< Iudicum 6 >
1 fecerunt autem filii Israhel malum in conspectu Domini qui tradidit eos in manu Madian septem annis
Men Israels-sønerne gjorde det som var Herren imot. Då gav han deim i Midjans hender.
2 et oppressi sunt valde ab eis feceruntque sibi antra et speluncas in montibus et munitissima ad repugnandum loca
I sju år hadde midjanitarne yvermagti yver Israel; det var for deira skuld Israels-sønerne gjorde seg dei løyndeholi som er i åsarne, og hellerarne og fjellborgerne.
3 cumque sevisset Israhel ascendebat Madian et Amalech et ceteri orientalium nationum
Kvar gong Israel hadde sått, kom Midjan yver deim, og like eins Amalek og austmennerne;
4 et apud eos figentes tentoria sicut erant in herbis cuncta vastabant usque ad introitum Gazae nihilque omnino ad vitam pertinens relinquebant in Israhel non oves non boves non asinos
dei lægra seg midt imot deim og øydde grøda i landet radt burtåt Gaza, og leivde ikkje ein matbite i Israel, og ingen sau, eller ukse, eller asen.
5 ipsi enim et universi greges eorum veniebant cum tabernaculis et instar lucustarum universa conplebant innumera multitudo hominum et camelorum quicquid tetigerant devastantes
For dei kom dragande med buskapen og tjeldbuderne sine, so tett som grashoppar; det var’kje tal på deim og kamelarne deira, og kvar dei for fram, lagde dei landet i øyde.
6 humiliatusque est Israhel valde in conspectu Madian
Israel vart reint utarma av herjingarne deira, og Israels-sønerne ropa til Herren.
7 et clamavit ad Dominum postulans auxilium contra Madianitas
Då Israels-sønerne ropa til Herren for Midjans skuld,
8 qui misit ad eos virum prophetam et locutus est haec dicit Dominus Deus Israhel ego vos feci conscendere de Aegypto et eduxi de domo servitutis
då sende Herren ein profet til deim, og han sagde: «So segjer Herren, Israels Gud: «Eg førde dykk upp frå Egyptarland, og henta dykk ut or slavehuset,
9 et liberavi de manu Aegyptiorum et omnium inimicorum qui adfligebant vos eiecique eos ad introitum vestrum et tradidi vobis terram eorum
og fria dykk frå egyptarane og frå alle deim som for ille med dykk; eg jaga deim burt for dykk, og gav dykk landet deira;
10 et dixi ego Dominus Deus vester ne timeatis deos Amorreorum in quorum terra habitatis et noluistis audire vocem meam
og eg sagde til dykk: «Eg er Herren, dykkar Gud; de skal ikkje ottast gudarne åt amoritarne, som åtte det landet de bur i!» Men de høyrde ikkje på ordi mine.»»
11 venit autem angelus Domini et sedit sub quercu quae erat in Ephra et pertinebat ad Ioas patrem familiae Ezri cumque Gedeon filius eius excuteret atque purgaret frumenta in torculari ut fugeret Madian
Og Herrens engel kom og sette seg under den eiki som stend i Ofra, der Joas av Abiezer-ætti rådde. Gideon, son åt Joas, stod då i vinpersa og banka utor noko kveite, so han kunde få berga det for midjanitarne.
12 apparuit ei et ait Dominus tecum virorum fortissime
Og Herrens engel synte seg for honom, og sagde til honom: «Herren er med deg, du djerve kjempa!»
13 dixitque ei Gedeon obsecro Domine si Dominus nobiscum est cur adprehenderunt nos haec omnia ubi sunt mirabilia eius quae narraverunt patres nostri atque dixerunt de Aegypto eduxit nos Dominus nunc autem dereliquit nos et tradidit in manibus Madian
«Orsaka, gode herre!» svara Gideon, «ser Herren med oss, kvi hev då alt dette hendt oss, og kvar er no alle undergjerningarne hans, som federne våre fortalde oss um? «Det var Herren som førde dei ut or Egyptarland!» sagde dei. Men no hev Herren skuva oss ifrå seg, og gjeve oss i Midjans vald.»
14 respexitque ad eum Dominus et ait vade in hac fortitudine tua et liberabis Israhel de manu Madian scito quod miserim te
Då snudde Herren seg til honom, og sagde: «Gakk i veg so sterk som du er, so skal du berga Israel or Midjans vald. Det er eg som sender deg!»
15 qui respondens ait obsecro Domine mi in quo liberabo Israhel ecce familia mea infima est in Manasse et ego minimus in domo patris mei
«Orsaka, Herre!» svara Gideon. «Korleis kann eg berga Israel? Ætti mi er då den veikaste i Manasse, og sjølv er eg den yngste av folket mitt.»
16 dixitque ei Dominus ego ero tecum et percuties Madian quasi unum virum
«Eg skal vera med deg, » sagde Herren, «og du skal slå midjanitarne ned som ein mann.»
17 et ille si inveni inquit gratiam coram te da mihi signum quod tu sis qui loquaris ad me
Då sagde Gideon: «Hev du noko godvilje for meg, so gjev meg eit merke på at det er du som talar med meg!
18 ne recedas hinc donec revertar ad te portans sacrificium et offerens tibi qui respondit ego praestolabor adventum tuum
kjære, flyt deg ikkje herifrå fyrr eg kjem ut til deg med gåva mi og legg henne fram for deg!» Og han svara: «Eg skal bia til du kjem att.»
19 ingressus est itaque Gedeon et coxit hedum et de farinae modio azymos panes carnesque ponens in canistro et ius carnium mittens in ollam tulit omnia sub quercum et obtulit ei
So gjekk Gideon inn, og stelte til eit kid, og tok ei skjeppa mjøl og lagde søtebrød av. Kjøtet lagde han i gryta, og sodet hadde han i ei krukka. So bar han det ut til honom under eiki og sette det fram.
20 cui dixit angelus Domini tolle carnes et panes azymos et pone super petram illam et ius desuper funde cumque fecisset ita
Då sagde Guds engel til honom: «Tak kjøtet og søtebrødet, og legg det på dette berget, og slå sodet utyver!» So gjorde han det.
21 extendit angelus Domini summitatem virgae quam tenebat in manu et tetigit carnes et azymos panes ascenditque ignis de petra et carnes azymosque consumpsit angelus autem Domini evanuit ex oculis eius
Og Herrens engel rette fram staven som han hadde i handi, og stakk burti kjøtet og søtebrødet. Då slo det eld upp or berget, og øydde kjøtet og brødet, og Herrens engel kvarv burt for augo hans.
22 vidensque Gedeon quod esset angelus Domini ait heu mihi Domine Deus quia vidi angelum Domini facie ad faciem
Då Gideon såg at det var Herrens engel, ropa han: «Å Herre min Gud! Korleis skal det ganga meg, som hev set Herrens engel andlit til andlit!»
23 dixitque ei Dominus pax tecum ne timeas non morieris
Men Herren sagde til honom: «Ver trygg! Ver ikkje rædd! Du skal ikkje døy.»
24 aedificavit ergo ibi Gedeon altare Domino vocavitque illud Domini pax usque in praesentem diem cum adhuc esset in Ephra quae est familiae Ezri
Då bygde Gideon der eit altar for Herren, og kalla det: «Herren er mi trygd.» Det altaret stend endå i dag i Ofra, bygdi åt Abiezer-ætti.
25 nocte illa dixit Dominus ad eum tolle taurum patris tui et alterum taurum annorum septem destruesque aram Baal quae est patris tui et nemus quod circa aram est succide
Um natti sagde Herren til Gideon: «Tak stuten åt far din, den raude, sjuårsgamle stuten, og riv ned Ba’als-altaret åt far din, og fell det heilage treet som stend innmed det!
26 et aedificabis altare Domino Deo tuo in summitate petrae huius super quam sacrificium ante posuisti tollesque taurum secundum et offeres holocaustum super lignorum struem quae de nemore succideris
Legg steinarne til rettes, og bygg av deim eit altar for Herren, din Gud, øvst uppå denne borgi! Tak so den raude stuten, og brenn honom til eit offer med veden av det treet som du skal hogga ned!»
27 adsumptis igitur Gedeon decem viris de servis suis fecit sicut praeceperat Dominus timens autem domum patris sui et homines illius civitatis per diem facere noluit sed omnia nocte conplevit
Då tok Gideon ti av sveinarne sine med seg, og gjorde som Herren hadde sagt til honom; men han torde ikkje gjera det um dagen; han var rædd ætti si og bygdefolket; difor gjorde han det um natti.
28 cumque surrexissent viri oppidi eius mane viderunt destructam aram Baal lucumque succisum et taurum alterum inpositum super altare quod tunc aedificatum erat
Då mennerne i bygdi reis upp um morgonen, fekk dei sjå at Ba’als-altaret var nedrive, og at det heilage treet som stod der, var felt, og at den raude stuten var ofra på det nybygde altaret.
29 dixeruntque ad invicem quis hoc fecit cumque perquirerent auctorem facti dictum est Gedeon filius Ioas fecit haec omnia
Då sagde dei seg imillom: «Kven kann ha gjort dette?» Og då dei spurde og granska etter, fekk dei vita at det var Gideon Joasson som hadde gjort det.
30 et dixerunt ad Ioas produc filium tuum ut moriatur quia destruxit aram Baal et succidit nemus
So sagde dei til Joas: «Send son din ut til oss! Han skal døy, for di han hev rive ned Ba’als-altaret, og for di han hev felt det heilage treet som stod innmed det!»
31 quibus ille respondit numquid ultores estis Baal et pugnatis pro eo qui adversarius eius est moriatur antequam lux crastina veniat si deus est vindicet se de eo qui suffodit aram eius
Men Joas sagde til alle deim som stod kringum honom: «Vil de tala Ba’als sak? Vil de hjelpa honom? Den som gjer seg til hans talsmann, skal lata livet fyrr det vert morgon. Er han Gud, so lat honom sjølv greida si sak og taka hemn yver den som hev rive ned altaret hans!»
32 ex illo die vocatus est Gedeon Hierobbaal eo quod dixisset Ioas ulciscatur se de eo Baal qui suffodit altare eius
Den dagen fekk Gideon namnet Jerubba’al, av di dei sagde: «Lat Ba’al hemna seg på honom for di han hev rive ned altaret hans!»
33 igitur omnis Madian et Amalech et orientales populi congregati sunt simul et transeuntes Iordanem castrametati sunt in valle Iezrahel
No hadde alle midjanitarne og amalekitarne og austmennerne samla seg i hop, og dei for yver Jordan, og lægra seg på Jizre’elsletta.
34 spiritus autem Domini induit Gedeon qui clangens bucina convocavit domum Abiezer ut sequeretur
Då kom Herrens Ande yver Gideon; han bles i luren, og Abiezer-ætti flokka seg um honom.
35 misitque nuntios in universum Manassen qui et ipse secutus est eum et alios nuntios in Aser et Zabulon et Nepthalim qui occurrerunt ei
So sende han bod ut i heile Manassefylket, og dei samla seg og, og fylgde honom. Og til Asser og Sebulon og Naftali sende han bod; og dei for til møtes med Manasse-mennerne.
36 dixitque Gedeon ad Dominum si salvum facis per manum meam Israhel sicut locutus es
Og Gideon sagde til Gud: «Er det so at du vil frelsa Israel ved mi hand, som du hev sagt,
37 ponam vellus hoc lanae in area si ros in solo vellere fuerit et in omni terra siccitas sciam quod per manum meam sicut locutus es liberabis Israhel
so høyr meg: No legg eg dette sauskinnet på tråkki; kjem det so dogg berre på skinnet, og heile marki er turr, då veit eg at du vil berga Israel ved mi hand, som du hev sagt.»
38 factumque est ita et de nocte consurgens expresso vellere concam rore conplevit
Og soleis vart det. For då han andre morgonen reis upp og klemde i hop skinnet, vreid han utor det so mykje dogg at det vart ei heil skål full med vatn.
39 dixitque rursus ad Dominum ne irascatur furor tuus contra me si adhuc semel temptavero signum quaerens in vellere oro ut solum vellus siccum sit et omnis terra rore madens
Då sagde Gideon til Gud: «Ver ikkje vond på meg, um eg talar endå ein gong! Eg vilde so gjerne få gjera ei prøve til med skinnet! Kjære, lat skinnet vera turt, med heile marki er dogga!»
40 fecitque Dominus nocte illa ut postulaverat et fuit siccitas in solo vellere et ros in omni terra
Og natti etter gjorde Gud som han bad! Skinnet heldt seg turt, men heile marki var dogga.