< Psalmorum 85 >

1 in finem filiis Core psalmus benedixisti Domine terram tuam avertisti captivitatem Iacob
Til songmeisteren; av Korahs born, ein salme. Herre, du hev vore nådig mot landet ditt, du hev gjort vending i Jakobs fangeskap.
2 remisisti iniquitates plebis tuae operuisti omnia peccata eorum diapsalma
Du hev teke burt ditt folks skuld, du hev breidt yver alle deira synder. (Sela)
3 mitigasti omnem iram tuam avertisti ab ira indignationis tuae
Du hev teke burt all din harm, du hev vendt deg frå din brennande vreide.
4 converte nos Deus salutum nostrarum et averte iram tuam a nobis
Vend um til oss, vår Frelse-Gud, og gjer ende på din uvilje imot oss!
5 numquid in aeternum irasceris nobis aut extendes iram tuam a generatione in generationem
Vil du æveleg vera vreid på oss? Vil du lata din vreide vara frå ætt til ætt?
6 Deus tu conversus vivificabis nos et plebs tua laetabitur in te
Vil ikkje du gjera oss livande att, so ditt folk kann gleda seg i deg?
7 ostende nobis Domine misericordiam tuam et salutare tuum da nobis
Herre, lat oss sjå di miskunn, og gjev oss di frelsa!
8 audiam quid loquatur in me Dominus Deus quoniam loquetur pacem in plebem suam et super sanctos suos et in eos qui convertuntur ad cor
Eg vil høyra kva Gud Herren talar, for han talar fred til sitt folk og til sine trugne - berre dei ikkje vender um att til dårskap.
9 verumtamen prope timentes eum salutare ipsius ut inhabitet gloria in terra nostra
Ja, hans frelsa er nær deim som ottast honom, so herlegdom skal bu i vårt land.
10 misericordia et veritas obviaverunt sibi iustitia et pax osculatae sunt
Miskunn og truskap skal møta kvarandre, rettferd og fred kyssa kvarandre.
11 veritas de terra orta est et iustitia de caelo prospexit
Truskap skal renna upp av jordi, og rettferd skoda ned frå himmelen.
12 etenim Dominus dabit benignitatem et terra nostra dabit fructum suum
Herren skal og gjeva det som gode, og vårt land skal gjeva si grøda.
13 iustitia ante eum ambulabit et ponet in via gressus suos
Rettferd skal ganga fyre honom og gjera hans fotspor til sin veg.

< Psalmorum 85 >