< Hiezechielis Prophetæ 31 >
1 et factum est in undecimo anno tertio una mensis factum est verbum Domini ad me dicens
So hende det i det ellevte året, den fyrste dagen i den tridje månaden, at Herrens ord kom til meg; han sagde:
2 fili hominis dic Pharaoni regi Aegypti et populo eius cui similis factus es in magnitudine tua
Menneskjeson! Seg med Farao, egyptarkongen, og hans ståkande mengd: Kven likjest du på i di storvyrda?
3 ecce Assur quasi cedrus in Libano pulcher ramis et frondibus nemorosus excelsusque altitudine et inter condensas frondes elevatum est cacumen eius
Sjå, Assur var eit cedertre på Libanon med fagre greiner, ein skuggerik skog og høg på vokster, millom skyerne var hans kruna.
4 aquae nutrierunt illum abyssus exaltavit eum flumina eius manabant in circuitu radicum eius et rivos suos emisit ad universa ligna regionis
Vatnet gjorde honom stor, vatsdjupet gjorde honom høg. Med åerne sine gjekk det kringum hans plantehage og sende vatsveiterne sine burtåt alle trei på marki.
5 propterea elevata est altitudo eius super omnia ligna regionis et multiplicata sunt arbusta eius et elevati sunt rami eius prae aquis multis
Difor vart han høgre på vokster enn alle trei på marki. Og mange var hans greiner og lange hans kvister, av all den vatningi, når han rette deim ut i veret.
6 cumque extendisset umbram suam in ramis eius fecerunt nidos omnia volatilia caeli et sub frondibus eius genuerunt omnes bestiae saltuum et sub umbraculo illius habitabat coetus gentium plurimarum
På kvistarne hans laga dei seg reir, alle himmelens fuglar, under greinerne hans fødde alle dyr på marki sine ungar, og hans skugge gav livd åt alle dei mange folkeslagi som budde der.
7 eratque pulcherrimus in magnitudine sua et in dilatatione arbustorum suorum erat enim radix illius iuxta aquas multas
Og han var fager i sin vyrdelege storleik med sine lange greiner, for innmed roti hans var det nøgdi av vatn.
8 cedri non fuerunt altiores illo in paradiso Dei abietes non adaequaverunt summitatem eius et platani non fuerunt aequae frondibus illius omne lignum paradisi Dei non est adsimilatum illi et pulchritudini eius
Inkje var cedertre i Guds hage hans jamlike; cypressor kunde ikkje liknast med hans kvister, og løntre var ikkje som hans greiner; det beid ikkje tre i Guds hage jamfagert med honom.
9 quoniam speciosum feci eum et multis condensisque frondibus et aemulata sunt eum omnia ligna voluptatis quae erant in paradiso Dei
Eg hadde prydt honom med greiner i mengd, og dei ovunda honom alle Eden-trei som var i Guds hage.
10 propterea haec dicit Dominus Deus pro eo quod sublimatus est in altitudine et dedit summitatem suam virentem atque condensam et elevatum est cor eius in altitudine sua
Difor, so segjer Herren, Herren: Sidan han er vorten so høg på vokster og hev tøygt kruna si upp imillom skyerne, og hjarta hans ovmodar seg av denne store høgdi,
11 tradidi eum in manu fortissimi gentium faciens faciet ei iuxta impietatem eius eieci eum
so gjev eg honom i henderne på ein hovding yver folki; med honom fær han å gjera; det er for gudløysa hans eg hev drive honom ut.
12 et succident illum alieni et crudelissimi nationum et proicient eum super montes et in cunctis convallibus corruent rami eius et confringentur arbusta eius in universis rupibus terrae et recedent de umbraculo eius omnes populi terrae et relinquent eum
Og framande, valdsmennerne millom folki, hev hogge honom ned og late honom liggja. På fjelli og i kvar ein dal fall hans kvister, og greinerne hans ligg sundbrotne nedi kvart eit gil i landet. Og alle folk på jord er stigne ned utor skuggen hans som gav deim livd, og hev late honom liggja.
13 in ruina eius habitaverunt omnia volatilia caeli et in ramis eius fuerunt universae bestiae regionis
På den falne stomnen hans held alle himmelens fuglar til, og yver greinerne hans fer kvart dyr i skog
14 quam ob rem non elevabuntur in altitudine sua omnia ligna aquarum neque ponent sublimitatem suam inter nemorosa atque frondosa nec stabunt in sublimitate eorum omnia quae inrigantur aquis quia omnes traditi sunt in mortem ad terram ultimam in medio filiorum hominum ad eos qui descendunt in lacum
- for at ikkje noko velvatna tre skal ovmoda seg av sin vokster og tøygja kruna si upp imillom skyerne, og dei velduge av deim, dei som syg vatn i mengd, ikkje skal standa der høgreiste. For alle er dei gjevne dauden i vald, so dei lyt fara ned til nedheimen, midt imillom mannsborni, til deim som er stigne ned i gravi.
15 haec dicit Dominus Deus in die quando descendit ad inferos indixi luctum operui eum abysso et prohibui flumina eius et coercui aquas multas contristatus est super eum Libanus et omnia ligna agri concussa sunt (Sheol )
So segjer Herren, Herren: Den dagen han for ned til helheimen, let eg syrgja på honom; vatsdjupet breidde eg yver for hans skuld, og åerne derifrå stemde eg, og dei store vatn laut stana. Og eg klædde Libanon i svart for hans skuld, og kvart tre på marki ormegtast for hans skuld. (Sheol )
16 a sonitu ruinae eius commovi gentes cum deducerem eum ad infernum cum his qui descendebant in lacum et consolata sunt in terra infima omnia ligna voluptatis egregia atque praeclara in Libano universa quae inrigabantur aquis (Sheol )
Med dunen av hans fall fekk eg folkeslag til å skjelva, då eg støypte honom ned i helheimen med deim som fer ned i gravi. Då huggast dei i nedheimen, alle Eden-trei, dei likaste og beste på Libanon, alle som drikk vatn. (Sheol )
17 nam et ipsi cum ea descendent ad infernum ad interfectos gladio et brachium uniuscuiusque sedebit sub umbraculo eius in medio nationum (Sheol )
Dei og for ned i helheimen til deim som var slegne i hel med sverd. For dei hadde vore hans arm medan dei sat i livd i hans skugge midt imillom folki. (Sheol )
18 cui adsimilatus es o inclite atque sublimis inter ligna voluptatis ecce deductus es cum lignis voluptatis ad terram ultimam in medio incircumcisorum dormies cum his qui interfecti sunt gladio ipse est Pharao et omnis multitudo eius dicit Dominus Deus
Kven likjest du soleis på i herlegdom og storvyrda ibland Eden-trei? - So skal du då verta støypt med Eden-trei ned i nedheimen; midt imillom u-umskorne skal du liggja med deim som er slegne i hel med sverd. Dette er Farao og heile hans ståkande mengd, segjer Herren, Herren.