< Jeremiæ 8 >
1 in tempore illo ait Dominus eicient ossa regis Iuda et ossa principum eius et ossa sacerdotum et ossa prophetarum et ossa eorum qui habitaverunt Hierusalem de sepulchris suis
I den tidi, segjer Herren, skal dei taka beini åt Juda-kongarne og beini åt hovdingarne og beini åt prestarne og beini åt profetarne og beini åt Jerusalems-buarne ut or graverne deira,
2 et pandent ea ad solem et lunam et omnem militiam caeli quae dilexerunt et quibus servierunt et post quae ambulaverunt et quae quaesierunt et adoraverunt non colligentur et non sepelientur in sterquilinium super faciem terrae erunt
og breida deim ut for soli og for månen og heile himmelheren, som dei elska og tente, og som dei for etter, og som dei søkte, og som dei tilbad. Dei vert ikkje samla og ikkje gravlagde; til møk utyver marki skal dei verta.
3 et eligent magis mortem quam vitam omnes qui residui fuerint de cognatione hac pessima in universis locis quae derelicta sunt ad quae eieci eos dicit Dominus exercituum
Og all leivningen som vert leivd av denne vonde ætti, på alle stader der dei leivde, der som eg driv deim burt, skal velja dauden heller enn livet, segjer Herren, allhers drott.
4 et dices ad eos haec dicit Dominus numquid qui cadet non resurget et qui aversus est non revertetur
Og du skal segja med deim: So segjer Herren: Dett ein og stend ikkje upp att? eller gjeng ein burt og snur ikkje um att?
5 quare ergo aversus est populus iste in Hierusalem aversione contentiosa adprehenderunt mendacium et noluerunt reverti
Kvi hev då denne Jerusalems-lyden falle frå med eit ævelegt fråfall? Dei held fast på sitt svik og vil ikkje snu um att.
6 adtendi et auscultavi nemo quod bonum est loquitur nullus est qui agat paenitentiam super peccato suo dicens quid feci omnes conversi sunt ad cursum suum quasi equus impetu vadens in proelio
Eg gav gaum og lydde: dei talar det som ikkje er rett, det finst ikkje den mann som angrar sin vondskap og segjer: «Kva hev eg gjort!» Alle saman hev dei snutt seg burt i laupet, likeins som ein hest som renner av stad i strid.
7 milvus in caelo cognovit tempus suum turtur et hirundo et ciconia custodierunt tempus adventus sui populus autem meus non cognovit iudicium Domini
Jamvel storken under himmelen veit sine tider, og turtelduva og svala og trana ansar på tidi når dei skal koma, men mitt folk kjenner ikkje Herrens rett.
8 quomodo dicitis sapientes nos sumus et lex Domini nobiscum est vere mendacium operatus est stilus mendax scribarum
Korleis kann de segja: «Me er Sise, og Herrens lov er hjå oss?» vanneleg, sjå, lygn-pennen åt dei skriftlærde hev gjort henne til lygn.
9 confusi sunt sapientes perterriti et capti sunt verbum enim Domini proiecerunt et sapientia nulla est in eis
Dei vise vert til skammar, dei vert tekne av ræddhug og rådløysa. Sjå, Herrens ord hev dei vanda; kvar skulde dei då hava visdom ifrå?
10 propterea dabo mulieres eorum exteris agros eorum heredibus quia a minimo usque ad maximum omnes avaritiam sequuntur a propheta usque ad sacerdotem cuncti faciunt mendacium
Difor vil eg gjeva konorne deira til andre, jorderne deira åt landvinnarar. For både små og store, alle saman søkjer dei låk vinning, både profet og prest, alle saman fer dei med svik.
11 et sanabant contritionem filiae populi mei ad ignominiam dicentes pax pax cum non esset pax
Og dei fer lettvint åt med å lækja skaden åt dotteri, folket mitt, med di dei segjer: «Fred, fred!» endå det ingen fred er.
12 confusi sunt quia abominationem fecerunt quinimmo confusione non sunt confusi et erubescere nescierunt idcirco cadent inter corruentes in tempore visitationis suae corruent dicit Dominus
Dei skal standa til skammar, for dei hev gjort skjemdarverk. Dei korkje skjemmest eller veit kva det er å blygjast. Difor skal dei falla med deim som fell; i si heimsøkjingstid skal dei snåva, segjer Herren.
13 congregans congregabo eos ait Dominus non est uva in vitibus et non sunt ficus in ficulnea folium defluxit et dedi eis quae praetergressa sunt
Eg vil gjera av med deim, segjer Herren. Det bid ikkje druvor på vintreet og ikkje fikor på fiketreet, og lauvet er visna. Og eg sender deim slike som skal koma yver deim.
14 quare sedemus convenite et ingrediamur civitatem munitam et sileamus ibi quia Dominus noster silere nos fecit et potum dedit nobis aquam fellis peccavimus enim Domino
Kvifor sit me i ro? Samla dykk og lat oss ganga inn i dei faste byarne og tynast der! for Herren, vår Gud, vil lata oss tynast og gjeva oss eitervatn å drikka, av di me hev synda imot Herren.
15 expectavimus pacem et non erat bonum tempus medellae et ecce formido
Me ventar på fred, men det kjem ikkje noko godt, på ei tid med lækjedom, og sjå - fælske.
16 a Dan auditus est fremitus equorum eius a voce hinnituum pugnatorum eius commota est omnis terra et venerunt et devoraverunt terram et plenitudinem eius urbem et habitatores eius
Frå Dan høyrer ein frøsing av øykjerne hans, og for kneggjingi av dei spræke hestarne hans skjelv alt landet. Og dei kjem og et upp landet og det som i det er, byen og deim som i honom bur.
17 quia ecce ego mittam vobis serpentes regulos quibus non est incantatio et mordebunt vos ait Dominus
For sjå, eg sender imot dykk ormar, basiliskar, som ikkje let seg mana burt, og dei skal bita dykk, segjer Herren.
18 dolor meus super dolorem in me cor meum maerens
Å, kva kan hugsvala meg i sorgi! Hjarta er sjukt i meg.
19 ecce vox clamoris filiae populi mei de terra longinqua numquid Dominus non est in Sion aut rex eius non est in ea quare ergo me ad iracundiam concitaverunt in sculptilibus suis et in vanitatibus alienis
Sjå, naudropi frå dotteri, folket mitt, ljomar frå eit land langt burte: «Er då ikkje Herren i Sion? eller er ikkje kongen hennar der?» - Kvi hev dei harma meg med gudebilæti sine, med fåfenglege framande gudar?
20 transiit messis finita est aestas et nos salvati non sumus
Skurdonni er lidi, fruktonni er ende, men me er ikkje frelste.
21 super contritionem filiae populi mei contritus sum et contristatus stupor obtinuit me
Eg er tynt for tjonet på dotteri, folket mitt, eg gjeng i syrgjeklæde, fæla hev teke meg.
22 numquid resina non est in Galaad aut medicus non est ibi quare igitur non est obducta cicatrix filiae populi mei
Finst det då ikkje balsam i Gilead, eller bid det ingen lækjar der? Eller kvi hev ikkje dotteri, folket mitt, fenge bendsel på?