< Psalmorum 20 >
1 in finem psalmus David exaudiat te Dominus in die tribulationis protegat te nomen Dei Iacob
Til songmeisteren; ein salme av David. Herren bønhøyre deg på trengselsdagen, namnet åt Jakobs Gud berge deg!
2 mittat tibi auxilium de sancto et de Sion tueatur te
Gjev han må senda deg hjelp frå heilagdomen og stydja deg frå Sion!
3 memor sit omnis sacrificii tui et holocaustum tuum pingue fiat diapsalma
Gjev han må minnast alle dine grjonoffer og finna ditt brennoffer godt! (Sela)
4 tribuat tibi secundum cor tuum et omne consilium tuum confirmet
Han gjeve deg etter ditt hjarta og fullføre alle dine råder!
5 laetabimur in salutari tuo et in nomine Dei nostri magnificabimur
Me vil fagna oss ved di frelsa og i vår Guds namn lyfta sigermerket. Herren uppfylle alle dine bøner!
6 impleat Dominus omnes petitiones tuas nunc cognovi quoniam salvum fecit Dominus christum suum exaudiet illum de caelo sancto suo in potentatibus salus dexterae eius
No veit eg at Herren frelser den han salva; han svarar honom frå sin heilage himmel med frelsande storverk av si høgre hand.
7 hii in curribus et hii in equis nos autem in nomine Domini Dei nostri invocabimus
Desse prisar vogner, og hine prisar hestar, men me prisar namnet åt Herren, vår Gud.
8 ipsi obligati sunt et ceciderunt nos vero surreximus et erecti sumus
Dei sig i kne og fell, men me stend og held oss uppe.
9 Domine salvum fac regem et exaudi nos in die qua invocaverimus te
Herre, frels kongen! Han svare oss den dag me ropar!