< Colossenes 1 >

1 Paulus apostolus Christi Iesu per voluntatem Dei et Timotheus frater
Paulus, Kristi Jesu apostel ved Guds vilje, og broderen Timoteus
2 his qui sunt Colossis sanctis et fidelibus fratribus in Christo Iesu gratia vobis et pax a Deo Patre nostro
til dei heilage og truande brør i Kristus i Kolossæ: Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Fader!
3 gratias agimus Deo et Patri Domini nostri Iesu Christi semper pro vobis orantes
Me takkar alltid Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, når me bed for dykk,
4 audientes fidem vestram in Christo Iesu et dilectionem quam habetis in sanctos omnes
sidan me høyrde um dykkar tru på Kristus Jesus og den kjærleik de hev til alle dei heilage,
5 propter spem quae reposita est vobis in caelis quam audistis in verbo veritatis evangelii
for den von skuld som er gøymd åt dykk i himmelen, den som de fyrr hev høyrt um gjenom sannings-ordet i evangeliet,
6 quod pervenit ad vos sicut et in universo mundo est et fructificat et crescit sicut in vobis ex ea die qua audistis et cognovistis gratiam Dei in veritate
som er kome til dykk, liksom det og er i heile verdi og ber frukt og veks som hjå dykk frå den dag då de høyrde det og lærde å kjenna Guds nåde i sanning,
7 sicut didicistis ab Epaphra carissimo conservo nostro qui est fidelis pro vobis minister Christi Iesu
so som de hev lært av Epafras, vår kjære medtenar, som er ein tru Kristi tenar for dykk,
8 qui etiam manifestavit nobis dilectionem vestram in Spiritu
som og hev fortalt oss um dykkar kjærleik i Anden.
9 ideo et nos ex qua die audivimus non cessamus pro vobis orantes et postulantes ut impleamini agnitione voluntatis eius in omni sapientia et intellectu spiritali
Difor held me, frå den dag me høyrde det, ikkje heller upp med å gjera bøn for dykk og beda um at de må verta fyllte med kunnskap um hans vilje i all åndeleg visdom og skynsemd,
10 ut ambuletis digne Deo per omnia placentes in omni opere bono fructificantes et crescentes in scientia Dei
so de må ferdast verdigt for Herren til all hugnad, so de ber frukt og veks i all god gjerning ved kunnskapen um Gud,
11 in omni virtute confortati secundum potentiam claritatis eius in omni patientia et longanimitate cum gaudio
so de vert styrkte med all styrke etter hans herlegdoms kraft til alt tolmod og langmod,
12 gratias agentes Patri qui dignos nos fecit in partem sortis sanctorum in lumine
so de med gleda takkar Faderen som gjorde oss duglege til å få arvlut med dei heilage i ljoset,
13 qui eripuit nos de potestate tenebrarum et transtulit in regnum Filii dilectionis suae
han som fria oss ut frå myrkers magt og sette oss yver sin kjære Sons rike.
14 in quo habemus redemptionem remissionem peccatorum
I honom hev me utløysingi, forlating for synderne.
15 qui est imago Dei invisibilis primogenitus omnis creaturae
Og han er eit bilæte av Gud den usynlege, den fyrstefødde framfor all skapning;
16 quia in ipso condita sunt universa in caelis et in terra visibilia et invisibilia sive throni sive dominationes sive principatus sive potestates omnia per ipsum et in ipso creata sunt
for i honom er alle ting skapte, dei i himmelen og dei på jordi, dei synlege og dei usynlege, anten det so er kongssæte eller herredøme eller magter eller yverråder; alle saman er dei skapte ved honom, og til honom,
17 et ipse est ante omnes et omnia in ipso constant
og han er fyrr enn alle ting, og alle ting stend ved lag i honom.
18 et ipse est caput corporis ecclesiae qui est principium primogenitus ex mortuis ut sit in omnibus ipse primatum tenens
Og han er hovudet for likamen, som er kyrkja, han som er upphavet, den fyrstefødde av dei daude, for at han i alle måtar skulde vera den fremste.
19 quia in ipso conplacuit omnem plenitudinem habitare
For i honom tektest det Gud, at heile hans fylla skulde bu,
20 et per eum reconciliare omnia in ipsum pacificans per sanguinem crucis eius sive quae in terris sive quae in caelis sunt
og ved honom å forlika alle ting med seg, med di han gjorde fred med blodet på krossen hans - ved honom, anten det so er dei på jordi eller dei i himmelen.
21 et vos cum essetis aliquando alienati et inimici sensu in operibus malis
Ogso dykk som fordom var framande vortne og fiendar ved dykkar huglag, i dei vonde gjerningar,
22 nunc autem reconciliavit in corpore carnis eius per mortem exhibere vos sanctos et inmaculatos et inreprehensibiles coram ipso
dykk hev han no forlikt i hans kjøts likam ved dauden, for å stella dykk fram heilage og ulastande og uklandrande for si åsyn,
23 si tamen permanetis in fide fundati et stabiles et inmobiles ab spe evangelii quod audistis quod praedicatum est in universa creatura quae sub caelo est cuius factus sum ego Paulus minister
so framt de vert verande i trui, grunnfeste og trauste, og ikkje let dykk rikka frå den voni evangeliet gjev, det som de hev høyrt, som er forkynt for kvar skapning under himmelen, og som eg, Paulus, vart tenar for.
24 qui nunc gaudeo in passionibus pro vobis et adimpleo ea quae desunt passionum Christi in carne mea pro corpore eius quod est ecclesia
No gleder eg meg yver mine lidingar for dykk og utfyller i mitt kjøt det som endå vantar i Kristi trengslor, for hans likam som er kyrkja,
25 cuius factus sum ego minister secundum dispensationem Dei quae data est mihi in vos ut impleam verbum Dei
som eg hev vorte tenar til etter det Guds hushald som eg hev fenge millom dykk, det vil segja å fullføra Guds ord,
26 mysterium quod absconditum fuit a saeculis et generationibus nunc autem manifestatum est sanctis eius (aiōn g165)
den løyndomen som var duld frå alle tider og ætter vart til, men no er openberra for hans heilage, (aiōn g165)
27 quibus voluit Deus notas facere divitias gloriae sacramenti huius in gentibus quod est Christus in vobis spes gloriae
som Gud vilde kunngjera, kor rik på herlegdom denne løyndomen er millom heidningarne, det er Kristus millom dykk, voni um herlegdom.
28 quem nos adnuntiamus corripientes omnem hominem et docentes omnem hominem in omni sapientia ut exhibeamus omnem hominem perfectum in Christo Iesu
Og honom forkynner me, med di me påminner kvart menneskje og lærer kvart menneskje med all visdom, so me kann framstella kvart menneskje fullkome i Kristus.
29 in quo et laboro certando secundum operationem eius quam operatur in me in virtute
For dette arbeider eg og, med di eg strider med hans kraft som verkar i meg med styrke.

< Colossenes 1 >