< Ii Samuelis 17 >
1 dixit igitur Ahitofel ad Absalom eligam mihi duodecim milia virorum et consurgens persequar David hac nocte
Ahitofel sagde med Absalom: «Lat meg velja ut tolv tusund mann, so vil eg leggja i veg og forfylgja David alt i natt!
2 et inruens super eum quippe qui lassus est et solutis manibus percutiam eum cumque fugerit omnis populus qui cum eo est percutiam regem desolatum
So kjem eg brått yver honom og skræmer honom medan han er trøytt og veik. Då vil alle folki hans taka til rømings. So drep eg kongen medan han er åleine.
3 et reducam universum populum quomodo omnis reverti solet unum enim virum tu quaeris et omnis populus erit in pace
So skal eg føra alt folket attende til deg; for um det gjeng so med den mannen du søkjer, er det som alle kjem attende; heile folket vil halda fred.»
4 placuitque sermo eius Absalom et cunctis maioribus natu Israhel
Absalom og alle dei øvste i Israel lika godt den rådi.
5 ait autem Absalom vocate et Husai Arachiten et audiamus quid etiam ipse dicat
Like vel sagde Absalom: «Ropa ogso arkiten Husai inn! so fær me ogso høyra kva han råder til.»
6 cumque venisset Husai ad Absalom ait Absalom ad eum huiuscemodi sermonem locutus est Ahitofel facere debemus an non quod das consilium
Då Husai kom inn til Absalom, sagde Absalom til honom: «So og so hev Ahitofel sagt. Skal me fylgja hans råd? I anna fall, kva meiner du?»
7 et dixit Husai ad Absalom non bonum consilium quod dedit Ahitofel hac vice
Husai svara Absalom: «Den rådi Ahitofel hev gjeve denne gongen, er ikkje god.
8 et rursum intulit Husai tu nosti patrem tuum et viros qui cum eo sunt esse fortissimos et amaro animo veluti si ursa raptis catulis in saltu saeviat sed et pater tuus vir bellator est nec morabitur cum populo
Du kjenner far din og folki hans, » sagde Husai, «du veit dei er fullgode stridsfolk. Og hug-rame er dei no som ei binna dei hev teke ungarne frå ute i marki. Far din er krigsmann, veit du: han let ikkje folki leggja seg til kvile um natti.
9 forsitan nunc latitat in foveis aut in uno quo voluerit loco et cum ceciderit unus quilibet in principio audiet quicumque audierit et dicet facta est plaga in populo qui sequebatur Absalom
No hev han visseleg løynt seg i einkvan helleren eller einkvar annan staden. Skulde då sume av våre folk falla i fyrstningi, so vil det koma ut at det hev vore stort mannefall millom folki som fylgde Absalom.
10 et fortissimus quoque cuius cor est quasi leonis pavore solvetur scit enim omnis populus Israhel fortem esse patrem tuum et robustos omnes qui cum eo sunt
Då vil jamvel den djervaste heiltupp missa modet, um han så hadde mod som ei løva. For heile Israel veit at far din er ei kjempa, og at fylgjesveinarne hans er djerve karar.
11 sed hoc mihi videtur rectum esse consilium congregetur ad te universus Israhel a Dan usque Bersabee quasi harena maris innumerabilis et tu eris in medio eorum
Difor er det mi råd, at du stemner saman til deg heile Israel frå Dan til Be’erseba, so tallrikt som sanden attmed havet. Og sjølv lyt du draga med i striden.
12 et inruemus super eum in quocumque loco fuerit inventus et operiemus eum sicut cadere solet ros super terram et non relinquemus de viris qui cum eo sunt ne unum quidem
Når me so finn honom einkvan staden, kvar helst det no er, so fell me yver honom som doggi fell på marki. Då skal det ikkje verta ein einaste att av honom og alle fylgjesveinarne hans.
13 quod si urbem aliquam fuerit ingressus circumdabit omnis Israhel civitati illi funes et trahemus eam in torrentem ut non repperiatur nec calculus quidem ex ea
Ja, um han so søkjer inn i ei borg, so vil heile Israel leggja reip ikring henne og draga henne ned i dalen, til dess det bid ikkje minste steinen att i henne.»
14 dixitque Absalom et omnis vir Israhel melius consilium Husai Arachitae consilio Ahitofel Domini autem nutu dissipatum est consilium Ahitofel utile ut induceret Dominus super Absalom malum
Då sagde Absalom og alle Israels-mennerne: «Rådi åt arkiten Husai er betre enn Ahitofels råd.» For Herren laga det so at den gode rådi hans Ahitofel vart um inkjes. For Herren vilde føra ulukke yver Absalom.
15 et ait Husai Sadoc et Abiathar sacerdotibus hoc et hoc modo consilium dedit Ahitofel Absalom et senibus Israhel et ego tale et tale dedi consilium
Husai melde til prestarne Sadok og Abjatar: «Den og den rådi gav Ahitofel åt Absalom og dei øvste i Israel. Men den og den rådi gav eg.
16 nunc ergo mittite cito et nuntiate David dicentes ne moremini nocte hac in campestribus deserti sed absque dilatione transgredere ne forte absorbeatur rex et omnis populus qui cum eo est
Skunda dykk og send bod til David med det ordet: «Natta ikkje yver attmed ferjestaderne i øydemarki i natt, men gakk yver Jordan! Elles kann kongen og alle folki hans verta tynte.»»
17 Ionathan autem et Achimaas stabant iuxta fontem Rogel abiit ancilla et nuntiavit eis et illi profecti sunt ut referrent ad regem David nuntium non enim poterant videri aut introire civitatem
Jonatan og Ahima’as heldt seg attmed En-Rogel. Dit kom jamt ei tenestgjenta med melding til deim; og so bar dei meldingi til David. Dei våga ikkje visa seg i byen.
18 vidit autem eos quidam puer et indicavit Absalom illi vero concito gradu ingressi sunt domum cuiusdam viri in Baurim qui habebat puteum in vestibulo suo et descenderunt in eum
Men ein unggut gådde deim og melde det til Absalom. Då skunda dei seg burt båe, og kom heim til ein mann i Bahurim. Han hadde ein brunn på garden sin. I den steig dei ned.
19 tulit autem mulier et expandit velamen super os putei quasi siccans ptisanas et sic res latuit
So tok kona hans og breidde eit tæpe yver brunn-opet, og strådde gryn uppå, so ingen gådde noko.
20 cumque venissent servi Absalom ad mulierem in domum dixerunt ubi est Achimaas et Ionathan et respondit eis mulier transierunt gustata paululum aqua at hii qui quaerebant cum non repperissent reversi sunt Hierusalem
Då tenarane åt Absalom kom inn i huset til kona og spurde etter Ahima’as og Jonatan, svara ho: «Dei gjekk yver den vesle bekken der.» Dei leita, men fann inkje, og snudde so heim att til Jerusalem.
21 cumque abissent ascenderunt illi de puteo et pergentes nuntiaverunt regi David atque dixerunt surgite transite cito fluvium quoniam huiuscemodi dedit consilium contra vos Ahitofel
Då dei hadde fare sin veg, steig dei hine upp or brunnen, og gjekk med meldingi til kong David. Dei sagde til David: «Skunda deg, far yver vatnet! den og den rådi hev Ahitofel gjeve um dykk.»
22 surrexit ergo David et omnis populus qui erat cum eo et transierunt Iordanem donec dilucesceret et ne unus quidem residuus fuit qui non transisset fluvium
David braut upp med alle fylgjesveinarne sine; og dei gjekk yver Jordan. Um morgonen då dagen rann, vanta det ikkje ein einaste. Alle var komne yver Jordan.
23 porro Ahitofel videns quod non fuisset factum consilium suum stravit asinum suum et surrexit et abiit in domum suam et in civitatem suam et disposita domo sua suspendio interiit et sepultus est in sepulchro patris sui
Då Ahitofel såg at dei ikkje fylgde rådi hans, sala han asnet sitt, steig uppå og reid heim til sin by. Og då han hadde skila for seg, hengde han seg. Det var hans bane. Han vart gravlagd i gravi åt far sin.
24 David autem venit in Castra et Absalom transivit Iordanem ipse et omnis vir Israhel cum eo
David var komen til Mahanajim då Absalom med alle Israels-mennerne gjekk yver Jordan.
25 Amasam vero constituit Absalom pro Ioab super exercitum Amasa autem erat filius viri qui vocabatur Iethra de Hiesreli qui ingressus est ad Abigail filiam Naas sororem Sarviae quae fuit mater Ioab
Absalom hadde sett Amasa til øvste herhovding i staden for Joab. Amasa var son åt ein jizre’elit ved namn Jitra, som hadde halde seg med Abigal, dotter til Nahas, syster til Seruja, mor åt Joab.
26 et castrametatus est Israhel cum Absalom in terra Galaad
Israel og Absalom lægra seg i Gileadlandet.
27 cumque venisset David in Castra Sobi filius Naas de Rabbath filiorum Ammon et Machir filius Ammihel de Lodabar et Berzellai Galaadites de Rogelim
Då David kom til Mahanajim, hadde Sobi Nahasson frå Rabba i Ammonitarlandet og Makir Ammielsson frå Lo-Debar, og Barzillai, ein Gileads-mann frå Rogelim,
28 obtulerunt ei stratoria et tappetia et vasa fictilia frumentum et hordeum et farinam pulentam et fabam et lentem frixum cicer
ført dit sengjer, skåler og kruskjerald. Og kveite, bygg, mjøl, steikte aks, baunor, linsor,
29 et mel et butyrum oves et pingues vitulos dederuntque David et populo qui cum eo erat ad vescendum suspicati enim sunt populum fame et siti fatigari in deserto
honning, tjukkmjølk, sauer og mjølk-ost hadde dei med seg til mat åt David og folket hans. For dei tenkte: «Folki hev vorte svoltne, trøytte og tyrste i øydemarki.»