< Zaccharias Propheta 2 >

1 et levavi oculos meos et vidi et ecce vir et in manu eius funiculus mensorum
Og eg lyfte upp augo mine og fekk sjå ein mann med ei mælesnor i handi.
2 et dixi quo tu vadis et dixit ad me ut metiar Hierusalem et videam quanta sit latitudo eius et quanta longitudo eius
Då spurde eg: «Kvar gjeng du?» Han svara: «Eg skal mæla Jerusalem og sjå kor breidt og kor langt det skal verta.»
3 et ecce angelus qui loquebatur in me egrediebatur et angelus alius egrediebatur in occursum eius
Då kom han fram den engelen som tala med meg, og ein annan engel kom imot honom.
4 et dixit ad eum curre loquere ad puerum istum dicens absque muro habitabitur Hierusalem prae multitudine hominum et iumentorum in medio eius
Og han sagde til honom: «Spring og seg til denne unge mannen: «Fritt og ope skal Jerusalem liggja; slik ei mengd med folk og fe skal finnast der.
5 et ego ero ei ait Dominus murus ignis in circuitu et in gloria ero in medio eius
Men eg skal sjølv vera ein eldmur rundt ikring, segjer Herren, og eg skal syna meg herleg der inne.»»
6 o o fugite de terra aquilonis dicit Dominus quoniam in quattuor ventos caeli dispersi vos dicit Dominus
Ai, ai! Skunda dykk burt frå Norderlandet, segjer Herren; for eg hev då spreidt dykk for alle heimsens fire vindar, segjer Herren.
7 o Sion fuge quae habitas apud filiam Babylonis
Ai! Sion! Røm undan, du som bur hjå dotteri Babel.
8 quia haec dicit Dominus exercituum post gloriam misit me ad gentes quae spoliaverunt vos qui enim tetigerit vos tangit pupillam oculi eius
For so segjer Herren, drott: For sin herlegdom skuld hev Herren sendt meg til heidningfolki som plundra dykk; for den som rører dykk, rører ved augnesteinen hans.
9 quia ecce ego levo manum meam super eos et erunt praedae his qui serviebant sibi et cognoscetis quia Dominus exercituum misit me
Sjå, eg lyfter handi mi mot deim, og dei skal verta til herfang for trælarne sine, og de skal få kjenna at Herren, allhers drott, hev sendt meg.
10 lauda et laetare filia Sion quia ecce ego venio et habitabo in medio tui ait Dominus
Ropa høgt av frygd og gleda, du dotter Sion! For sjå, eg kjem og vil bu hjå deg, segjer Herren.
11 et adplicabuntur gentes multae ad Dominum in die illa et erunt mihi in populum et habitabo in medio tui et scies quia Dominus exercituum misit me ad te
Og mange heidningfolk skal venda seg til Herren på den dagen og verta mitt folk; ja, eg vil bu hjå deg, og du skal få kjenna at Herren, allhers drott, hev sendt meg til deg.
12 et possidebit Dominus Iudam partem suam in terra sanctificata et eliget adhuc Hierusalem
Og til sin eigedom og arvlut skal Herren taka Juda i det heilage landet og endå ein gong velja ut Jerusalem.
13 sileat omnis caro a facie Domini quia consurrexit de habitaculo sancto suo
Ver stilt, alt kjøt, for Herren! For han hev rise upp og gjenge ut or sin heilage bustad.

< Zaccharias Propheta 2 >