< Jeremiæ 21 >

1 verbum quod factum est ad Hieremiam a Domino quando misit ad eum rex Sedecias Phassur filium Melchiae et Sophoniam filium Maasiae sacerdotem dicens
Det ordet som kom til Jeremia frå Herren, då kong Sidkia sende honom Pashur Malkiason og presten Sefanja Ma’asejason og let segja:
2 interroga pro nobis Dominum quia Nabuchodonosor rex Babylonis proeliatur adversum nos si forte faciat Dominus nobiscum secundum omnia mirabilia sua et recedat a nobis
«Spør Herren for oss, for Nebukadressar, Babel-kongen, strider mot oss. Kann henda Herren kunde gjera med oss etter alle sine underverk, so han fer burt ifrå oss.»
3 et dixit Hieremias ad eos sic dicetis Sedeciae
Då sagde Jeremia med deim: So skal de segja med Sidkia:
4 haec dicit Dominus Deus Israhel ecce ego convertam vasa belli quae in manibus vestris sunt et quibus vos pugnatis adversum regem Babylonis et Chaldeos qui obsident vos in circuitu murorum et congregabo ea in medio civitatis huius
So segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg snur attende dei stridsvåpn som er i henderne dykkar, og som de strider med utanfor muren mot Babel-kongen og kaldæarane, som kringset dykk, og eg vil samla deim midt i denne byen.
5 et debellabo ego vos in manu extenta et brachio forti et in furore et in indignatione et in ira grandi
Og eg vil sjølv strida mot dykk med utrett hand og med sterk arm og med vreide og med harm og med stor gram.
6 et percutiam habitatores civitatis huius homines et bestiae pestilentia magna morientur
Og eg vil slå deim som bur i denne byen, både folk og fe; i ei stor sott skal dei døy.
7 et post haec ait Dominus dabo Sedeciam regem Iuda et servos eius et populum eius et qui derelicti sunt in civitate hac a peste et gladio et fame in manu Nabuchodonosor regis Babylonis et in manu inimicorum eorum et in manu quaerentium animam eorum et percutiet eos in ore gladii et non movebitur neque parcet nec miserebitur
Og sidan, segjer Herren, vil eg gjeva Sidkia, Juda-kongen, og tenarane hans og folket og deim som er leivde i denne byen etter sotti, sverdet og svolten, i henderne på Nebukadressar, Babel-kongen, og i henderne på fiendarne deira og i henderne på deim som ligg deim etter livet. Og han skal slå deim med sverd-egg, han skal ikkje miskunna deim og ikkje vårkunna og ikkje tykkja synd i deim.
8 et ad populum hunc dices haec dicit Dominus ecce ego do coram vobis viam vitae et viam mortis
Og til dette folket skal du segja: So segjer Herren: Sjå, eg legg fram for dykk vegen til livet og vegen til dauden:
9 qui habitaverit in urbe hac morietur gladio et fame et peste qui autem egressus fuerit et transfugerit ad Chaldeos qui obsident vos vivet et erit ei anima sua quasi spolium
Den som vert verande i denne byen, skal døy for sverd og av svolt og i sott, men den som gjeng ut og gjev seg til kaldæarane som kringset dykk, han skal liva, og han skal njota sitt liv til eit herfang.
10 posui enim faciem meam super civitatem hanc in malum et non in bonum ait Dominus in manu regis Babylonis dabitur et exuret eam igni
For eg hev sett mi åsyn imot denne byen til det vonde og ikkje til det gode, segjer Herren; i henderne på Babel-kongen vert han gjeven, og han skal brenna honom upp i eld.
11 et domui regis Iuda audite verbum Domini
Og med Juda-kongens hus skal du segja: Høyr Herrens ord,
12 domus David haec dicit Dominus iudicate mane iudicium et eruite vi oppressum de manu calumniantis ne forte egrediatur ut ignis indignatio mea et succendatur et non sit qui extinguat propter malitiam studiorum vestrorum
du Davids hus! So segjer Herren: Set retten kvar morgon, og berga utor valdsmanns hand den som er utplundra, so ikkje harmen min skal fara ut som eld, og brenna so ingen kann sløkkja! - for illgjerningarne dykkar.
13 ecce ego ad te habitatricem vallis solidae atque campestris ait Dominus qui dicitis quis percutiet nos et quis ingredietur domos nostras
Sjå, eg skal finna deg, du som bur i dalen, uppå berget på sletta, segjer Herren - de som segjer: «Kven kann koma ned yver oss, kven kann koma inn i bustaderne våre?»
14 et visitabo super vos iuxta fructum studiorum vestrorum dicit Dominus et succendam ignem in saltu eius et devorabit omnia in circuitu eius
Og eg vil heimsøkja dykk etter den frukti dykkar verk hev bore, segjer Herren, og setja eld i skogen deira, og han skal øyda alt der rundt ikring.

< Jeremiæ 21 >