+ Genesis 1 >
1 in principio creavit Deus caelum et terram
I upphavet skapte Gud himmelen og jordi.
2 terra autem erat inanis et vacua et tenebrae super faciem abyssi et spiritus Dei ferebatur super aquas
Og jordi var aud og øydi, og myrker låg yver djupet; men Guds ande sveiv yver vatni.
3 dixitque Deus fiat lux et facta est lux
Då sagde Gud: «Det verte ljos!» So vart det ljos.
4 et vidit Deus lucem quod esset bona et divisit lucem ac tenebras
Og Gud såg at ljoset var godt. Og Gud skilde ljoset frå myrkret.
5 appellavitque lucem diem et tenebras noctem factumque est vespere et mane dies unus
Og Gud kalla ljoset dag, og myrkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.
6 dixit quoque Deus fiat firmamentum in medio aquarum et dividat aquas ab aquis
Då sagde Gud: «Det verte ein vid kvelv midt i vatni: han skal skilja vatn ifrå vatn.»
7 et fecit Deus firmamentum divisitque aquas quae erant sub firmamento ab his quae erant super firmamentum et factum est ita
So gjorde Gud kvelven, og skilde vatnet som er nedunder kvelven, frå det vatnet som er uppyver kvelven. Og det vart so.
8 vocavitque Deus firmamentum caelum et factum est vespere et mane dies secundus
Og Gud kalla kvelven himmel. Og det vart kveld, og det vart morgon, andre dagen.
9 dixit vero Deus congregentur aquae quae sub caelo sunt in locum unum et appareat arida factumque est ita
Då sagde Gud: «Vatni under himmelen samle seg på ein stad, so det turre landet kjem fram!» So vart det so.
10 et vocavit Deus aridam terram congregationesque aquarum appellavit maria et vidit Deus quod esset bonum
Og Gud kalla det turre landet jord, og vatni som hadde samla seg, kalla han hav. Og Gud såg det var godt.
11 et ait germinet terra herbam virentem et facientem semen et lignum pomiferum faciens fructum iuxta genus suum cuius semen in semet ipso sit super terram et factum est ita
Då sagde Gud: «Jordi bere fram gras og grode, urter som sår seg, og frukttre, som ber frukt med deira frø i, utyver jordi, kvart etter sitt slag!» Og so vart det.
12 et protulit terra herbam virentem et adferentem semen iuxta genus suum lignumque faciens fructum et habens unumquodque sementem secundum speciem suam et vidit Deus quod esset bonum
Og jordi bar fram gras og grode, urter som sår seg, kvar etter sitt slag, og tre som ber frukt med frø i, kvart etter sitt slag. Og Gud såg det var godt.
13 factumque est vespere et mane dies tertius
Og det vart kveld, og det vart morgon, tridje dagen.
14 dixit autem Deus fiant luminaria in firmamento caeli ut dividant diem ac noctem et sint in signa et tempora et dies et annos
Då sagde Gud: «Det verte skinande ljos på himmelkvelven: dei skal skilja dagen frå natti. Og dei skal vera til merke, og skipa tider og dagar og år.
15 ut luceant in firmamento caeli et inluminent terram et factum est ita
Og dei skal vera til ljos på himmelkvelven, og lysa utyver jordi.» Og so vart det.
16 fecitque Deus duo magna luminaria luminare maius ut praeesset diei et luminare minus ut praeesset nocti et stellas
Og Gud gjorde dei tvo store ljosi, det større ljoset til å råda um dagen, og det mindre ljoset til å råda um natti, og so stjernorne.
17 et posuit eas in firmamento caeli ut lucerent super terram
Og Gud sette deim på himmelkvelven til å lysa utyver jordi,
18 et praeessent diei ac nocti et dividerent lucem ac tenebras et vidit Deus quod esset bonum
og til å styra dagen og natti, og skilja ljoset frå myrkret. Og Gud såg det var godt.
19 et factum est vespere et mane dies quartus
Og det vart kveld, og det vart morgon, fjorde dagen.
20 dixit etiam Deus producant aquae reptile animae viventis et volatile super terram sub firmamento caeli
Då sagde Gud: «Det skal yrja og aula med liv i vatnet, og fuglar skal fljuga yver jordi, uppunder himmelkvelven.»
21 creavitque Deus cete grandia et omnem animam viventem atque motabilem quam produxerant aquae in species suas et omne volatile secundum genus suum et vidit Deus quod esset bonum
So skapte Gud dei store sjødyri, og alt livande som det yr og kryr av i vatnet, kvart etter sitt slag, og alle fljugande fuglar, kvart etter sitt slag. Og Gud såg det var godt.
22 benedixitque eis dicens crescite et multiplicamini et replete aquas maris avesque multiplicentur super terram
Og Gud velsigna deim og sagde: «De skal veksa og aukast og fylla vatnet i havi, og fuglarne skal aukast på jordi!»
23 et factum est vespere et mane dies quintus
Og det vart kveld, og det vart morgon, femte dagen.
24 dixit quoque Deus producat terra animam viventem in genere suo iumenta et reptilia et bestias terrae secundum species suas factumque est ita
Då sagde Gud: «Jordi gjeve utor seg kvikjende av kvart slag, bufe og krek og villdyr, kvart etter sitt slag.» Og so vart det.
25 et fecit Deus bestias terrae iuxta species suas et iumenta et omne reptile terrae in genere suo et vidit Deus quod esset bonum
Og Gud gjorde dei ville dyri, kvart etter sitt slag, og bufe av kvart eit slag, og alle dei dyr som krek på marki, kvart etter sitt slag. Og Gud såg det var godt.
26 et ait faciamus hominem ad imaginem et similitudinem nostram et praesit piscibus maris et volatilibus caeli et bestiis universaeque terrae omnique reptili quod movetur in terra
Då sagde Gud: «Lat oss skapa menneskje i vår likning, so dei vert bilætet vårt! Dei skal råda yver fiskarne i havet og yver fuglarne under himmelen og yver feet og yver all jordi og yver alt liv som leikar på jordi.»
27 et creavit Deus hominem ad imaginem suam ad imaginem Dei creavit illum masculum et feminam creavit eos
So skapte Gud menneskjet i si likning, i Guds likning skapte han det, til kar og kvinna skapte han deim.
28 benedixitque illis Deus et ait crescite et multiplicamini et replete terram et subicite eam et dominamini piscibus maris et volatilibus caeli et universis animantibus quae moventur super terram
Og Gud velsigna deim, og Gud sagde til deim: «De skal veksa og aukast og fylla jordi og leggja henne under dykk, og råda yver fiskarne i havet og yver fuglarne under himmelen og yver kvart dyr som røyver seg på jordi!»
29 dixitque Deus ecce dedi vobis omnem herbam adferentem semen super terram et universa ligna quae habent in semet ipsis sementem generis sui ut sint vobis in escam
Og Gud sagde: «Sjå, eg gjev dykk alle urter som sår seg, alle som finst på jordi, og alle tre med alde som sår seg: for dykk skal det vera til føda.
30 et cunctis animantibus terrae omnique volucri caeli et universis quae moventur in terra et in quibus est anima vivens ut habeant ad vescendum et factum est ita
Og alle dyri på jordi og alle fuglarne under himmelen og alt det som yrer på jordi, alt som hev ande og liv, gjev eg alt det grøne graset til føda.» Og so vart det.
31 viditque Deus cuncta quae fecit et erant valde bona et factum est vespere et mane dies sextus
Og Gud skoda alt han hadde gjort, og sjå: det var ovleg godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, sette dagen.