< Isaiæ 37 >
1 et factum est cum audisset rex Ezechias scidit vestimenta sua et obvolutus est sacco et intravit in domum Domini
Då kong Hizkia høyrde det, reiv han sund klædi sine, og sveipte syrgjebunad kring seg og gjekk inn i Herrens hus.
2 et misit Eliachim qui erat super domum et Sobnam scribam et seniores de sacerdotibus opertos saccis ad Isaiam filium Amos prophetam
So sende han drottseten Eljakim og riksskrivaren Sebna og dei eldste av prestarne syrgjeklædde til profeten Jesaja Amosson.
3 et dixerunt ad eum haec dicit Ezechias dies tribulationis et correptionis et blasphemiae dies haec quia venerunt filii usque ad partum et virtus non est parienti
Og dei sagde til han: «So segjer Hizkia: «Dette er ein dag full av naud og straff og skjemsla; fosteri hev nått fødsli, men det finst ikkje kraft til å føda.
4 si quo modo audiat Dominus Deus tuus verba Rabsaces quem misit rex Assyriorum dominus suus ad blasphemandum Deum viventem et obprobrandum sermonibus quos audivit Dominus Deus tuus leva ergo orationem pro reliquiis quae reppertae sunt
Kann henda høyrer Herren, din Gud, det Rabsake hev sagt, han som er send av assyrarkongen, herren sin, til å svivyrda den livande Gud, so han straffar honom for dei ordi som Herren, din Gud, hev høyrt. Ber då fram ei bøn for den leivning som endå er att.»»
5 et venerunt servi regis Ezechiae ad Isaiam
Då hirdmennerne frå kong Hizkia kom til Jesaja,
6 et dixit ad eos Isaias haec dicetis domino vestro haec dicit Dominus ne timeas a facie verborum quae audisti quibus blasphemaverunt pueri regis Assyriorum me
sagde Jesaja til deim: «So skal de svara herren dykkar: «So segjer Herren: Ver ikkje rædd for dei ordi du høyrde, då trælarne åt assyrarkongen spotta meg!
7 ecce ego dabo ei spiritum et audiet nuntium et revertetur ad terram suam et corruere eum faciam gladio in terra sua
Eit hugskot skyt eg i hugen hans; han høyrer ei tiend, og heim att snur han; der let eg honom falla for sverd i sitt land.»»
8 reversus est autem Rabsaces et invenit regem Assyriorum proeliantem adversus Lobna audierat enim quia profectus esset de Lachis
Då Rabsake for burt att, fann han assyrarkongen i strid mot Libna; for han hadde høyrt at han hadde fare burt frå Lakis.
9 et audivit de Tharaca rege Aethiopiae dicentes egressus est ut pugnet contra te quod cum audisset misit nuntios ad Ezechiam dicens
Då han so fekk tiend at ætiopkongen Tirhaka hadde drege ut i herferd mot honom, sende han eit nytt bod til Hizkia med dei ordi:
10 haec dicetis Ezechiae regi Iudae loquentes non te decipiat Deus tuus in quo tu confidis dicens non dabitur Hierusalem in manu regis Assyriorum
«Seg med Juda-kongen Hizkia: «Ikkje lat din Gud, som du lit på, narra deg til å tenkja at ikkje Jerusalem skal falla i henderne på assyrarkongen!
11 ecce tu audisti omnia quae fecerunt reges Assyriorum omnibus terris quas subverterunt et tu poteris liberari
Du hev nok høyrt gjete sjølv kor assyrarkongarne hev fare åt med mot alle landi: at dei bannstøytte deim. Og so skulde du berga deg undan?
12 numquid eruerunt eos dii gentium quos subverterunt patres mei Gozan et Aran et Reseph et filios Eden qui erant in Thalassar
Kunde vel folkegudarne berga sine folk, som federne mine øydde ut: Gozan og Haran og Resef og Edens-sønerne som er i Telassar?
13 ubi est rex Emath et rex Arfad et rex urbis Seffarvaim Anahe et Ava
Kvar er Hamat-kongen eller Arpad-kongen eller kongen i Sefarvajim-byen, yver Hena og Ivva?»»
14 et tulit Ezechias libros de manu nuntiorum et legit eos et ascendit in domum Domini et expandit eos Ezechias coram Domino
Hizkia tok brevet frå sendemennerne og las det; og so gjekk han upp i Herrens hus, og Hizkia breidde det ut for Herrens åsyn.
15 et oravit Ezechias ad Dominum dicens
Og Hizkia bad til Herren og sagde:
16 Domine exercituum Deus Israhel qui sedes super cherubin tu es Deus solus omnium regnorum terrae tu fecisti caelum et terram
«Herre, allhers drott, Israels Gud, du som tronar yver kerubarne! Einast du er Gud yver alle rike på jordi; du hev gjort himmelen og jordi.
17 inclina Domine aurem tuam et audi aperi Domine oculos tuos et vide et audi omnia verba Sennacherib quae misit ad blasphemandum Deum viventem
Herre, legg øyra til og lyd! Herre, lat augo upp og sjå! Høyr dei ordi Sanherib sende og svivyrde den livande Gud!
18 vere enim Domine desertas fecerunt reges Assyriorum terras et regiones earum
Herre, det er sant: assyrarkongarne hev øydt ut folki og deira land,
19 et dederunt deos earum igni non enim erant dii sed opera manuum hominum lignum et lapis et comminuerunt eos
og dei hev kasta gudarne deira på elden; for dei er ikkje gudar, berre manneverk utav stokk og stein, og dei hev tynt deim.
20 et nunc Domine Deus noster salva nos de manu eius et cognoscant omnia regna terrae quia tu es Dominus solus
Men no må du, Herre, vår Gud, frelsa oss frå hans magt, so alle rike på jordi må røyna at einast du er Herren!»
21 et misit Isaias filius Amos ad Ezechiam dicens haec dicit Dominus Deus Israhel pro quibus rogasti me de Sennacherib rege Assyriorum
Då sende Jesaja Amosson bod til Hizkia med dei ordi: «So segjer Herren, Israels Gud: «Med umsyn på bøni di til meg um Sanherib, assyrarkongen,
22 hoc est verbum quod locutus est Dominus super eum despexit te subsannavit te virgo filia Sion post te caput movit filia Hierusalem
då er dette det ordet som Herren hev tala imot honom: Ho vanvyrder deg, ho spottar deg, ungmøyi, Sions dotter, ho rister på hovudet åt deg, Jerusalems dotter.
23 cui exprobrasti et quem blasphemasti et super quem exaltasti vocem et levasti altitudinem oculorum tuorum ad Sanctum Israhel
Kven hev du svivyrdt? kven hev du spotta? Kven hev røysti di ropa imot? Augo lyfte du høgt, mot Israels Heilage.
24 in manu servorum tuorum exprobrasti Domino et dixisti in multitudine quadrigarum mearum ego ascendi altitudinem montium iuga Libani et succidam excelsa cedrorum eius electas abietes illius et introibo altitudinem summitatis eius saltum Carmeli eius
Ved tenarane hædde du Herren og sagde: «Med dei mange vognerne mine for eg upp på dei høgste fjelli, ja, langt burti Libanons utmark, der høgg eg ned hennar høge cedrar og dei hæve cypressorne hennar; eg tek meg fram i dei øvste heimar, inn i den tettaste hagen;
25 ego fodi et bibi aquam et exsiccavi vestigio pedis mei omnes rivos aggerum
eg hev grave og drukke vatn; med fotsolen min eg turkar ut alle Egyptarlands elvar.»
26 numquid non audisti quae olim fecerim ei ex diebus antiquis ego plasmavi illud et nunc adduxi et factum est in eradicationem collium conpugnantium et civitatum munitarum
Hev du’kje høyrt at eg hev longe laga det so? Frå ævordsleg tid hev eg fyreåt fastsett dette! Og no let eg det koma i verk! Du fekk magt til å øyda sterke borgar til steinrøysar aude.
27 habitatores earum breviata manu contremuerunt et confusi sunt facti sunt sicut faenum agri et gramen pascuae et herba tectorum quae exaruit antequam maturesceret
Folki deira vart veike og valne, skalv og stod til skammar. Det gjekk deim som graset på marki og grøne urtar, som vokstrar på taket, som kornåker fyrr han hev skote.
28 habitationem tuam et egressum tuum et introitum tuum cognovi et insaniam tuam contra me
Eg veit når du sit, gjeng ut og gjeng inn, kor du slær deg vill imot meg.
29 cum fureres adversum me superbia tua ascendit in aures meas ponam ergo circulum in naribus tuis et frenum in labiis tuis et reducam te in viam per quam venisti
Av di du er vill imot meg, og eg høyrer kor kaut du er, eg hektar min krok i nosi di, legg min taum i munnen din og vikjer deg heim att den vegen du kom.»
30 tibi autem hoc erit signum comede hoc anno quae sponte nascuntur et in anno secundo pomis vescere in anno autem tertio seminate et metite et plantate vineas et comedite fructum earum
Og dette skal du hava til merke: I år skal de eta sjølvsått korn, næste år sjølvrunne. Men tridje året skal de så og hausta og planta vinhagar og eta frukti av deim.
31 et mittet id quod salvatum fuerit de domo Iuda et quod reliquum est radicem deorsum et faciet fructum sursum
Og leivningen som er att av Juda hus, skyt djupare røter nedantil, og ovantil ber han si frukt.
32 quia de Hierusalem exibunt reliquiae et salvatio de monte Sion zelus Domini exercituum faciet istud
For ein leivning kjem frå Jerusalem, og ein rest frå Sionsfjellet. Brennhugen åt Herren, allhers drott, skal gjera dette.
33 propterea haec dicit Dominus de rege Assyriorum non introibit civitatem hanc et non iaciet ibi sagittam et non occupabit eam clypeus et non mittet in circuitu eius aggerem
Difor segjer Herren so um assyrarkongen: Ikkje skal han koma inn i denne byen, og ikkje skjota nokor pil der inn; ikkje skal han storma fram mot han med skjold, og ikkje byggja skansar upp imot han.
34 in via qua venit per eam revertetur et civitatem hanc non ingredietur dicit Dominus
Den vegen han kjem, den skal han heim att fara, i denne byen slepp han ikkje inn, so segjer Herren.
35 et protegam civitatem istam ut salvem eam propter me et propter David servum meum
Eg vernar denne by og bergar honom, for mi skuld og for Davids skuld, min tenar.»
36 egressus est autem angelus Domini et percussit in castris Assyriorum centum octoginta quinque milia et surrexerunt mane et ecce omnes cadavera mortuorum
Og Herrens engel gjekk ut og slo hundrad og fem og åtteti tusund mann i assyrarlægret. Tidleg næste morgon fann dei deim alle liggjande lik.
37 et egressus est et abiit et reversus est Sennacherib rex Assyriorum et habitavit in Nineve
Då tok assyrarkongen Sanherib ut og drog burt og snudde heim att, og heldt seg sidan i Nineve.
38 et factum est cum adoraret in templo Nesrach deum suum Adramelech et Sarasar filii eius percusserunt eum gladio fugeruntque in terram Ararat et regnavit Asoraddon filius eius pro eo
Ein gong han heldt bøn i huset åt Nisrok, guden sin, hogg sønerne hans, Adrammelek og Sareser, honom ned med sverd. Dei kom seg undan til Araratlandet, og Asarhaddon, son hans, vart konge i staden hans.