< Leviticus 4 >

1 locutusque est Dominus ad Mosen dicens
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
2 loquere filiis Israhel anima cum peccaverit per ignorantiam et de universis mandatis Domini quae praecepit ut non fierent quippiam fecerit
«Tala til Israels-folket og seg: «Når nokon uviljande syndar mot eit av Herrens bod og gjer noko som han hev forbode å gjera, so høyr:
3 si sacerdos qui est unctus peccaverit delinquere faciens populum offeret pro peccato suo vitulum inmaculatum Domino
Er det den salva presten som syndar og fører skuld yver folket, so skal han til bot for den syndi han hev gjort koma til Herren med ein ung ukse som ikkje hev lyte; det skal vera syndofferet hans.
4 et adducet illum ad ostium tabernaculi testimonii coram Domino ponetque manum super caput eius et immolabit eum Domino
Han skal leida uksen fram for Herrens åsyn, til døri åt møtetjeldet, og han skal leggja handi på hovudet åt uksen, og han skal slagta uksen for Herrens åsyn.
5 hauriet quoque de sanguine vituli inferens illud in tabernaculum testimonii
So skal han, den salva presten, taka noko av ukseblodet og bera det inn i møtetjeldet.
6 cumque intinxerit digitum in sanguinem asperget eo septies coram Domino contra velum sanctuarii
Og han, presten, skal duppa fingeren i blodet, og han skal skvetta av blodet sju gonger for Herrens åsyn, framanfor det heilage forhenget.
7 ponetque de eodem sanguine super cornua altaris thymiamatis gratissimi Domino quod est in tabernaculo testimonii omnem autem reliquum sanguinem fundet in basim altaris holocausti in introitu tabernaculi
Noko av blodet skal han strjuka på horni åt altaret med den angande røykjelsen, det som stend framfor Herrens åsyn i møtetjeldet, og det som er att av ukseblodet, skal han hella ut tett innmed foten på brennofferaltaret, som stend framanfor døri til møtetjeldet.
8 et adipem vituli auferet pro peccato tam eum qui operit vitalia quam omnia quae intrinsecus sunt
Alt feittet som er på syndofferuksen, skal han taka utor honom, både netja og alt feittet som er på innvolen
9 duos renunculos et reticulum quod est super eos iuxta ilia et adipem iecoris cum renunculis
og båe nyro med talgi som er på deim og rekk burtåt låri, og den store livreflaga - den skal han skjera utor i hop med nyro -
10 sicut aufertur de vitulo hostiae pacificorum et adolebit ea super altare holocausti
alt dette skal han taka ut, like eins som på takkofferuksen, og so skal han brenna det på brennofferaltaret, so røyken stig upp mot himmelen.
11 pellem vero et omnes carnes cum capite et pedibus et intestinis et fimo
Men hudi av uksen og alt kjøtet, med hovudet og føterne og innvolen og myki,
12 et reliquo corpore efferet extra castra in locum mundum ubi cineres effundi solent incendetque ea super lignorum struem quae in loco effusorum cinerum cremabuntur
heile uksen, skal han føra ut or lægret, til ein rein stad, der dei slær ut oska, og brenna det upp med ved; der som oska vert slegi ut, der skal dei brenna det.
13 quod si omnis turba Israhel ignoraverit et per inperitiam fecerit quod contra mandatum Domini est
Hev heile Israels-lyden misfare seg, hev folket seg uvitande gjort noko av det som Herren hev forbode å gjera, og ført skuld yver seg,
14 et postea intellexerit peccatum suum offeret vitulum pro peccato adducetque eum ad ostium tabernaculi
og det sidan vert kunnigt kva dei hev synda i, so skal folket koma med ein ung ukse til syndoffer. Den skal dei leida fram åt møtetjeldet,
15 et ponent seniores populi manus super caput eius coram Domino immolatoque vitulo in conspectu Domini
og dei eldste av lyden skal leggja henderne på hovudet åt uksen for Herrens åsyn, og so skal uksen slagtast for Herrens åsyn.
16 inferet sacerdos qui unctus est de sanguine eius in tabernaculum testimonii
Den salva presten skal bera noko av ukseblodet inn i møtetjeldet,
17 tincto digito aspergens septies contra velum
og han, presten, skal duppa fingeren i blodet, og skvetta sju gonger for Herrens åsyn, framanfor forhenget.
18 ponetque de eodem sanguine in cornibus altaris quod est coram Domino in tabernaculo testimonii reliquum autem sanguinem fundet iuxta basim altaris holocaustorum quod est in ostio tabernaculi testimonii
Noko av blodet skal han strjuka på horni åt det altaret som stend framfor Herrens åsyn i møtetjeldet, og det som er att av blodet, skal han hella ut tett innmed foten på brennofferaltaret, som stend framanfor døri til møtetjeldet.
19 omnemque eius adipem tollet et adolebit super altare
Alt feittet skal han taka utor uksen, og brenna det på altaret, so røyken stig upp mot himmelen.
20 sic faciens et de hoc vitulo quomodo fecit et prius et rogante pro eis sacerdote propitius erit Dominus
Som han gjorde med hin syndofferuksen, so skal han gjera med denne og. Når presten soleis hev bore fram soningsoffer for deim, skal dei få tilgjeving.
21 ipsum autem vitulum efferet extra castra atque conburet sicut et priorem vitulum quia pro peccato est multitudinis
Sidan skal dei føra uksen utanfor lægret, og brenna honom, liksom dei brende den fyrste uksen. Dette er syndofferet for folket.
22 si peccaverit princeps et fecerit unum e pluribus per ignorantiam quod Domini lege prohibetur
Når ein hovding misfer seg og uviljande gjer noko av det som Herren, hans Gud, hev forbode å gjera, og soleis fører skuld yver seg,
23 et postea intellexerit peccatum suum offeret hostiam Domino hircum de capris inmaculatum
og det vert kunnigt for honom kva han hev synda i, so skal han koma med ei offergåva, og det skal vera ein geitebukk, ein som ikkje hev lyte.
24 ponetque manum suam super caput eius cumque immolaverit eum in loco ubi solet mactari holocaustum coram Domino quia pro peccato est
Han skal leggja handi på hovudet åt bukken, og slagta honom på same staden som dei slagtar brennofferet for Herrens åsyn; då er det eit syndoffer.
25 tinguet sacerdos digitum in sanguine hostiae pro peccato tangens cornua altaris holocausti et reliquum fundens ad basim eius
Presten skal taka noko av offerblodet på fingeren, og strjuka det på horni åt brennofferaltaret, og det som er att av blodet, skal han hella ut tett innmed foten på brennofferaltaret.
26 adipem vero adolebit supra sicut in victimis pacificorum fieri solet rogabitque pro eo et pro peccato eius ac dimittetur ei
Og alt feittet skal han brenna på altaret liksom han gjorde med feittet av takkofferet. Når presten soleis hev bore fram soningsoffer for honom og gjort honom rein for syndi, skal han få tilgjeving.
27 quod si peccaverit anima per ignorantiam de populo terrae ut faciat quicquam ex his quae Domini lege prohibentur atque delinquat
Er det ein ålmugemann som uviljande syndar mot eit av Herrens bod og gjer noko som han ikkje skulde gjera, so han fører skuld yver seg,
28 et cognoverit peccatum suum offeret capram inmaculatam
og det vert kunnigt for honom kva han hev synda i, so skal han til bot for den syndi han hev gjort, koma med ei offergåva, og det skal vera ei geit, ei som ikkje hev lyte.
29 ponetque manum super caput hostiae quae pro peccato est et immolabit eam in loco holocausti
Han skal leggja handi på hovudet åt syndofferdyret, og han skal slagta syndofferdyret på brennofferstaden.
30 tolletque sacerdos de sanguine in digito suo et tangens cornua altaris holocausti reliquum fundet ad basim eius
Og presten skal taka noko av blodet på fingeren, og strjuka det på horni åt brennofferaltaret, og det som er att av blodet, skal han hella ut tett innmed altarfoten.
31 omnem autem auferens adipem sicut auferri solet de victimis pacificorum adolebit super altare in odorem suavitatis Domino rogabitque pro eo et dimittetur ei
Alt feittet skal han taka utor, liksom dei tek ut feittet på takkofferet, og presten skal leggja det på altaret og brenna det til godange for Herren. Når presten soleis hev gjort soning for honom, skal han få tilgjeving.
32 sin autem de pecoribus obtulerit victimam pro peccato ovem scilicet inmaculatam
Vil han heller taka ein sau til syndoffer, so skal han koma med ei søya som ikkje hev lyte.
33 ponet manum super caput eius et immolabit eam in loco ubi solent holocaustorum caedi hostiae
Han skal leggja handi på hovudet åt offerdyret, og so skal han slagta det til syndoffer på same staden som dei slagtar brennofferet.
34 sumetque sacerdos de sanguine eius digito suo et tangens cornua altaris holocausti reliquum fundet ad basim eius
Og presten skal taka noko av syndofferblodet på fingeren, og strjuka det på horni åt brennofferaltaret, og det som er att av blodet, skal han hella ut tett innmed altarfoten.
35 omnem quoque auferens adipem sicut auferri solet adeps arietis qui immolatur pro pacificis et cremabit super altare in incensum Domini rogabitque pro eo et pro peccato eius et dimittetur illi
Alt feittet skal han taka utor, liksom dei gjer med takkoffersauen, og presten skal brenna det på altaret saman med offerretterne åt Herren. Når presten soleis hev bore fram soningsoffer for den syndi han hev gjort, skal han få tilgjeving.

< Leviticus 4 >