< Genesis 21 >
1 visitavit autem Dominus Sarram sicut promiserat et implevit quae locutus est
Og Herren såg til Sara, som han hadde sagt, og Herren gjorde for Sara det som han hadde lova.
2 concepitque et peperit filium in senectute sua tempore quo praedixerat ei Deus
Og Sara vart med barn, og fekk ein son med Abraham på hans gamle dagar, den tid som Gud hadde nemnt.
3 vocavitque Abraham nomen filii sui quem genuit ei Sarra Isaac
Og Abraham kalla son sin, den som Sara hadde fenge, Isak.
4 et circumcidit eum octavo die sicut praeceperat ei Deus
Og Abraham umskar Isak, son sin, då han var åtte dagar gamall, som Gud hadde sagt honom fyre.
5 cum centum esset annorum hac quippe aetate patris natus est Isaac
Abraham var hundrad år gamall, då Isak, son hans, kom til verdi.
6 dixitque Sarra risum fecit mihi Deus quicumque audierit conridebit mihi
Og Sara sagde: «Gud hev laga det, so eg lyt læ; og alle som høyrer det, kjem til å læ åt meg.
7 rursumque ait quis auditurum crederet Abraham quod Sarra lactaret filium quem peperit ei iam seni
Kven skulde vel tenkt seg og sagt det med Abraham, at Sara skulde leggja eit barn til brjostet?» sagde ho, «og no på hans gamle dagar hev eg fenge ein son!»
8 crevit igitur puer et ablactatus est fecitque Abraham grande convivium in die ablactationis eius
Og sveinen voks upp, og ho vande honom av, og Abraham gjorde eit stort gjestebod den dagen Isak vart avvand.
9 cumque vidisset Sarra filium Agar Aegyptiae ludentem dixit ad Abraham
Og Sara såg at son åt Hagar frå Egyptarland, han som ho hadde fenge med Abraham, ståka og log.
10 eice ancillam hanc et filium eius non enim erit heres filius ancillae cum filio meo Isaac
Då sagde ho med Abraham: «Du skal jaga den terna der og son hennar! For ikkje skal son åt denne terna erva i hop med min son, med Isak.»
11 dure accepit hoc Abraham pro filio suo
Dei ordi gjorde Abraham hjarteleg ilt for sonen skuld.
12 cui dixit Deus non tibi videatur asperum super puero et super ancilla tua omnia quae dixerit tibi Sarra audi vocem eius quia in Isaac vocabitur tibi semen
Men Gud sagde til Abraham: «Du skal ikkje hava hugilt for sveinen skuld eller terna skuld! Lyd du Sara i alt ho segjer til deg. For etter Isak skal ætti di heita.
13 sed et filium ancillae faciam in gentem magnam quia semen tuum est
Og sonen åt terna vil eg og gjera til eit heilt folk, etter di han er ditt barn.»
14 surrexit itaque Abraham mane et tollens panem et utrem aquae inposuit scapulae eius tradiditque puerum et dimisit eam quae cum abisset errabat in solitudine Bersabee
Morgonen etter reis Abraham tidleg upp, og tok fram brød og ei hit med vatn; det gav han Hagar, og lagde det på herdarne hennar; og han let henne få sveinen, og bad henne fara. So gjekk ho sin veg, og vingla umkring i Be’erseba-heidi.
15 cumque consumpta esset aqua in utre abiecit puerum subter unam arborum quae ibi erant
Og vatnet traut i hiti. Då lagde ho sveinen ned under ein runne,
16 et abiit seditque e regione procul quantum potest arcus iacere dixit enim non videbo morientem puerum et sedens contra levavit vocem suam et flevit
og sjølv gjekk ho eit stykke burt, som eit bogeskot på lag, og sette seg der. «Eg vil ikkje sjå på at sveinen døyr, » tenkte ho; difor sette ho seg eit stykke ifrå, og ho brast i og gret.
17 exaudivit autem Deus vocem pueri vocavitque angelus Domini Agar de caelo dicens quid agis Agar noli timere exaudivit enim Deus vocem pueri de loco in quo est
Men Gud høyrde sveinen øya seg, og Guds engel ropa frå himmelen til Hagar og sagde til henne: «Kva vantar deg, Hagar? Du tarv ikkje ottast! For Gud høyrde sveinen øya seg der han er.
18 surge tolle puerum et tene manum illius quia in gentem magnam faciam eum
Reis deg, lyft sveinen upp, og haldt honom fast i handi; eg vil gjera honom til eit stort folk.»
19 aperuitque oculos eius Deus quae videns puteum aquae abiit et implevit utrem deditque puero bibere
Og Gud opna augo hennar, so ho såg ein brunn; so gjekk ho dit, og fyllte hiti med vatn, og gav sveinen drikka.
20 et fuit cum eo qui crevit et moratus est in solitudine et factus est iuvenis sagittarius
Og Gud var med sveinen, og han voks upp, og budde i øydemarki, og då han tok til å mannast, vart han bogeskyttar.
21 habitavitque in deserto Pharan et accepit illi mater sua uxorem de terra Aegypti
Han slo seg ned i Paranheidi, og mor hans fann ei kona åt honom frå Egyptarland.
22 eodem tempore dixit Abimelech et Fichol princeps exercitus eius ad Abraham Deus tecum est in universis quae agis
I same tidi hende det at Abimelek og Pikol, som var hovding yver heren hans, kom og sagde med Abraham: «Gud er med deg i alt det du gjer.
23 iura ergo per Dominum ne noceas mihi et posteris meis stirpique meae sed iuxta misericordiam quam feci tibi facies mihi et terrae in qua versatus es advena
So sver meg no her ved Gud, at du ikkje vil fara med svik mot meg eller mot borni og barneborni mine: liksom eg hev gjort vel imot deg, so skal du gjera vel imot meg og mot det landet du hev fenge tilhald i.»
24 dixitque Abraham ego iurabo
Og Abraham sagde: «Ja, det skal eg sverja på!»
25 et increpavit Abimelech propter puteum aquae quem vi abstulerant servi illius
Og Abraham kjærde seg for Abimelek yver den brunnen som drengjerne hans Abimelek hadde rana til seg.
26 respondit Abimelech nescivi quis fecerit hanc rem sed et tu non indicasti mihi et ego non audivi praeter hodie
Då sagde Abimelek: «Eg veit ikkje kven som hev gjort dette. Ikkje hev du sagt meg det, og ikkje hev eg høyrt det heller fyrr no i dag.»
27 tulit itaque Abraham oves et boves et dedit Abimelech percusseruntque ambo foedus
So tok Abraham både sauer og naut og gav Abimelek, og dei gjorde ei semja seg imillom.
28 et statuit Abraham septem agnas gregis seorsum
Og Abraham sette sju gimberlamb av fenaden for seg sjølve.
29 cui dixit Abimelech quid sibi volunt septem agnae istae quas stare fecisti seorsum
Då sagde Abimelek med Abraham: «Kva tyder det at du hev sett desse sju lambi for seg sjølve?»
30 at ille septem inquit agnas accipies de manu mea ut sint in testimonium mihi quoniam ego fodi puteum istum
«Desse sju lambi skal du hava av meg, » svara han; «det skal vera til vitnemål for meg, at eg hev grave denne brunnen.»
31 idcirco vocatus est locus ille Bersabee quia ibi uterque iuraverunt
Difor kalla dei den staden Be’erseba. For der gjorde dei båe eiden.
32 et inierunt foedus pro puteo Iuramenti
So gjorde dei då ei semja i Be’erseba. Og Abimelek og Pikol, hovdingen yver heren hans, tok ut og for heim att til Filistarlandet.
33 surrexit autem Abimelech et Fichol princeps militiae eius reversique sunt in terram Palestinorum Abraham vero plantavit nemus in Bersabee et invocavit ibi nomen Domini Dei aeterni
Og Abraham sette ei tamariska i Be’erseba, og der kalla han på Herren, ævordoms Gud.
34 et fuit colonus terrae Philisthinorum diebus multis
Og Abraham heldt lenge til i Filistarlandet.