< Esdræ 9 >
1 postquam autem haec conpleta sunt accesserunt ad me principes dicentes non est separatus populus Israhel et sacerdotes et Levitae a populis terrarum et de abominationibus eorum Chananei videlicet et Hetthei et Ferezei et Iebusei et Ammanitarum et Moabitarum et Aegyptiorum et Amorreorum
Etter desse hendingarne kom hovdingarne fram for meg og sagde: «Korkje folket i Israel eller prestarne og levitarne hev halde seg skilde frå folki i landi soleis som det helst kunde søma seg etter all den styggedomen som dei hev fare med både kananitarne og hetitarne, perizitarne og jebusitarne, ammonitarne og moabitarne, egyptararne og amoritarne.
2 tulerunt enim de filiabus eorum sibi et filiis suis et commiscuerunt semen sanctum cum populis terrarum manus etiam principum et magistratuum fuit in transgressione hac prima
For dei hev teke døtterne deira til konor både åt seg sjølve og åt sønerne sine. På den måten hev det heilage sædet blanda seg med folki i landet, og hovdingarne og formennerne hev vore dei fyrste til å fara med utruskap i dette stykket.»
3 cumque audissem sermonem istum scidi pallium meum et tunicam et evelli capillos capitis mei et barbae et sedi maerens
Då eg høyrde dette, reiv eg sund kjolen min og kåpa mi, og eg reiv hår av hovudet og or skjegget og vart sitjande so sorgfull at eg kunde ikkje segja eit ord.
4 convenerunt autem ad me omnes qui timebant verbum Dei Israhel pro transgressione eorum qui de captivitate venerant et ego sedebam tristis usque ad sacrificium vespertinum
Då samlast dei kringum meg alle dei som var forstøkte for det som Israels Gud hadde sagt um utruskapen deira som var heimkomne or utlægdi; men eg vart sitjande i djup sorg alt til kveldsofferet.
5 et in sacrificio vespertino surrexi de adflictione mea et scisso pallio et tunica curvavi genua mea et expandi manus meas ad Dominum Deum meum
Ved kveldsoffertidi stod eg upp or sorgi mi og reiv sund kjolen og kåpa. So fall eg ned på kne og rette ut henderne mine mot Herren, min Gud,
6 et dixi Deus meus confundor et erubesco levare Deus meus faciem meam ad te quoniam iniquitates nostrae multiplicatae sunt super caput et delicta nostra creverunt usque in caelum
og sagde: «Min Gud! eg skjemmest og blygjest for å lyfta andlitet mitt mot deg, min Gud; for misgjerningarne våre hev vakse upp yver hovudet vårt, og skuldi vår når til himmels.
7 a diebus patrum nostrorum sed et nos ipsi peccavimus granditer usque ad diem hanc et in iniquitatibus nostris traditi sumus ipsi et reges nostri et sacerdotes nostri in manum regum terrarum in gladium in captivitatem in rapinam et in confusionem vultus sicut et die hac
Frå den tid federne våre livde og alt til no hev me vore i stor skuld. For misgjerningarne våre hev me, med kongarne og prestarne våre, vorte gjevne i henderne på framande kongar, til sverd og til utlægd, til plundring og skam, som det syner seg no i dag.
8 et nunc quasi parum et ad momentum facta est deprecatio nostra apud Dominum Deum nostrum ut dimitterentur nobis reliquiae et daretur paxillus in loco sancto eius et inluminaret oculos nostros Deus noster et daret nobis vitam modicam in servitute nostra
Men no ei ørliti stund hev Herren, vår Gud, miskunna oss, so han hev berga ein leivning av oss og gjeve oss eit fotfeste på den heilage staden sin, so han, vår Gud, kunde lata ljoset skina i augo våre, og me fekk ein liten livskveik i trældomen vår.
9 quia servi sumus et in servitute nostra non dereliquit nos Deus noster et inclinavit super nos misericordiam coram rege Persarum ut daret nobis vitam et sublimaret domum Dei nostri et extrueret solitudines eius et daret nobis sepem in Iuda et in Hierusalem
For trælar det er me; men endå hev Gud ikkje slept oss i trældomen, men hev late oss finna nåde for augo åt persarkongarne, so dei gav oss ein livskveik til å reisa upp att gudshuset vårt og byggja det upp frå røysi; dermed kunde me få ein innhegna bustad i Juda og Jerusalem.
10 et nunc quid dicemus Deus noster post haec quia dereliquimus mandata tua
Men vår Gud! kva skal me no segja etter dette? For me hev vendt oss frå bodordi dine,
11 quae praecepisti in manu servorum tuorum prophetarum dicens terram ad quam vos ingredimini ut possideatis eam terra inmunda est iuxta inmunditiam populorum ceterarumque terrarum abominationibus eorum qui repleverunt eam ab ore usque ad os in coinquinatione sua
deim som du gav ved tenarane dine, profetarne, då du sagde: «Landet som det her kjem til og skal taka til eigedom, er eit tilsulka land for all den sulking og all den styggedom som dei framande folki i sin ureinskap hev fyllt det med frå den eine enden til den andre.
12 nunc ergo filias vestras ne detis filiis eorum et filias eorum non accipiatis filiis vestris et non quaeratis pacem eorum et prosperitatem eorum usque in aeternum ut confortemini et comedatis quae bona sunt terrae et heredes habeatis filios vestros usque in saeculum
Difor skal de korkje gjeva døtterne dykkar til sønerne deira eller taka døtterne deira til konor åt sønerne dykkar. De skal aldri bry dykk um deira velferd og lukka, so de kann verta sterke og få eta av landsens gode ting og lata landet gå i arv til borni dykkar um alder og æva.»
13 et post omnia quae venerunt super nos in operibus nostris pessimis et in delicto nostro magno quia tu Deus noster liberasti nos de iniquitate nostra et dedisti nobis salutem sicut est hodie
Du, vår Gud, hev vore miskunnsam meir enn me var verde etter synderne våre, og hev late ein leivning av oss, slik som denne her, verta berga. Skulde me no etter alt som hev kome yver oss ved dei vonde verki våre, og ved den store skuld me hev drege på oss,
14 ut non converteremur et irrita faceremus mandata tua neque matrimonia iungeremus cum populis abominationum istarum numquid iratus es nobis usque ad consummationem ne dimitteres nobis reliquias et salutem
skulde me då brjota bodordi dine att og hava samgifte med folk som driv sovorne styggedomar? Måtte du ikkje då harmast på oss, so du reint kom til å tyna oss so ingen leivning var att, og ingen berga seg undan?
15 Domine Deus Israhel iustus tu quoniam derelicti sumus qui salvaremur sicut die hac ecce coram te sumus in delicto nostro non enim stari potest coram te super hoc
Herre, Israels Gud! du er rettvis når me her i dag berre er ein leivning som er berga. Sjå no ligg me her i vår skuld framfor deg. Som det no er, kann ingen verta standande for deg.»