< Danihelis Prophetæ 9 >

1 In anno primo Darii filii Assueri de semine Medorum qui imperavit super regnum Chaldaeorum
I det fyrste styringsåret åt Darius, son åt Ahasverus - han som var av medisk ætt, og var sett til konge yver Kaldæar-riket -
2 Anno uno regni eius ego Daniel intellexi in libris numerum annorum de quo factus est sermo Domini ad Ieremiam prophetam ut complerentur desolationis Ierusalem septuaginta anni
i det fyrste styringsåret hans kom eg, Daniel, i bøkerne til å gjeva ans på det åretalet som Herren hadde nemnt for profeten Jeremia, då han sagde at han vilde lata sytti år lida til endes, medan Jerusalem låg i røys.
3 Et posui faciem meam ad Dominum Deum meum rogare et deprecari in ieiuniis sacco et cinere
Då vende eg andlitet mot Herren Gud med inderleg bøn og påkalling, og attåt det fasta eg i sekk og oska.
4 Et oravi Dominum Deum meum et confessus sum et dixi Obsecro Domine Deus magne et terribilis custodiens pactum et misericordiam diligentibus te et custodientibus mandata tua
Eg bad til Herren, min Gud, og skrifta og sagde: «Å, Herre, du store og skræmelege Gud, du som held uppe samband og nåde mot deim som elskar deg og held bodi dine!
5 Peccavimus iniquitatem fecimus impie egimus et recessimus et declinavimus a mandatis tuis ac iudiciis
Me hev synda og gjort ille og vore gudlause og tråssuge; me hev vike av ifrå bodi dine og loverne dine.
6 Non obedivimus servis tuis prophetis qui locuti sunt in nomine tuo regibus nostris principibus nostris patribus nostris omnique populo terrae
Me hev ikkje høyrt på tenarane dine, profetarne, som tala i ditt namn til kongarne våre og hovdingarne og federne og heile landslyden.
7 Tibi Domine iustitia nobis autem confusio faciei sicut est hodie viro Iuda et habitatoribus Ierusalem et omni Israel his qui prope sunt et his qui procul in universis terris ad quas eiecisti eos propter iniquitates eorum in quibus peccaverunt in te
Du, Herre, er rettferdig, men me lyt blygjast, som me og gjer no, me Juda-menner og Jerusalems-buar og alt Israel, både dei som er nær og som bur langt burte i framande land, dit du hev drive deim burt, av di dei var utrue imot deg.
8 Domine nobis confusio faciei regibus nostris principibus nostris et patribus nostris qui peccaverunt
Ja, Herre, me må blygjast med kongarne og hovdingarne og federne våre, av di me hev synda imot deg.
9 Tibi autem Domino Deo nostro misericordia et propitiatio quia recessimus a te
Men hjå Herren, vår Gud, er miskunn og forlating. For me var tråssuge imot honom,
10 et non audivimus vocem Domini Dei nostri ut ambularemus in lege eius quam posuit nobis per servos suos prophetas
og høyrde ikkje på røysti åt Herren, vår Gud, um å leva etter loverne hans, som han lagde fram for oss ved tenarane sine, profetarne.
11 Et omnis Israel praevaricati sunt legem tuam et declinaverunt ne audirent vocem tuam et stillavit super nos maledictio et detestatio quae scripta est in libro Moysi servi Dei quia peccavimus ei
Nei, alt Israel braut di lov og veik av og høyrde ikkje på di røyst. Difor vart ho og utrend yver oss, den forbanningi som han hadde svore å senda, og som stend skrivi i lovi åt Guds tenar Moses; for me hadde synda imot honom.
12 Et statuit sermones suos quos locutus est super nos et super principes nostros qui iudicaverunt nos ut superinduceret in nos magnum malum quale numquam fuit sub omni caelo secundum quod factum est in Ierusalem
Han heldt ordi sine, som han hadde tala imot oss og imot domarane som dømde oss; og han let so stor ei ulukka koma yver oss, at det ingen stad under himmelen hev hendt noko slikt som hev hendt i Jerusalem.
13 Sicut scriptum est in lege Moysi omne malum hoc venit super nos et non rogavimus faciem tuam Domine Deus noster ut reverteremur ab iniquitatibus nostris et cogitaremus veritatem tuam
Etter det som stend skrive i Moselovi, kom all denne ulukka yver oss; men endå gjorde me inkje til å blidka Herren, vår Gud, med å vende um ifrå misgjerningarne våre og agta på sanningi di.
14 Et vigilavit Dominus super malitiam et adduxit eam super nos iustus Dominus Deus noster in omnibus operibus suis quae fecit non enim audivimus vocem eius
Difor vakte og Herren yver ulukka og let henne koma yver oss; for Herren, vår Gud, er rettferdig i alle dei gjerningar han gjer; men me høyrde ikkje på røysti hans.
15 Et nunc Domine Deus noster qui eduxisti populum tuum de Terra Aegypti in manu forti et fecisti tibi nomen secundum diem hanc peccavimus iniquitatem fecimus
Og no, Herre, vår Gud, du som førde folket ditt ut or Egyptarland med sterk hand og soleis gjorde deg eit namn som er det same endå i dag! Me hev synda, me hev vore gudlause.
16 Domine in omnem iustitiam tuam avertatur obsecro ira tua et furor tuus a civitate tua Ierusalem et monte sancto tuo Propter peccata enim nostra et iniquitates patrum nostrorum Ierusalem et populus tuus in opprobrium sunt omnibus per circuitum nostrum
Men Herre, for all di rettferd skuld, lat vreiden og harmen din venda seg ifrå Jerusalem, ditt heilage fjell! for ved synderne våre og misgjerningarne åt federne våre hev Jerusalem og folket ditt vorte til spott for alle som bur ikring oss.
17 Nunc ergo exaudi Deus noster orationem servi tui et preces eius et ostende faciem tuam super sanctuarium tuum quod desertum est propter temetipsum
Og høyr no, vår Gud, bøni og påkallingi åt tenaren din, og lat di åsyn lysa yver den øydelagde heilagdomen din, for Herrens skuld.
18 Inclina Deus meus aurem tuam et audi aperi oculos tuos et vide desolationem nostram et civitatem super quam invocatum est nomen tuum neque enim in iustificationibus nostris prosternimus preces ante faciem tuam sed in miserationibus tuis multis
Bøyg, min Gud, øyra ditt hit og høyr! Lat upp augo dine og sjå røysarne våre og byen som er uppkalla etter ditt namn! For me lit ikkje på våre rettferdsverk når me ber fram våre påkallingar for di åsyn, men me lit på di store miskunn.
19 Exaudi Domine placare Domine attende et fac ne moreris propter temetipsum Deus meus quia nomen tuum invocatum est super civitatem et super populum tuum
Herre, høyr! Herre, forlat! Herre, gjev gaum, gjer ditt verk, og dryg ikkje - for di skuld, min Gud! for byen din og folket ditt er då uppkalla etter ditt namn.»
20 Cumque adhuc loquerer et orarem et confiterer peccata mea et peccata populi mei Israel et prosternerem preces meas in conspectu Dei mei pro monte sancto Dei mei
Endå medan eg tala soleis og bad og sanna mi eigi synd og syndi åt Israel, folket mitt, og for Herren, min Gud, bar fram mi forbøn for min Guds heilage fjell,
21 Adhuc me loquente in oratione ecce vir Gabriel quem videram in visione a principio cito volans tetigit me in tempore sacrificii vespertini
endå medan eg tala soleis i bøn, kom Gabriel til meg, den mannen som eg fyrr hadde set i syni, den gongen eg seig i uvit; og det var ved det bilet då kveldsofferet vart frambore.
22 Et docuit me et locutus est mihi dixitque Daniel nunc egressus sum ut docerem te et intelligeres
Han greidde ut for meg og tala til meg og sagde: «Daniel, eg er no utgjengen og skal læra deg å skyna.
23 Ab exordio precum tuarum egressus est sermo ego autem veni ut indicarem tibi quia vir desideriorum es tu ergo animadverte sermonem et intellige visionem
Då du tok til å beda, gjekk det ut eit ord, og eg er komen og vil gjeva deg melding, for du er sers gjæv. So gjev då agt på ordet, og agta på syni!
24 Septuaginta hebdomades abbreviatae sunt super populum tuum et super urbem sanctam tuam ut consummetur praevaricatio et finem accipiat peccatum et deleatur iniquitas et adducatur iustitia sempiterna et impleatur visio et prophetia et ungatur Sanctus sanctorum
Sytti vikor er fastsette for folket ditt og for den heilage byen din, innan brotet vert fullenda, og synderne tek slutt, og misgjerningarne vert sona, og ei æveleg rettferd førd fram, og innan syn og profetord vert stadfeste, og ein høgheilag heilagdom vert salva.
25 Scito ergo et animadverte Ab exitu sermonis ut iterum aedificetur Ierusalem usque ad Christum ducem hebdomades septem et hebdomades sexaginta duae erunt et rursum aedificabitur platea et muri in angustia temporum
Og du skal vita og skyna: Frå den tidi då ordet gjekk ut um atterreising av Jerusalem, til dess det kjem ein som er salva, ein fyrste, skal sju vikor lida av, og i tvo og seksti vikor byen skal det verta atterreist med gator og vollgraver, endå um tiderne er tronge.
26 Et post hebdomades sexaginta duas occidetur Christus et non erit eius populus qui eum negaturus est Et civitatem et sanctuarium dissipabit populus cum duce venturo et finis eius vastitas et post finem belli statuta desolatio
Men etter dei tvo og seksti vikorne skal ein som er salva, verta utrudd og inkje hava. Og byen og heilagdomen skal verta øydde av folket åt ein fyrste som kjem, og han skal enda i ein storflaum; Og alt til enden skal det vera strid. Øyding er urikkeleg avgjord.
27 Confirmabit autem pactum multis hebdomada una et in dimidio hebdomadis deficiet hostia et sacrificium et erit in templo abominatio desolationis et usque ad consummationem et finem perseverabit desolatio
Og han skal gjera eit sterkt samband med mange for ei vika, og ved honom skal slagtoffer og grjonoffer vera avteke for ei halv vika; og på styggedoms veng skal øydaren koma. Detta skal ganga fyre seg, til dess øyding og urikkeleg avgjord straffedom strøymer ut yver øydaren.»

< Danihelis Prophetæ 9 >