< Hiezechielis Prophetæ 11 >

1 et elevavit me spiritus et introduxit me ad portam domus Domini orientalem quae respicit solis ortum et ecce in introitu portae viginti quinque viri et vidi in medio eorum Hiezoniam filium Azur et Pheltiam filium Banaiae principes populi
Og åndi lyfte meg og flutte meg åt Øystreporten på Herrens hus, den som snur mot aust. Og sjå, frammed inngangen åt porten var det fem og tjuge mann. Og eg såg midt ibland deim Ja’azanja Azzursson og Pelatja Benajason, hovdingarne for folket.
2 dixitque ad me fili hominis hii viri qui cogitant iniquitatem et tractant consilium pessimum in urbe ista
Og han sagde til meg: «Menneskjeson! Det er desse menner som tenkjer upp urett og legg meinråder i denne byen.
3 dicentes nonne dudum aedificatae sunt domus haec est lebes nos autem carnes
Det er dei som segjer: Det ber ikkje snart til med husbyggjing; dette er gryta, og me er kjøtet.»
4 idcirco vaticinare de eis vaticinare fili hominis
Difor, spå imot deim! spå, du menneskjeson!
5 et inruit in me spiritus Domini et dixit ad me loquere haec dicit Dominus sic locuti estis domus Israhel et cogitationes cordis vestri ego novi
Og Herrens ande fall på meg, og han sagde med meg: «Seg: So segjer Herren: Soleis hev de sagt, Israels-menner, og kva som leikar dykk i hugen, veit eg vel.
6 plurimos occidistis in urbe hac et implestis vias eius interfectis
Mykje folk hev de drepe i denne byen, og de hev fyllt gatorne med drepne.
7 propterea haec dicit Dominus Deus interfecti vestri quos posuistis in medio eius hii sunt carnes et haec est lebes et educam vos de medio eius
Difor, so segjer Herren, Herren: Dei de hev drepe og lagt ned der, dei er kjøtet, og byen er gryta, men dykk skal dei føra ut or honom.
8 gladium metuistis et gladium inducam super vos ait Dominus Deus
Sverd ottast de, og sverd vil eg lata koma yver dykk, segjer Herren, Herren.
9 et eiciam vos de medio eius daboque vos in manu hostium et faciam in vobis iudicia
Og eg vil føra dykk ut derifrå og gjeva dykk i henderne på framande, og eg vil halda dom yver dykk.
10 gladio cadetis in finibus Israhel iudicabo vos et scietis quia ego Dominus
For sverd skal de falla; burtmed Israels landskil vil eg døma dykk. Og de skal sanna at eg er Herren.
11 haec non erit vobis in lebetem et vos non eritis in medio eius in carnes in finibus Israhel iudicabo vos
Han skal ikkje vera gryta åt dykk, og de skal ikkje vera kjøtet i den; burtmed Israels landskil vil eg døma dykk.
12 et scietis quia ego Dominus qui in praeceptis meis non ambulastis et iudicia mea non fecistis sed iuxta iudicia gentium quae in circuitu vestro sunt estis operati
Og de skal sanna at eg er Herren, de som ikkje hev ferdast i mine bod og ikkje gjort etter mine lover; men etter loverne åt heidningfolki som bur rundt ikring dykk, hev de gjort.
13 et factum est cum prophetarem Pheltias filius Banaiae mortuus est et cecidi in faciem meam clamans voce magna et dixi heu heu heu Domine Deus consummationem tu facis reliquiarum Israhel
Og det hende medan eg heldt på å spå, at Pelatja Benajason døydde. Då fall eg å gruve på mitt andlit og ropa med sterk røyst: «Å, å! Herre, Herre! Vil du tyna alt som er leivt i Israel?»
14 et factum est verbum Domini ad me dicens
Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
15 fili hominis fratres tui fratres tui viri propinqui tui et omnis domus Israhel universi quibus dixerunt habitatores Hierusalem longe recedite a Domino nobis data est terra in possessionem
Menneskjeson! Dine brør, dine brør, dine frendar og all Israels-lyden, alle saman, til deim er det Jerusalems-buarne segjer: «Haldt dykk langt burte frå Herren! Me hev fenge landet til eiga.»
16 propterea haec dicit Dominus Deus quia longe feci eos in gentibus et quia dispersi eos in terris ero eis in sanctificationem modicam in terris ad quas venerunt
Difor, seg: So segjer Herren, Herren: Då eg førde deim langt burt imillom heidningarne og spreidde deim i landi, då vart eg eit lite bil ein heilagdom åt deim i dei landi der dei kom.
17 propterea loquere haec dicit Dominus Deus congregabo vos de populis et adunabo de terris in quibus dispersi estis daboque vobis humum Israhel
Difor, seg: So segjer Herren, Herren: Eg vil samla dykk frå folki og henta dykk utor landi som de er kringspreidde i, og eg vil gjeva dykk Israels land.
18 et ingredientur illuc et auferent omnes offensiones cunctasque abominationes eius de illa
Ja, dit skal dei koma, og dei skal hava burt utor det all ufysna og all styggedomen.
19 et dabo eis cor unum et spiritum novum tribuam in visceribus eorum et auferam cor lapideum de carne eorum et dabo eis cor carneum
Og eg vil gjeva deim eitt hjarta, og ei ny ånd vil eg gjeva inn i deim. Og eg vil taka burt steinhjarta or deira kjøt, og eg vil gjeva deim eit kjøthjarta,
20 ut in praeceptis meis ambulent et iudicia mea custodiant faciantque ea et sint mihi in populum et ego sim eis in Deum
so dei skal ferdast i mine bod og halda mine lover og gjera etter deim. So skal dei vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud.
21 quorum cor post offendicula et abominationes suas ambulat horum viam in capite suo ponam dicit Dominus Deus
Men dei som let hjarta sitt ferdast etter hjarta åt dei ufyselege og styggjelege avgudarne sine, deira åtferd vil eg leggja på deira hovud, segjer Herren, Herren.»
22 et elevaverunt cherubin alas suas et rotae cum eis et gloria Dei Israhel erat super ea
Då lyfte kerubarne vengjerne sine, og hjuli fylgde med deim. Og herlegdomen åt Israels Gud var uppe yver deim.
23 et ascendit gloria Domini de medio civitatis stetitque super montem qui est ad orientem urbis
Og Herrens herlegdom steig upp midt utor byen og stana yver fjellet som er austanfor byen.
24 et spiritus levavit me adduxitque in Chaldeam ad transmigrationem in visione in spiritu Dei et sublata est a me visio quam videram
Og åndi lyfte meg og førde meg til Kaldæa, til dei burtførde - i syni, ved Guds Ande, hende det. Og upp ifrå meg for syni som eg hadde set.
25 et locutus sum ad transmigrationem omnia verba Domini quae ostenderat mihi
Og eg tala til dei burtførde alle dei Herrens ord som han hadde synt meg.

< Hiezechielis Prophetæ 11 >