< UGenesisi 47 >
1 UJosefa wahamba wayatshela uFaro wathi, “Ubaba labafowethu, kanye lemihlambi yabo yezimvu lenkomo, kanye lakho konke abalakho sebefikile bevela elizweni laseKhenani, okwamanje sebeseGosheni.”
So kom Josef med bod um dette til Farao og sagde: «Far min og brørne mine hev kome hit frå Kana’ans-land med bufeet sitt, både smått og stort, og med alt det dei eig; og no er dei i Gosenland.»
2 Wakhetha abafowabo abahlanu wabethula kuFaro.
Og av alle brørne sine tok han ut fem mann, og leidde deim fram for Farao.
3 UFaro wababuza abafowabo laba wathi, “Umsebenzi wenu ngowani na?” Baphendula uFaro bathi, “Izinceku zakho zingabelusi, njengalokho ababeyikho okhokho bethu.”
Og Farao spurde brørne hans: «Kva hev de til liveveg?» Då sagde dei med Farao: «Tenarane dine er fehyrdingar, og det same var federne våre.
4 Babuya bathi kuye, “Size ukuzohlala lapha okwesikhathi esithile, ngoba indlala inkulu kakhulu eKhenani, njalo lemihlambi yezinceku zakho kayilamadlelo. Manje-ke sicela ukuthi uvumele izinceku zakho zakhe eGosheni.”
Me vilde gjerne halda til her i landet, » sagde dei til Farao; «for det finst ikkje beite for buskapen vår, av di det er eit svært uår i Kana’ans-land. Lat difor tenarane dine få bu i Gosenlandet!»
5 UFaro wathi kuJosefa, “Uyihlo labafowenu beze kuwe,
Då sagde Farao med Josef: «Far din og brørne dine hev kome hit til deg.
6 lelizwe laseGibhithe uyalibona; hlalisa uyihlo labafowenu endaweni enhle kakhulu yelizwe. Wothi bahlale eGosheni. Njalo nxa bekhona abanye babo abalolwazi oluqakathekileyo, kabakhangele imihlambi yami.”
Du hev heile Egyptarland fyre deg! Lat far din og brørne dine få bu i den beste luten av landet! Dei kann få bu i Gosenlandet. Og veit du um at det er dugande karar imillom deim, so set deim til rådsmenner yver bufeet mitt!»
7 Ngakho uJosefa waseletha uyise uJakhobe wamethula kuFaro. UJakhobe esembusisile uFaro,
Og Josef henta Jakob, far sin, og leidde honom fram for Farao. Og Jakob helsa Farao.
8 uFaro wambuza wathi, “Usumdala kangakanani na?”
Og Farao spurde Jakob: «Kor mange er dine livedagar og år?»
9 UJakhobe wathi kuFaro, “Iminyaka yokuhamba kwami ilikhulu lamatshumi amathathu. Iminyaka yami ibimilutshwana njalo ibinzima, njalo kayifiki iminyaka yokuhamba kwabokhokho bami.”
Då sagde Jakob med Farao: «Dei dagar og år eg hev ferdast på jordi, er hundrad og tretti år. Få og låke hev dei vore, mine livedagar og år, og ikkje hev dei nått so høgt som livedagarne og åri åt federne mine i den tidi dei ferdast på jordi.»
10 UJakhobe wasembusisa uFaro, uFaro wasesuka kuye.
Og Jakob velsigna Farao, og so bad han vel liva med Farao.
11 Ngakho uJosefa wasehlalisa uyise labafowabo eGibhithe, wabapha indawo enhle kulazo zonke elizweni, esiqintini saseRamesesi, njengokulaya kukaFaro.
Og Josef let far sin og brørne sine få seg bustader, og gav deim jord i Egyptarland, i den beste bygdi i landet, Ramseslandet, so som Farao hadde sagt honom fyre.
12 UJosefa waphinda wapha uyise labafowabo kanye lendlu yonke kayise ukudla, kusiya ngobunengi babantwababo.
Og Josef sytte for brød åt far sin og brørne sine og alt farsfolket sitt, og gav deim etter som dei hadde mange born til.
13 Kwakungelakudla elizweni lonke ngoba indlala yayibhahile; iGibhithe leKhenani womabili amazwe esevuthuzekile ngenxa yendlala.
Og det fanst ikkje brød på heile jordi. For naudi var ovleg stor, og både Egyptarlandet og Kana’ans-landet var reint avmagta av svolten.
14 UJosefa wayiqoqa yonke imali eyayitholakala eGibhithe laseKhenani eyayingeyokuthenga amabele, wayiletha esigodlweni sikaFaro.
Og Josef samla alle dei pengar som fanst i Egyptarland og i Kana’ans-land; han fekk deim for kornet han selde. Og Josef gøymde pengarne i huset åt Farao.
15 Kwathi imali yabantu baseGibhithe labaseKhenani isiphelile, abaseGibhithe bonke beza kuJosefa bathi, “Siphe ukudla. Singafelani kambe phambi kwamehlo akho? Imali yethu isiphelile.”
So traut pengarne både i Egyptarland og i Kana’ans-land. Då kom alle egyptarane til Josef og sagde: «Gjev oss brød! Skal me døy for augo dine, berre av di me ikkje hev fleire pengar?»
16 UJosefa wathi, “Lethani izifuyo zenu. Ngizalithengisela ukudla libhadale ngezifuyo zenu, njengoba imali yenu isiphelile.”
Og Josef sagde: «Kom med bufeet dykkar, so skal eg gjeva dykk brød for bufeet, um de ikkje hev fleire pengar.»
17 Ngakho basebeletha izifuyo zabo kuJosefa, wabapha ukudla bebhadala ngamabhiza abo, lezimvu kanye lembuzi zabo, lenkomo kanye labobabhemi babo. Wabaphutshisa lowomnyaka ngokudla bekubhadala ngezifuyo zabo.
So kom dei til Josef med bufeet sitt, og Josef gav deim brød for hestarne og for sauerne og nauti som dei hadde, og for asni; og han heldt deim med brød det året for alt bufeet deira.
18 Lowomnyaka usuphelile, beza kuye ngomnyaka olandelayo bathi, “Ngeke sayifihlela inkosi yethu ukuthi njengoba imali yethu isiphelile, ikanti lezifuyo zethu ngezakho, kakusekho okusayisalele inkosi yethu ngaphandle kwemizimba yethu leziqinti zethu kuphela.
So leid det året, og året etter kom dei til honom og sagde med honom: «Me vil ikkje dylja for deg, herre, at pengarne hev trote, og buskapen vår hev du fenge. Me hev ikkje anna att å bjoda deg enn kroppen og jordi vår.
19 Kambe sesingaze sife nje usikhangele, thina kanye lelizwe lethu lalo? Sithenge kanye lelizwe lethu usiphe ukudla, kuzakuthi thina kanye lelizwe lethu sibe sebugqilini kuFaro. Siphe inhlanyelo ukuze siphile, singafi, njalo ukuze ilizwe lingabi yinkangala.”
Kvi skal me tynast for augo dine, både me og jordi vår? Kjøp du oss og gardarne våre for brød, so skal me med gardarne våre vera trælar under Farao. Lat oss berre få såkorn, so me kann halda livet og ikkje døy burt, og so gardarne ikkje skal øydast.»
20 Ngakho-ke uJosefa waselithengela uFaro lonke ilizwe laseGibhithe. AmaGibhithe wonke athengisa amasimu awo ngoba indlala yayisiwabhahele okubi. Ilizwe laselisiba ngelikaFaro,
So kjøpte Josef all jord i Egyptarland til Farao; for egyptarane selde mannjamt jordvegarne sine, av di svolten tvinga deim; og Farao vart eigande all jord i landet.
21 uJosefa wasebagqilaza abantu, kusukela ngapha kwelizwe laseGibhithe kusiya ngale kwalo.
Og han let folket byta bustad grend for grend i heile Egyptarland, frå ende til annan.
22 Kodwa kayithenganga indawo yabaphristi, ngoba babephiwa isabelo nguFaro, yikho babelakho ukudla okwaneleyo kusuka kuFaro. Yikho bengawuthengisanga owabo umhlaba.
Berre prestegardarne kjøpte han ikkje. For prestarne hadde ei viss innkoma av Farao og livde av det som Farao hadde etla deim. Difor selde dei ikkje gardarne sine.
23 UJosefa wathi ebantwini, “Njengoba sengilithengile lina lomhlaba wenu lamuhla ukuba libe ngabakaFaro, nansi inhlanyelo ukuze lihlanyele emhlabathini.
Og Josef sagde til folket: «Sjå no hev eg kjøpt både dykk og jordi dykkar til Farao. Her hev de såkorn: så no åkrarne!
24 Kodwa nxa amabele eseqoqwa phanini okobuhlanu bawo kuFaro. Ezinye izingxenye ezine kwezinhlanu lizigcinele inhlanyelo yamasimu njalo kube yikudla kwenu, lemizi yenu kanye labantwabenu.”
Men av det de haustar, skal de gjeva femteparten til Farao, og dei fire partarne skal de hava til å så åkrarne med, og til mat for dykk sjølve og deim som er i husi hjå dykk, og til mat for borni dykkar.»
25 Bathi, “Uzisindisile impilo zethu. Sengathi singathola umusa enkosini yethu; sizakuba yizigqili kuFaro.”
Då sagde dei: «Du hev berga livet vårt. Vil berre du vera god mot oss, so vil me gjerne vera trælar under Farao.»
26 Kunjalo uJosefa wakumisa kwaba ngumthetho eGibhithe mayelana lomhlaba, okulokhu kulandelwa lalamuhla, ukuthi ingxenye eyodwa kokuhlanu ngekaFaro. Kwakungumhlaba wabaphristi kuphela ongazange ube ngokaFaro.
So sette Josef ei lov, som er gjeldande den dag i dag, at all jord i Egyptarland skulde svara femteparten av avlen i skatt til Farao. Berre prestejordi kom ikkje under Farao.
27 Ngalesosikhathi abako-Israyeli bazinza eGibhithe esigodini saseGosheni. Bazuza izifuyo ezinengi khona njalo bazalana kakhulu banda ngobunengi.
Israel vart buande i Egyptarland, i Gosenlandet, og dei fekk seg eigedomar der, og voks og auka seg uhorveleg.
28 UJakhobe wahlala eGibhithe okweminyaka elitshumi lesikhombisa, iminyaka yokuphila kwakhe yaba likhulu lamatshumi amane lesikhombisa.
Og Jakob livde syttan år i Egyptarland, og dagarne hans Jakob, liveåri hans, vart hundrad og sju og fyrti år.
29 Kwathi isikhathi sesisondele ukuba u-Israyeli afe, wabiza indodana yakhe uJosefa wathi kuyo, “Uba ngifumene umusa kuwe, beka isandla sakho ngaphansi kwethangazi lami uthembise ukuthi uzangenzela umusa lokuthembeka. Ungangingcwabi eGibhithe,
Då det leid med Israel, og han venta på enden, sende han bod etter Josef, son sin, og sagde med honom: «Kjære deg, held du aldri so lite av meg, so legg handi di i fanget mitt, og lova meg at du vil vera snild og trugen med meg og ikkje jorda meg i Egyptarland.
30 kodwa nxa sengiphumule labokhokho bami, ungithwale ngisuke eGibhithe uyongimbela lapho abalele khona.” Wathi, “Ngizakwenza njengoba usitsho.”
Lat meg få kvila hjå federne mine! Før meg burt frå Egyptarland, og jorda meg i gravi deira!» Og han svara: «Eg skal gjera som du segjer.»
31 Wathi, “Funga kimi.” Ngakho uJosefa wafunga kuye, u-Israyeli wasekhothamela emakhanda ombheda wakhe.
Då sagde Israel: «Gjer eiden på det!» So gjorde han eiden på det. Og Israel lutte seg ned yver hovudgjerdi og bad.