< Isaiæ 16 >

1 emitte agnum dominatorem terrae de Petra deserti ad montem filiae Sion
«Send landsherren dei lamb han skal hava frå Sela gjenom øydemarki til fjellet åt dotteri Sion!»
2 et erit sicut avis fugiens et pulli de nido avolantes sic erunt filiae Moab in transcensu Arnon
Liksom flaksande fuglar, som skræmde fuglungar, skal Moabs døtter koma til vadi yver Arnon.
3 ini consilium coge concilium pone quasi noctem umbram tuam in meridie absconde fugientes et vagos ne prodas
«Gjev råd, finn utveg åt oss! Lat skuggen din vera som natti, no midt i dagsljoset! Gjev livd åt dei burtdrivne! svik ikkje den som flyr!
4 habitabunt apud te profugi mei Moab esto latibulum eorum a facie vastatoris finitus est enim pulvis consummatus est miser defecit qui conculcabat terram
Lat mine burtdrivne finna tilhald hjå deg, ver ein verneskjold åt Moab imot mordaren! For det er ute med valdsmannen, øydeleggjingi fær ende, og trælkaren hev fare or landet.
5 et praeparabitur in misericordia solium et sedebit super eum in veritate in tabernaculo David iudicans et quaerens iudicium et velociter reddens quod iustum est
So vert kongsstolen grunnfest ved mildskap, og det skal trygt sitja der ein fyrste i Davids tjeld, ein domar som fer etter det som rett er, og som fremjar rettferd.»
6 audivimus superbiam Moab superbus est valde superbia eius et arrogantia eius et indignatio eius plus quam fortitudo eius
Me hev høyrt um Moabs ovmod, det store og stolte, um hans ofse, byrgskap og ovlæte, um hans tome skryt.
7 idcirco ululabit Moab ad Moab universus ululabit his qui laetantur super muro cocti lateris loquimini plagas suas
Difor skal Moab jamrar yver Moab, alt landet skal jamra seg. Yver druvekakorne i Kir-Hareset skal dei sukka i djup ørvæna.
8 quoniam suburbana Esebon deserta sunt et vinea Sabama domini gentium exciderunt flagella eius usque ad Iazer pervenerunt erraverunt in deserto propagines eius relictae sunt transierunt mare
For Hesbons vinmarker hev visna, Sibma-vintrei. Soldruvorne slo folkehovdingarne til jordi. Dei nådde radt til Jazer, og vildra seg ut i øydemarki; greinerne breidde seg ut, for yver havet.
9 super hoc plorabo in fletu Iazer vineam Sabama inebriabo te lacrima mea Esebon et Eleale quoniam super vindemiam tuam et super messem tuam vox calcantium inruit
Difor græt eg med Jaser yver Sibma-vintrei; med tårorne mine vil eg vatna deg, Hesbon, og deg, El’ale; for yver din frukthaust og vinhaust hev vinpersarropet slege ned.
10 et auferetur laetitia et exultatio de Carmelo et in vineis non exultabit neque iubilabit vinum in torculari non calcabit qui calcare consueverat vocem calcantium abstuli
Gleda og fagnad er kvorve or aldehagarne, og frå vinhagarne høyrest ikkje gledesongar eller fagnadrop; ingen trakkar druvor i persorne. Eg hev late vinpersarropet deira tagna.
11 super hoc venter meus ad Moab quasi cithara sonabit et viscera mea ad murum cocti lateris
Difor bivrar mitt brjost for Moab som citherstrengjer, og mitt hjarta for Kir-Heres.
12 et erit cum apparuerit quod laboravit Moab super excelsis suis ingredietur ad sancta sua ut obsecret et non valebit
Og når Moab viser seg på offerhaugen og stræver der, og han kjem til heilagdomen sin og bed, so vinn han inkje med det.
13 hoc verbum quod locutus est Dominus ad Moab ex tunc
Dette er det ordet som Herren fordom hev tala til Moab.
14 et nunc locutus est Dominus dicens in tribus annis quasi anni mercennarii auferetur gloria Moab super omni populo multo et relinquetur parvus et modicus nequaquam multus
Men no talar Herren so: Innan tri år - so som ein leigekar reknar åri - skal Moabs herlegdom og all hans store folkesverm vera lite vyrd, og leivningen som er att, skal vera liten og vesall, ikkje mykje verd.

< Isaiæ 16 >