< Deuteronomii 4 >

1 et nunc Israhel audi praecepta et iudicia quae ego doceo te ut faciens ea vivas et ingrediens possideas terram quam Dominus Deus patrum vestrorum daturus est vobis
«So høyr no, Israel, dei loverne og bodi eg lærer dykk, og haldt dykk etter deim, so de kann få liva og koma til å eiga det landet som Herren, fedreguden dykkar, vil gjeva dykk.
2 non addetis ad verbum quod vobis loquor neque auferetis ex eo custodite mandata Domini Dei vestri quae ego praecipio vobis
De skal ingen ting leggja attåt det som eg segjer dykk fyre, og ingen ting taka ifrå, men lyda Herrens bod, som eg no ber fram for dykk.
3 oculi vestri viderunt omnia quae fecit Dominus contra Beelphegor quomodo contriverit omnes cultores eius de medio vestri
De såg sjølve kva Herren gjorde då det hende dette med Ba’al-Peor; alle deim som fylgde Ba’al-Peor, rudde Herren ut or lyden;
4 vos autem qui adheretis Domino Deo vestro vivitis universi usque in praesentem diem
men de som heldt fast ved Herren, dykkar Gud, de hev alle fenge liva til denne dag.
5 scitis quod docuerim vos praecepta atque iustitias sicut mandavit mihi Dominus Deus meus sic facietis ea in terra quam possessuri estis
Sjå, no lærar eg dykk lover og bod, soleis som Herren, min Gud, hev sagt til meg, so de skal liva etter deim i det landet de kjem til og fær i eige.
6 et observabitis et implebitis opere haec est enim vestra sapientia et intellectus coram populis ut audientes universa praecepta haec dicant en populus sapiens et intellegens gens magna
So ber deim i hugen, og liv etter deim! Då fær de ord for visdom og klokskap hjå alle folkeslag; når dei høyrer um alle desse bodi, kjem dei til å segja: «For eit vist og vitugt folk det må vera, dette store folket!»
7 nec est alia natio tam grandis quae habeat deos adpropinquantes sibi sicut Dominus Deus noster adest cunctis obsecrationibus nostris
For kvar finst det eit folk, um det er aldri so stort, som hev ein gud so nær seg som Herren, vår Gud, er oss, kvar gong me kallar på honom?
8 quae est enim alia gens sic inclita ut habeat caerimonias iustaque iudicia et universam legem quam ego proponam hodie ante oculos vestros
Og kvar finst det eit folk, um det er aldri so stort, som hev so rettvise lover og bod som heile denne lovi eg legg fram for dykk i dag?
9 custodi igitur temet ipsum et animam tuam sollicite ne obliviscaris verborum quae viderunt oculi tui et ne excedant de corde tuo cunctis diebus vitae tuae docebis ea filios ac nepotes tuos
Men agta deg, so sant du hev livet ditt kjært, at du ikkje gløymer det du såg for augo dine! Lat det aldri ganga deg ut or hugen so lenge du liver, og gjer det kunnigt for borni og barneborni dine!
10 diem in quo stetisti coram Domino Deo tuo in Horeb quando Dominus locutus est mihi dicens congrega ad me populum ut audiat sermones meos et discat timere me omni tempore quo vivit in terra doceantque filios suos
Kom i hug den dagen då du stod framfor Herren, din Gud, innmed Horeb, og Herren sagde til meg: «Kalla folket i hop! Eg vil lata deim høyra bodi mine, so dei kann læra å ottast meg all den tid dei liver på jordi, og læra borni sine det same.»
11 et accessistis ad radices montis qui ardebat usque ad caelum erantque in eo tenebrae nubes et caligo
Då kom dei innåt, og stod nedunder fjellet, og fjellet stod i ljos loge til langt upp i himmelen, men rundt ikring var myrker og sky og skodd.
12 locutusque est Dominus ad vos de medio ignis vocem verborum eius audistis et formam penitus non vidistis
Og Herren tala til dykk midt utor elden; de høyrde ljoden av ordi, men nokon skapnad såg de ikkje; de høyrde berre ljoden.
13 et ostendit vobis pactum suum quod praecepit ut faceretis et decem verba quae scripsit in duabus tabulis lapideis
Då lyste han lovi si for dykk, og sagde de skulde halda henne, dei ti bodordi, og skreiv deim på tvo steintavlor.
14 mihique mandavit in illo tempore ut docerem vos caerimonias et iudicia quae facere deberetis in terra quam possessuri estis
Og meg bad Herren same gongen å læra dykk lover og bod som de skal liva etter i det landet de er på vegen til og skal leggja under dykk.
15 custodite igitur sollicite animas vestras non vidistis aliquam similitudinem in die qua locutus est Dominus vobis in Horeb de medio ignis
Tak dykk då vel i vare, so sant de hev livet kjært! for de såg ikkje nokon skapnad då Herren tala til dykk på Horeb midt utor elden.
16 ne forte decepti faciatis vobis sculptam similitudinem aut imaginem masculi vel feminae
Gjer ikkje so stor ei synd at de lagar dykk noko gudebilæte, noko kunstverk som likjest mann eller kvende
17 similitudinem omnium iumentorum quae sunt super terram vel avium sub caelo volantium
eller noko av dyri som leikar på jordi eller nokon av fuglarne som flyg uppi lufti,
18 atque reptilium quae moventur in terra sive piscium qui sub terra morantur in aquis
eller noko av kreket som krabbar på marki eller nokon av fiskarne som sym i vatnet utfyre landjordi.
19 ne forte oculis elevatis ad caelum videas solem et lunam et omnia astra caeli et errore deceptus adores ea et colas quae creavit Dominus Deus tuus in ministerium cunctis gentibus quae sub caelo sunt
Og når du lyfter augo dine upp imot himmelen, og skodar soli og månen og stjernorne, heile himmelheren, tak deg då i vare at du ikkje let deg dåra, so du bed til deim og dyrkar deim, deim som Herren, din Gud, hev gjeve åt alle folk under heile himmelen!
20 vos autem tulit Dominus et eduxit de fornace ferrea Aegypti ut haberet populum hereditarium sicut est in praesenti die
Men dykk tok Herren og førde ut or jarnomnen, or Egyptarland, so de skulde vera hans eige folk, soleis som de no er.
21 iratusque est Dominus contra me propter sermones vestros et iuravit ut non transirem Iordanem nec ingrederer terram optimam quam daturus est vobis
Og Herren vart harm på meg for dykkar skuld, og svor at eg skulde ikkje sleppa yver Jordan, og ikkje koma inn i det gilde landet som han gjev deg til odel og eiga.
22 ecce morior in hac humo non transibo Iordanem vos transibitis et possidebitis terram egregiam
Eg lyt døy i dette landet, eg slepp ikkje yver Jordan; men de skal koma yver, og få det gilde landet til eigedom.
23 cave nequando obliviscaris pacti Domini Dei tui quod pepigit tecum et facias tibi sculptam similitudinem eorum quae fieri Dominus prohibuit
Agta dykk då at de ikkje gløymer pakti Herren hev gjort med dykk, og lagar dykk noko gudebilæte som likjest nokon ting i verdi! for det hev Herren, din Gud, forbode deg.
24 quia Dominus Deus tuus ignis consumens est Deus aemulator
Herren, din Gud, er ein øydande eld, ein streng Gud.
25 si genueritis filios ac nepotes et morati fueritis in terra deceptique feceritis vobis aliquam similitudinem patrantes malum coram Domino Deo vestro ut eum ad iracundiam provocetis
Når du fær born og barneborn, og vert gamle i landet, og de då er so gudlause at de lagar dykk likjende av eitt eller anna og hev til gudebilæte, og soleis gjer det som Herren mislikar, og argar honom upp,
26 testes invoco hodie caelum et terram cito perituros vos esse de terra quam transito Iordane possessuri estis non habitabitis in ea longo tempore sed delebit vos Dominus
so tek eg i dag himmel og jord til vitne på at de snart skal verta utrudde or det landet de fær i eige når de kjem yver Jordan; de skal ikkje få liva der lenge, men verta heiltupp utøydde.
27 atque disperget in omnes gentes et remanebitis pauci in nationibus ad quas vos ducturus est Dominus
Herren skal spreida dykk millom folki; berre nokre få av dykk skal vera att i dei heidningriki han fører dykk til;
28 ibique servietis diis qui hominum manu fabricati sunt ligno et lapidi qui non vident non audiunt non comedunt non odorantur
og der lyt de tena gudar som mannehender hev laga, stokk og stein, som korkje kann sjå eller høyra eller eta eller lukta.
29 cumque quaesieris ibi Dominum Deum tuum invenies eum si tamen toto corde quaesieris et tota tribulatione animae tuae
Då skal du søkja Herren, din Gud, og du skal finna honom, so sant du søkjer honom av heile ditt hjarta og heile din hug.
30 postquam te invenerint omnia quae praedicta sunt novissimo tempore reverteris ad Dominum Deum tuum et audies vocem eius
Når du er i vande, og alt dette kjem yver deg, langt fram i tidi, då skal du venda deg til Herren att, og lyda etter ordi hans.
31 quia Deus misericors Dominus Deus tuus est non dimittet te nec omnino delebit neque obliviscetur pacti in quo iuravit patribus tuis
For Herren, din Gud, er ein mild Gud; han slepper deg ikkje, og let deg ikkje ganga til grunnar; han gløymer ikkje den pakti han gjorde med federne dine, og det han då lova.
32 interroga de diebus antiquis qui fuerunt ante te ex die quo creavit Deus hominem super terram a summo caeli usque ad summum eius si facta est aliquando huiuscemodi res aut umquam cognitum est
For spør deg berre fyre um dei framfarne dagar, som var fyre di tid, alt ifrå den dagen då Gud skapte menneskja på jordi, spør frå den eine enden av verdi til hin, um det hev hendt eller vore spurt noko so stort som dette,
33 ut audiret populus vocem Dei loquentis de medio ignis sicut tu audisti et vixisti
um noko folk hev høyrt Guds røyst midt utor elden, soleis som du hev gjort, og endå fenge liva,
34 si fecit Deus ut ingrederetur et tolleret sibi gentem de medio nationum per temptationes signa atque portenta per pugnam et robustam manum extentumque brachium et horribiles visiones iuxta omnia quae fecit pro vobis Dominus Deus vester in Aegypto videntibus oculis tuis
eller um nokon gud hev bode til å vilja henta seg eit folk midt ut or eit anna folk, med plågor og teikn og under og ufred, og med fast hand og strak arm og store rædslor, soleis som du såg Herren, din Gud, gjorde med dykk i Egyptarland.
35 ut scires quoniam Dominus ipse est Deus et non est alius praeter unum
Men alt dette fekk du sjå, so du skulde vita at Herren er Gud, han og ingen annan.
36 de caelo te fecit audire vocem suam ut doceret te et in terra ostendit tibi ignem suum maximum et audisti verba illius de medio ignis
Frå himmelen let han deg høyra røysti si, av di han vilde rettleida deg, og på jordi synte han deg den store elden sin, og midt utor elden høyrde du ordi hans.
37 quia dilexit patres tuos et elegit semen eorum post eos eduxitque te praecedens in virtute sua magna ex Aegypto
Han hadde lagt hug til federne dine, og kåra ut ætti deira; difor henta han deg sjølv ut or Egyptarland med si store magt
38 ut deleret nationes maximas et fortiores te in introitu tuo et introduceret te daretque tibi terram earum in possessionem sicut cernis in praesenti die
og vil for di skuld driva ut folk som er større og sterkare enn du, so han kann føra deg inn i landet deira, og lata deg få det til odel og eige, soleis som du no ser.
39 scito ergo hodie et cogitato in corde tuo quod Dominus ipse sit Deus in caelo sursum et in terra deorsum et non sit alius
So legg deg då i dag på hjarta og minne at Herren er Gud både uppi himmelen og nedpå jordi; det finst ingen annan Gud;
40 custodi praecepta eius atque mandata quae ego praecipio tibi ut bene sit tibi et filiis tuis post te et permaneas multo tempore super terram quam Dominus Deus tuus daturus est tibi
og haldt loverne og bodi hans, som eg lærer deg no; då skal det ganga deg vel, og borni dine og, og du skal få liva lenge i det landet som Herren, din Gud, gjev deg til æveleg eiga.»
41 tunc separavit Moses tres civitates trans Iordanem ad orientalem plagam
Den gongen skilde Moses ut tri byar austanfor Jordan,
42 ut confugiat ad eas qui occiderit nolens proximum suum nec fuerit inimicus ante unum et alterum diem et ad harum aliquam urbium possit evadere
so ein fredlaus kunde røma dit, når han uviljande hadde drepe nokon, og ikkje bar hat til honom frå fyrr; rømde han til ein av desse byarne, skulde han vera trygg for livet sitt.
43 Bosor in solitudine quae sita est in terra campestri de tribu Ruben et Ramoth in Galaad quae est in tribu Gad et Golam in Basan quae est in tribu Manasse
Det var Beser i øydemarki, på høgsletta, for rubenitarne, og Ramot i Gilead for gaditarne, og Golan i Basan for manassitarne.
44 ista est lex quam proposuit Moses coram filiis Israhel
Her er då den lovi som Moses lagde fram for Israels-sønerne;
45 et haec testimonia et caerimoniae atque iudicia quae locutus est ad filios Israhel quando egressi sunt de Aegypto
dette er dei bodi og fyresegnerne og rettarne han lyste for deim på ferdi frå Egyptarland,
46 trans Iordanem in valle contra fanum Phogor in terra Seon regis Amorrei qui habitavit in Esebon quem percussit Moses filii quoque Israhel egressi ex Aegypto
austanfor Jordan, i dalen midt for Bet-Peor, i det landet som Sihon, amoritarkongen, hadde ått, han som budde i Hesbon, og som Moses og Israels-sønerne vann yver då dei kom frå Egyptarland;
47 possederunt terram eius et terram Og regis Basan duorum regum Amorreorum qui erant trans Iordanem ad solis ortum
då tok dei både hans land og landet åt Og, kongen i Basan, landet åt båe amoritarkongarne som budde austanfor Jordan,
48 ab Aroer quae sita est super ripam torrentis Arnon usque ad montem Sion qui est et Hermon
frå Aroer, som ligg innmed Arnonåi, til Sionsfjellet, det som dei kallar Hermon,
49 omnem planitiem trans Iordanem ad orientalem plagam usque ad mare Solitudinis et usque ad radices montis Phasga
og heile Moalandet austanfor Jordan alt til Moavatnet, nedunder Pisgaliderne.

< Deuteronomii 4 >