< Ruth 2 >

1 erat autem vir Helimelech consanguineus homo potens et magnarum opum nomine Booz
Det var ein frende åt mannen til No’omi, ein rik mann av ætti hans Elimelek; han heitte Boaz.
2 dixitque Ruth Moabitis ad socrum suam si iubes vadam in agrum et colligam spicas quae metentium fugerint manus ubicumque clementis in me patris familias repperero gratiam cui illa respondit vade filia mi
Og moabitkvinna Rut sagde til No’omi: «Lat meg ganga ut på åkeren og plukka aks etter einkvan som syner seg venleg mot meg!» Ho svara: «Ja, gjer det, du dotter mi!»
3 abiit itaque et colligebat spicas post terga metentium accidit autem ut ager ille haberet dominum Booz qui erat de cognatione Helimelech
So gjekk ho då av stad og kom til ein åker og plukka aks der etter skurdfolket, og det høvde seg so til at åkerstykket høyrde Boaz til, han som var av ætti hans Elimelek.
4 et ecce ipse veniebat de Bethleem dixitque messoribus Dominus vobiscum qui responderunt ei benedicat tibi Dominus
Og Boaz kom nett då dit frå Betlehem, og han sagde til skurdfolket: «Herren vere med dykk!» Dei svara honom: «Herren velsigne deg!»
5 dixitque Booz iuveni qui messoribus praeerat cuius est haec puella
Og Boaz spurde den drengen som hadde tilsyn med skurdfolket: «Kven høyrer ho til denne unge kvinna?»
6 qui respondit haec est Moabitis quae venit cum Noemi de regione moabitide
Drengen som hadde tilsyn med skurdfolket, svara og sagde: «Det er ei moabitkvinna, ho som fylgde med No’omi hit frå Moablandet.
7 et rogavit ut spicas colligeret remanentes sequens messorum vestigia et de mane usque nunc stat in agro et ne ad momentum quidem domum reversa est
Ho spurde um ho kunde få plukka og henta i hop aks millom kornbandi etter skurdfolket, og so kom ho, og hev halde på sidan i dag tidleg alt til no og ikkje kvilt det slag.»
8 et ait Booz ad Ruth audi filia ne vadas ad colligendum in alterum agrum nec recedas ab hoc loco sed iungere puellis meis
Då sagde Boaz til Rut: «Høyr, dotter mi! Du skal ikkje ganga stad og plukka aks på nokon annan åker; gakk ikkje her ifrå heller, men haldt deg åt tenestgjentorne mine her!
9 et ubi messuerint sequere mandavi enim pueris meis ut nemo tibi molestus sit sed etiam si sitieris vade ad sarcinulas et bibe aquas de quibus et pueri bibunt
Ansa etter kvar skurdfolket arbeider på åkeren, og gakk etter deim! Eg hev sagt åt drengjerne at dei ikkje skal gjera deg noko vondt. Og um du vert tyrst, so gakk burt åt kjeri og drikk av det vatnet drengjerne hentar!»
10 quae cadens in faciem suam et adorans super terram dixit ad eum unde mihi hoc ut invenirem gratiam ante oculos tuos et nosse me dignareris peregrinam mulierem
Då kasta ho seg ned med andlitet mot jordi og sagde til honom: «Kvifor hev eg funne slik nåde for augo dine, at du tek deg av meg som er framand?»
11 cui ille respondit nuntiata sunt mihi omnia quae feceris socrui tuae post mortem viri tui et quod dereliqueris parentes tuos et terram in qua nata es et veneris ad populum quem ante nesciebas
Boaz svara og sagde til henne: «Dei hev fortalt meg kva du hev gjort mot vermor di, etterat mannen din var avliden, korleis du hev forlate far din og mor di og fedrelandet ditt og fare til eit folk som du fyrr ikkje kjende.
12 reddat tibi Dominus pro opere tuo et plenam mercedem recipias a Domino Deo Israhel ad quem venisti et sub cuius confugisti alas
Herren løne deg for det du hev gjort, ja måtte du få fullt vederlag av Herren, Israels Gud, han som du hev kome til, for å finna livd under vengjerne hans!»
13 quae ait inveni gratiam ante oculos tuos domine mi qui consolatus es me et locutus es ad cor ancillae tuae quae non sum similis unius puellarum tuarum
Ho sagde: «So må eg då finna nåde for augo dine, herre; etter di du hev trøysta meg og tala venleg med tenestgjenta di, endå eg ikkje ein gong er so mykje som ei av tenestgjentorne dine.»
14 dixitque ad eam Booz quando hora vescendi fuerit veni huc et comede panem et intingue buccellam tuam in aceto sedit itaque ad messorum latus et congessit pulentam sibi comeditque et saturata est et tulit reliquias
Då det leid til måls, sagde Boaz til henne: «Kom hit og et av brødet, og stikk brødstykket ditt ned i vinen!» Då sette ho seg attmed skurdfolket, og han lagde fram åt henne brunsteikte aks, og ho åt og vart mett, og hadde endå att.
15 atque inde surrexit ut spicas ex more colligeret praecepit autem Booz pueris suis dicens etiam si vobiscum metere voluerit ne prohibeatis eam
Då ho stod upp og skulde plukka aks, sagde Boaz til drengjerne sine: «Lat henne og plukka aks millom kornbandi, og gjer henne ikkje noko til mein!
16 et de vestris quoque manipulis proicite de industria et remanere permittite ut absque rubore colligat et colligentem nemo corripiat
Ja, de kann gjerne draga ut strå or bandi og lata deim liggja, so ho fær plukka deim upp, og ingen skal vera vond på henne for det.»
17 collegit ergo in agro usque ad vesperam et quae collegerat virga caedens et excutiens invenit hordei quasi oephi mensuram id est tres modios
So plukka ho aks på åkeren alt til kvelds. Og då ho banka or det ho hadde plukka, vart det på lag ein skjeppa bygg.
18 quos portans reversa est in civitatem et ostendit socrui suae insuper protulit et dedit ei de reliquiis cibi sui quo saturata fuerat
Og ho tok byrdi si og gjekk inn i byen, og vermor hennar fekk sjå kva ho hadde plukka. So tok ho fram og gav henne det som vart att då ho hadde ete seg mett.
19 dixitque ei socrus ubi hodie collegisti et ubi fecisti opus sit benedictus qui misertus est tui indicavitque ei apud quem esset operata et nomen dixit viri quod Booz vocaretur
Då sagde vermor hennar til henne: «Kvar hev du plukka aks i dag, og kvar hev du arbeidt? Velsigna vere han som hev hjelpt deg til det!» So fortalde ho vermor si kven ho hadde arbeidt hjå, og sagde: «Den mannen som eg hev arbeidt hjå i dag, heiter Boaz.»
20 cui respondit Noemi benedictus sit a Domino quoniam eandem gratiam quam praebuerat vivis servavit et mortuis rursumque propinquus ait noster est homo
Då sagde No’omi til sonekona si: «Herren velsigne honom, for di han gjer miskunn både mot deim som liver og dei avlidne!» Og No’omi sagde til henne: «Denne mannen er av frendarne våre, ein av løysingsmennerne våre.»
21 et Ruth hoc quoque inquit praecepit mihi ut tamdiu messoribus eius iungerer donec omnes segetes meterentur
Moabitkvinna Rut sagde: «Han sagde og til meg: Haldt deg åt drengjerne mine til dei hev gjort frå seg all skurden min!»
22 cui dixit socrus melius est filia mi ut cum puellis eius exeas ad metendum ne in alieno agro quispiam resistat tibi
Då sagde No’omi til Rut, sonekona si: «Ja, det er best, dotter mi, at du gjeng med tenestgjentorne hans; so dei ikkje skal gjera deg noko vondt på ein annan åker.»
23 iuncta est itaque puellis Booz et tamdiu cum eis messuit donec hordea et triticum in horreis conderentur
So heldt ho seg åt tenestgjentorne hans Boaz og plukka aks der til dei vart ferdige både med bygg- og kveiteskurden. Men ho budde hjå vermor si.

< Ruth 2 >