk framfor Herren for alle Guds vise verk, som han hev gjort mot dykk og mot federne dykkar.
8 Da Jakob var kommet til Egypten, ropte eders fedre til Herren, og Herren sendte Moses og Aron, og de førte eders fedre ut av Egypten og lot dem bosette sig i dette land.
Då Jakob var komen til Egyptarland, ropa federne dykkar til Herren. Og Herren sende Moses og Aron og førde federne dykkar ut or Egyptarland og gav deim bustad her i landet.
9 Men de glemte Herren sin Gud, og han solgte dem i Siseras, Hasors hærførers hånd og i filistrenes hånd og i Moabs konges hånd; alle disse stred imot dem.
Men dei gløymde Herren, sin Gud, og han gav deim i henderne på Sisera, herhovdingen i Hasor, og i henderne på filistarane og på Moab-kongen; og dei gjekk i strid mot deim.
10 Da ropte de til Herren og sa: Vi har syndet! Vi har forlatt Herren og tjent Ba'alene og Astarte-billedene; men redd oss nu av våre fienders hånd, så vil vi tjene dig!
So ropa dei til Herren og sagde: «Me hev synda; for me hev svike Herren og tent Ba’als-bilæti og Astarte-bilæti; men frels oss no frå fiendarne våre, so vil me tena deg.»
11 Så sendte Herren Jerubba'al og Bedan og Jefta og Samuel og reddet eder av eders fienders hånd rundt omkring, så I kunde bo trygt.
So sende Herren Jerubba’al og Bedan og Jefta og Samuel, og frelste dykk frå fiendarne dykkar på alle kantar, so de fekk bu trygt.
12 Men da I så at Nahas, Ammons barns konge, kom imot eder, sa I til mig: Nei, en konge skal råde over oss - enda Herren eders Gud var eders konge.
Men då de såg Nahas, ammonitarkongen, kom yver dykk, so sagde de til meg: «Nei, ein konge vil me hava til styrar yver oss» - endå Herren, dykkar Gud, var kongen dykkar.
13 Her er nu kongen som I har valgt - som I har bedt om; Herren har satt en konge over eder.
Og no - her stend kongen som de hev kåra, den det hev kravt. Herren hev sett ein konge yver dykk.
14 Dersom I nu frykter Herren og tjener ham og lyder ham og ikke er gjenstridige mot Herrens ord, men følger Herren eders Gud, både I og kongen som råder over eder så skal Herren være med eder.
Berre de no vil bera age for Herren og tena honom og lyda honom, og ikkje setja dykk upp mot Herrens bod, men fylgja Herren, dykkar Gud, både de og kongen som hev vorte styraren dykkar!
15 Men dersom I ikke lyder Herren, men er gjenstridige mot Herrens ord, så skal Herrens hånd være mot eder som mot eders fedre.
Lyder de ikkje Herren, men set de dykk upp mot Herrens bod, då vil Herrens hand vera imot dykk liksom mot federne dykkar.
16 Kom da nu frem og se den store gjerning som Herren vil gjøre for eders øine!
Stig no fram og skoda dette store underet som Herren vil gjera beint framfor augo dykkar!
17 Er det ikke nu hvetehøstens tid? Jeg vil rope til Herren og han skal sende torden og regn. Kjenn da og se at eders ondskap er stor, den som I har gjort for Herrens øine ved å kreve en konge!
No er det tidi for kveiteskurden, veit det. Men eg vil ropa til Herren, at han sender tora og regn. Soleis skal de skyna og sjå kor stor ei synd det er i Herrens augo, det de gjorde då de kravde ein konge.»
18 Så ropte Samuel til Herren, og samme dag sendte Herren torden og regn; da blev alt folket grepet av stor frykt for Herren og for Samuel.
Samuel ropa til Herren. Og Herren sende torever og regn den dagen. Då fekk heile folket stor age for Herren og for Samuel.
19 Og alt folket sa til Samuel: Bed for dine tjenere til Herren din Gud, så vi ikke skal dø fordi vi til alle våre andre synder har lagt den misgjerning å kreve en konge!
Og heile folket sagde til Samuel: «Bed til Herren for tenarane dine, so me ikkje skal døy, for di me hev auka synderne våre med den misgjerningi at me kravde ein konge!»
20 Da sa Samuel til folket: Frykt ikke! I har gjort alt dette onde; men vik nu bare ikke fra Herren, men tjen Herren av hele eders hjerte!
Samuel sagde til folket: «Ver ikkje rædde! Visst hev de gjort alt dette vonde. Men fall berre ikkje frå Herren no! men ten Herren av all dykkar hug!
21 Vik ikke av! For da måtte I følge de tomme avguder, som ikke kan gagne og ikke redde, fordi de er bare tomhet.
Fall ikkje frå! for då kjem de til å fara etter tome avgudar, som ingen gagnar og ingen fagnar; tome er dei.
22 For Herren vil for sitt store navns skyld ikke forlate sitt folk, siden Herren har funnet for godt å gjøre eder til sitt folk.
Herren skal taka folket sitt til nåde, for sitt store namn skuld, etter di det tektest Herren å gjera dykk til sitt folk.
23 Men jeg - det være langt fra mig å synde mot Herren ved å holde op med å bede for eder; og jeg vil lære eder den gode og rette vei.
Og eg for meg: aldri i verdi vil eg synda mot Herren med å slutta å beda for dykk. Nei, eg vil læra dykk den gode og rette vegen.
24 Frykt bare Herren og tjen ham i sannhet, av hele eders hjerte! Se hvor store ting han har gjort for eder!
Berre de vil bera age for Herren og ten honom truleg av all dykkar hug! For sjå kor store ting han hev gjort for dykk!
25 Men gjør I det som ondt er, da skal både I og eders konge bli bortrykket.
Men gjer de det som vondt er, so er det ute både med dykk og kongen dykkar.»

< 1 Samuels 12 >