< Actuum Apostolorum 20 >
1 postquam autem cessavit tumultus vocatis Paulus discipulis et exhortatus eos valedixit et profectus est ut iret in Macedoniam
Då so uppstyret hadde stilna, kalla Paulus læresveinarne til seg og gav deim påminningar og bad farvel med deim; so drog han ut og vilde fara til Makedonia.
2 cum autem perambulasset partes illas et exhortatus eos fuisset multo sermone venit ad Graeciam
Då han hadde fare gjenom desse landi og påminnt deim med mange ord, kom han til Grækland.
3 ubi cum fecisset menses tres factae sunt illi insidiae a Iudaeis navigaturo in Syriam habuitque consilium ut reverteretur per Macedoniam
Der vart han verande tri månader; og då jøderne lagde upp meinråd imot honom medan han skulde til å sigla til Syria, tok han den råd å leggja attervegen gjenom Makedonia.
4 comitatus est autem eum Sopater Pyrri Beroensis Thessalonicensium vero Aristarchus et Secundus et Gaius Derbeus et Timotheus Asiani vero Tychicus et Trophimus
Til Asia fylgde honom Sopater, son åt Pyrrus, frå Berøa, og av deim frå Tessalonika Aristarkus og Sekundus, og Gaius frå Derbe og Timoteus, og av deim frå Asia Tykikus og Trofimus.
5 hii cum praecessissent sustinebant nos Troade
Desse drog i fyrevegen og venta på oss i Troas.
6 nos vero navigavimus post dies azymorum a Philippis et venimus ad eos Troadem in diebus quinque ubi demorati sumus diebus septem
Men me siglde ut frå Filippi etter søtebrødhelgi, og kom fem dagar etter til deim i Troas, der me so drygde i sju dagar.
7 in una autem sabbati cum convenissemus ad frangendum panem Paulus disputabat eis profecturus in crastinum protraxitque sermonem usque in mediam noctem
Den fyrste dagen i vika var me saman og braut brødet; då heldt Paulus samtalar med deim, av di han vilde draga burt dagen etter, og han tøygde talen ut like til midnatt.
8 erant autem lampades copiosae in cenaculo ubi eramus congregati
Det var mange lampor i salen der me var samla.
9 sedens autem quidam adulescens nomine Eutychus super fenestram cum mergeretur somno gravi disputante diu Paulo eductus somno cecidit de tertio cenaculo deorsum et sublatus est mortuus
Men ein ung mann med namnet Eutykus sat i vindauga og var fallen i djup svevn, då Paulus drog samtalen so lenge ut, og i svevnen datt han ut og sturta ned frå tridje høgdi og vart teken upp livlaus.
10 ad quem cum descendisset Paulus incubuit super eum et conplexus dixit nolite turbari anima enim ipsius in eo est
Men Paulus gjekk ned og kasta seg yver honom og tok honom i famnen og sagde: «Ståka ikkje! for sjæli hans er i honom.»
11 ascendens autem frangensque panem et gustans satisque adlocutus usque in lucem sic profectus est
So gjekk han upp att og braut brødet og åt av det; og då han hadde tala med deim ei lang stund heilt til dagsprett, drog han av stad.
12 adduxerunt autem puerum viventem et consolati sunt non minime
Dei førde guten livande burt og vart storleg trøysta.
13 nos autem ascendentes navem enavigavimus in Asson inde suscepturi Paulum sic enim disposuerat ipse per terram iter facturus
Me hadde då gjenge um bord i skipet og siglde av til Assus og skulde taka Paulus um bord der; for so hadde han påbode, då han sjølv vilde ganga.
14 cum autem convenisset nos in Asson adsumpto eo venimus Mytilenen
Då han so kom til oss i Assus, tok me honom um bord og kom til Mitylene;
15 et inde navigantes sequenti die venimus contra Chium et alia adplicuimus Samum et sequenti venimus Miletum
og derifrå siglde me og kom dagen etter beint utfor Kios; andre dagen kom me til Samos, og då me hadde drygt ei stund i Trogillium, kom me dagen etter til Milet.
16 proposuerat enim Paulus transnavigare Ephesum ne qua mora illi fieret in Asia festinabat enim si possibile sibi esset ut diem pentecosten faceret Hierosolymis
For Paulus hadde sett seg fyre å sigla utanum Efesus, so han ikkje skulde spilla tid i Asia; for han trøytte seg etter å nå Jerusalem til kvitsundagen, um det var mogelegt for honom.
17 a Mileto autem mittens Ephesum vocavit maiores natu ecclesiae
Frå Milet sende han so bod til Efesus og kalla til seg dei eldste for kyrkjelyden.
18 qui cum venissent ad eum et simul essent dixit eis vos scitis a prima die qua ingressus sum in Asiam qualiter vobiscum per omne tempus fuerim
Då dei var komne til honom, sagde han til deim: «De veit korleis mi ferd hjå dykk hev vore heile tidi, alt frå fyrste dagen eg kom til Asia,
19 serviens Domino cum omni humilitate et lacrimis et temptationibus quae mihi acciderunt ex insidiis Iudaeorum
at eg tente Herren med all audmykt og med tåror og i freistingar, som meinråderne frå jødarne førde yver meg,
20 quomodo nihil subtraxerim utilium quo minus adnuntiarem vobis et docerem vos publice et per domos
korleis eg ikkje heldt att noko av det som kunde vera dykk til gagn, men forkynte dykk det og lærde dykk det for ålmenta og heime i husi,
21 testificans Iudaeis atque gentilibus in Deum paenitentiam et fidem in Dominum nostrum Iesum Christum
med di eg vitna både for jødar og grækarar um umvendingi til Gud og trui på vår Herre Jesus Kristus.
22 et nunc ecce alligatus ego Spiritu vado in Hierusalem quae in ea eventura sint mihi ignorans
Og no, sjå, bunden av Anden dreg eg til Jerusalem, og veit ikkje kva som der skal møta meg,
23 nisi quod Spiritus Sanctus per omnes civitates protestatur mihi dicens quoniam vincula et tribulationes me manent
utan det at den Heilage Ande i by etter by vitnar for meg og segjer at band og trengslor ventar meg.
24 sed nihil horum vereor nec facio animam pretiosiorem quam me dummodo consummem cursum meum et ministerium quod accepi a Domino Iesu testificari evangelium gratiae Dei
Men for meg sjølv agtar eg ikkje mitt liv eit ord verdt, når eg berre kann fullføra mitt laup og den tenesta som eg fekk av Herren Jesus: å vitna um evangeliet um Guds nåde.
25 et nunc ecce ego scio quia amplius non videbitis faciem meam vos omnes per quos transivi praedicans regnum Dei
Og no, sjå, eg veit at de ikkje meir skal sjå mi åsyn, alle de som eg gjekk um imillom og forkynte Guds rike.
26 quapropter contestor vos hodierna die quia mundus sum a sanguine omnium
Difor vitnar eg for dykk på denne dagen at eg er rein for alle manns blod.
27 non enim subterfugi quo minus adnuntiarem omne consilium Dei vobis
For ikkje heldt eg noko undan, men eg forkynte dykk heile Guds råd.
28 adtendite vobis et universo gregi in quo vos Spiritus Sanctus posuit episcopos regere ecclesiam Dei quam adquisivit sanguine suo
Gjev då agt på dykk sjølve og på heile den hjord som den Heilage Ande sette dykk til tilsynsmenner i til å vakta Guds kyrkjelyd, som han vann seg med sitt eige blod!
29 ego scio quoniam intrabunt post discessionem meam lupi graves in vos non parcentes gregi
Eg veit at etter min burtgang skal det koma inn millom dykk ville vargar, som ikkje sparer hjordi.
30 et ex vobis ipsis exsurgent viri loquentes perversa ut abducant discipulos post se
Ja, frå dykk sjølve skal det koma fram folk som fer med forvend tale og vil lokka læresveinarne etter seg.
31 propter quod vigilate memoria retinentes quoniam per triennium nocte et die non cessavi cum lacrimis monens unumquemque vestrum
Vak difor, og kom i hug at eg tri år natt og dag ikkje heldt upp med å påminna kvar ein med tåror!
32 et nunc commendo vos Deo et verbo gratiae ipsius qui potens est aedificare et dare hereditatem in sanctificatis omnibus
Og no legg eg dykk yver på Gud og hans nådeord, han som hev magt til å uppbyggja dykk og gjeva dykk arvlut bland alle deim som hev vorte helga.
33 argentum aut aurum aut vestem nullius concupivi
Ingen manns sylv eller gull eller klædnad hev eg kravt.
34 ipsi scitis quoniam ad ea quae mihi opus erant et his qui mecum sunt ministraverunt manus istae
De veit sjølve at det som eg sjølv trong, og dei som var med meg, det hev desse henderne arbeidt for.
35 omnia ostendi vobis quoniam sic laborantes oportet suscipere infirmos ac meminisse verbi Domini Iesu quoniam ipse dixit beatius est magis dare quam accipere
I alle måtar synte eg dykk, at soleis skal me med strævsamt arbeid vera til hjelp for dei veike og hugsa på Herren Jesu ord, som han sjølv hev sagt: «Det er sælare å gjeva enn å taka.»»
36 et cum haec dixisset positis genibus suis cum omnibus illis oravit
Då han hadde sagt dette, fall han på kne og bad saman med deim alle.
37 magnus autem fletus factus est omnium et procumbentes super collum Pauli osculabantur eum
Då brast dei alle i sterk gråt og fall Paulus um halsen og kysste honom.
38 dolentes maxime in verbo quo dixerat quoniam amplius faciem eius non essent visuri et deducebant eum ad navem
Og mest vondt gjorde deim det ordet han hadde sagt, at dei ikkje meir skulde få sjå hans åsyn. So fylgde dei honom til skipet.