< Psalmorum 146 >
1 alleluia Aggei et Zacchariae
Halleluja! Mi sjæl, lova Herren!
2 lauda anima mea Dominum laudabo Dominum in vita mea psallam Deo meo quamdiu fuero nolite confidere in principibus
Eg vil lova Herren so lenge eg liver, syngja lov for min Gud medan eg er til.
3 in filiis hominum quibus non est salus
Set ikkje lit til hovdingar, til ein menneskjeson som ikkje kann hjelpa.
4 exibit spiritus eius et revertetur in terram suam in illa die peribunt omnes cogitationes eorum
Fer hans ande ut, so vender han attende til si jord, den dagen er det ute med hans tankar.
5 beatus cuius Deus Iacob adiutor eius spes eius in Domino Deo ipsius
Sæl er den som hev Jakobs Gud til hjelp, som vonar på Herren, sin Gud!
6 qui fecit caelum et terram mare et omnia quae in eis
han som hev skapa himmel og jord, havet og alt som i deim er, han som er trufast til æveleg tid,
7 qui custodit veritatem in saeculum facit iudicium iniuriam patientibus dat escam esurientibus Dominus solvit conpeditos
han som gjev dei nedtyngde rett, han som gjev dei hungrige brød. Herren løyser dei bundne.
8 Dominus inluminat caecos Dominus erigit adlisos Dominus diligit iustos
Herren opnar augo på dei blinde, Herren reiser dei nedbøygde, Herren elskar dei rettferdige,
9 Dominus custodit advenas pupillum et viduam suscipiet et viam peccatorum disperdet
Herren varar dei framande, farlause og enkjor held han uppe, men han villar vegen for dei ugudlege.
10 regnabit Dominus in saecula Deus tuus Sion in generationem et generationem
Herren skal vera konge æveleg, din Gud, Sion, frå ætt til ætt. Halleluja!