< Danihelis Prophetæ 6 >
1 Placuit Dario et constituit super regnum satrapas centum viginti ut essent in toto regno suo
Og Darius fann for godt å setja eit hundrad og tjuge satrapar yver riket, so det alle stadar i riket skulde vera slike å finna.
2 Et super eos principes tres ex quibus Daniel unus erat ut satrapae illis redderent rationem et rex non sustineret molestiam
Og yver deim sette han tri riksrådar, og av deim var Daniel den eine; for deim skulde satraparne gjera rekneskap, so kongen ingen skade leid.
3 Igitur Daniel superabat omnes principes et satrapas quia spiritus Dei amplior erat in illo
Men Daniel merkte seg ut framfor hine riksrådarne og satraparne, for det var ei makelaus ånd i honom, og kongen tenkte på å setja honom yver heile riket.
4 Porro rex cogitabat constituere eum super omne regnum unde principes et satrapae quaerebant occasionem ut invenirent Danieli ex latere regis nullamque causam et suspicionem reperire potuerunt eo quod fidelis esset et omnis culpa et suspicio non inveniretur in eo
Då søkte dei andre riksrådarne og satraparne å finna ei sak imot Daniel i det som kom riksstyringi ved. Men dei kunde ingi sovore sak finna, eller noko som var rangt, med di han var trugen i tenesta si; ingi misferd og inkje rangt var å finna hjå honom.
5 Dixerunt ergo viri illi Non inveniemus Danieli huic aliquam occasionem nisi forte in lege Dei sui
Då sagde mennerne: «Me finn ikkje nokor sak imot denne Daniel, minder det skulde lata seg gjera å finna noko i gudsdyrkingi hans.»
6 Tunc principes et satrapae surripuerunt regi et sic locuti sunt ei Dari rex in aeternum vive
Etter dette styrmde desse riksrådarne og satraparne inn til kongen og sagde soleis til honom: «Kong Darius live æveleg!
7 consilium inierunt omnes principes regni tui magistratus et satrapae senatores et iudices ut decretum imperatorium exeat et edictum Ut omnis qui petierit aliquam petitionem a quocumque deo et homine usque ad triginta dies nisi a te rex mittatur in lacum leonum
Alle riksrådarne og jarlarne og satraparne, rådsherrarne og landshovdingarne i riket hev samrådt seg um at eit kongelegt påbod burde verta gjeve, og eit forbod ferda ut, at kven det er som i tretti dagar heldt si bøn til nokon annan, det vere gud eller menneskje, enn til deg, konge, han skal verta kasta i løvegropi.
8 Nunc itaque rex confirma sententiam et scribe decretum ut non immutetur quod statutum est a Medis et Persis nec praevaricari cuiquam liceat
So lat det no, konge, verta ferda ut eit forbod, og lat det setja upp skriftleg, so det ikkje kann takast attende, etter ubrigdeleg lov hjå medarar og persarar.»
9 Porro rex Darius proposuit edictum et statuit
I samhøve med dette let kong Darius eit skriv setja upp og eit forbod ferda ut.
10 Quod cum Daniel comperisset id est constitutam legem ingressus est domum suam et fenestris apertis in coenaculo suo contra Ierusalem tribus temporibus in die flectebat genua sua et adorabat confitebaturque coram Deo suo sicut et ante facere consueverat
Men so snart Daniel hadde fenge visst at skrivet var uppsett, gjekk han inn i huset sitt; der hadde han på den øvre salen sin vindaugo som var opne mot Jerusalem. Der fall han tri gonger um dagen på kne og bad og takka Gud, soleis som han fyrr hadde vore van til å gjera.
11 Viri ergo illi curiosius inquirentes invenerunt Danielem orantem et obscerantem Deum suum
Då styrmde mennerne inn, og dei fann Daniel, som bad og kalla på sin Gud.
12 Et accedentes locuti sunt regi super edicto Rex numquid non constituisti ut omnis homo qui rogaret quemquam de diis et hominibus usque ad dies triginta nisi te rex mitteretur in lacum leonum Ad quos respondens rex ait verus est sermo iuxta decretum Medorum atque Persarum quod praevaricari non licet
Sidan gjekk dei til kongen og spurde honom um det kongelege forbodet: «Hev du ikkje late setja upp eit forbod, at kven det er som i tretti dagar held si bøn til nokon annan, det vere gud eller menneskje, enn til deg, konge, han skal verta kasta i løvegropi?» Kongen svara: «Jau, og det ordet stend fast etter ubrigdeleg lov hjå medarar og persarar.»
13 Tunc respondentes dixerunt coram rege Daniel de filiis captivitatis Iuda non curavit de lege tua et de edicto quod constituisti sed tribus temporibus per diem orat obsecratione sua
Då svara dei og sagde til kongen: «Daniel, ein av dei jødiske fangarne, agtar korkje på deg eller på det forbodet som du hev late setja upp, men held si bøn tri gonger um dagen.»
14 Quod verbum cum audisset rex satis contristatus est et pro Daniele posuit cor ut liberaret eum et usque ad occasum solis laborabat ut erueret illum
Då kongen høyrde dette, vart han svært sorgfull, og gjorde seg sut for korleis han skulde kunna berga Daniel; alt til soleglad mødde han seg med å leita etter ein utveg til å hjelpa honom.
15 Viri autem illi intelligentes regem dixerunt ei Scito rex quia lex Medorum atque Persarum est ut omne decretum quod constituerit rex non liceat immutari
Då styrmde mennerne inn til kongen og sagde til honom: «Kongen må vita at det er ei lov hjå medararne og persararne, at ikkje noko forbod eller påbod som kongen ferdar ut, kann brigdast.»
16 Tunc rex praecepit et adduxerunt Danielem et miserunt eum in lacum leonum Dixitque rex Danieli Deus tuus quem colis semper ipse liberabit te
Då baud kongen at dei skulde henta Daniel og kasta honom i løvegropi; og kongen tala til Daniel og sagde: «Guden din, som du so ideleg dyrkar, han frelsa deg!»
17 Allatusque est lapis unus et positus est super os laci quem obsignavit rex annulo suo et annulo optimatum suorum nequid fieret contra Danielem
Og dei fann fram ein stein og lagde den yver gropsmunnen, og kongen innsigla honom med sitt eige innsigle og innsiglet åt stormennerne sine, so det ikkje skulde verta gjort noko um att i det som hadde hendt med Daniel.
18 Et abiit rex in domum suam et dormivit incoenatus cibique non sunt allati coram eo insuper et somnus recessit ab eo
Etter dette gjekk kongen heim til slottet sitt, og han fasta heile natti og let ingi kvinnor koma inn til seg; og han fekk ikkje blund på augo.
19 Tunc rex primo diluculo consurgens festinus ad lacum leonum perrexit
Sidan um morgonen, i lysingi, reis kongen upp og skunda seg til løvegropi.
20 appropinquansque lacui Danielem voce lacrymabili inclamavit et affatus est eum Daniel serve Dei viventis Deus tuus cui tu servis semper putasne valuit te liberare a leonibus
Og då han var nær burt åt gropi komen, ropa han på Daniel med sorgfull røyst. Kongen tok til ords og sagde til Daniel: «Daniel, du tenar åt den levande Gud, må tru Guden din, den som du so ideleg dyrkar, hev kunna berga deg frå løvorne?»
21 Et Daniel regi respondens ait Rex in aeternum vive
Då svara Daniel kongen: «Kongen live æveleg!
22 Deus meus misit angelum suum et conclusit ora leonum et non nocuerunt mihi quia coram eo iustitia inventa est in me sed et coram te rex delictum non feci
Min Gud hev sendt engelen sin til å lata att løvemunnarne, so dei ingen skade hev gjort meg. For eg er funnen saklaus for honom; og ikkje heller hev eg forbrote meg mot deg, konge.»
23 Tunc vehementer rex gavisus est super eo et Danielem praecepit educi de lacu eductusque est Daniel de lacu et nulla laesio inventa est in eo quia credidit Deo suo
Då vart kongen ovleg glad, og baud at dei skulde taka Daniel upp or gropi. Og då Daniel var teken upp or gropi, kunde dei ingen skade finna på honom; for han hadde trutt på sin Gud.
24 Iubente autem rege adducti sunt viri illi qui accusaverant Danielem et in lacum leonum missi sunt ipsi et filii et uxores eorum et non pervenerunt usque ad pavimentum laci donec arriperent eos leones et omnia ossa eorum comminuerunt
Sida baud kongen, og dei henta dei mennerne som hadde klaga Daniel, og kasta deim og borni og konorne deira i løvegropi; og endå fyrr dei var til botnar komne, rauk løvorne på deim og krasa kvart beinet i deim.
25 Tunc Darius rex scripsit universis populis tribubus et linguis habitantibus in universa terra PAX vobis multiplicetur
Etter dette skreiv kong Darius til alle folk og ætter og tungemål som fanst på heile jordi: «Heil og sæl!
26 A me constitutum est decretum ut in universo imperio et regno meo tremiscant et paveant Deum Danielis ipse est enim Deus vivens et aeternus in saecula et regnum eius non dissipabitur et potestas eius usque in aeternum
Hermed gjev eg det bodet at i heile mitt rike skal folk skjelva og ottast for Daniels Gud. For han er den livande Gud, som skal vera i all æva; og riket hans er eit som ikkje kann øydast, og veldet hans varer alt til enden.
27 Ipse liberator atque salvator faciens signa et mirabilia in caelo et in terra qui liberavit Danielem de lacu leonum
Han frelsar og friar ut, han gjer teikn og under i himmelen og på jordi, han som hev frelst Daniel or løve-vald.»
28 Porro Daniel perseveravit usque ad regnum Darii regnumque Cyri Persae
Og denne Daniel steig i æra og magt i styringstidi åt Darius og persaren Kyrus.