< Ii Paralipomenon 35 >
1 fecit autem Iosias in Hierusalem phase Domino quod immolatum est quartadecima die mensis primi
Josia heldt påskehelg for Herren i Jerusalem, og dei slagta påskelambet på den fjortande dagen i fyrste månaden.
2 et constituit sacerdotes in officiis suis hortatusque est eos ut ministrarent in domo Domini
Han sette prestarne til det dei skulde taka vare på, og styrkte deim til tenesta i Herrens hus.
3 Levitis quoque ad quorum eruditionem omnis Israhel sanctificabatur Domino locutus est ponite arcam in sanctuario templi quod aedificavit Salomon filius David rex Israhel nequaquam enim eam ultra portabitis nunc autem ministrate Domino Deo vestro et populo eius Israhel
Og han sagde til levitarne, som lærde heile Israel, og som var vigde til Herren: «Set den heilage kista i det huset som Salomo bygde, son åt David, Israels konge; det tarv ikkje bera henne på herdarne. Ten difor Herren, dykkar Gud, og Israel, folket hans!
4 et praeparate vos per domos et cognationes vestras in divisionibus singulorum sicut praecepit David rex Israhel et descripsit Salomon filius eius
Gjer dykk ferdige etter ættgreinerne dykkar, i skifti dykkar, so som David, Israels konge, hev fyreskrive, og etter fyreskrifti åt Salomo, son hans.
5 ministrate in sanctuario per familias turmasque leviticas
Og statt i heilagdomen etter flokkarne av ættgreinerne åt brørne dykkar, lækfolket, soleis at det hvert eit skift av ei levit-ættgrein for kvar.
6 et sanctificati immolate phase fratres etiam vestros ut possint iuxta verba quae locutus est Dominus in manu Mosi facere praeparate
Og slagta so påskelambi og helga dykk og laga det til for brørne dykkar, so det gjer etter Herrens ord ved Moses!»
7 dedit praeterea Iosias omni populo qui ibi fuerat inventus in sollemnitatem phase agnos et hedos de gregibus et reliqui pecoris triginta milia boumque tria milia haec de regis universa substantia
Josia gav tretti tusund stykke småfe til ålmugen, lamb og kid, alt saman til påskeoffer for alle deim som fanst der, og tri tusund stykke storfe; dette var av eigedomen åt kongen.
8 duces quoque eius sponte quod voluerant obtulerunt tam populo quam sacerdotibus et Levitis porro Helcias et Zaccharias et Iehihel principes domus Domini dederunt sacerdotibus ad faciendum phase pecora commixtim duo milia sescenta et boves trecentos
Og hovdingarne hans gav friviljugt til folket, til prestarne og levitarne; Hilkia og Zakarja og Jehiel, som var dei øvste i Guds hus, gav prestarne tvo tusund seks hundrad lamb og kid til påskeoffer, og tri hundrad stykke storfe.
9 Chonenias autem Semeias etiam et Nathanahel fratres eius necnon Asabias et Iahihel et Iozabath principes Levitarum dederunt ceteris Levitis ad celebrandum phase quinque milia pecorum et boves quingentos
Konanja og Semaja og Netanel, brørne hans, og Hasabja og Je’iel og Jozabad, levitfyrstane, gav levitarne fem tusund lamb og kid til påskeoffer og fem hundrad stykke storfe.
10 praeparatumque est ministerium et steterunt sacerdotes in officio suo Levitae quoque in turmis iuxta regis imperium
Soleis fekk dei tenesta i fast skikk, og prestarne stod på sin stad og levitarne etter sine skift, so som kongen hadde bode.
11 et immolatum est phase asperseruntque sacerdotes manu sua sanguinem et Levitae detraxerunt pelles holocaustorum
Dei slagta påskelambi, og prestarne skvette blodet som dei fekk av deim, og levitarne flådde dyri.
12 et separaverunt ea ut darent per domos et familias singulorum et offerrentur Domino sicut scriptum est in libro Mosi de bubus quoque fecere similiter
So skilde dei frå brennofferi og gav deim til dei ymse ættgrein-flokkarne av ålmugen, so dei kunde ofra til Herren, som det er fyreskrive i Moseboki; og sameleis med storfeet.
13 et assaverunt phase super ignem iuxta quod lege praeceptum est pacificas vero hostias coxerunt in lebetis et caccabis et ollis et festinato distribuerunt universae plebi
Påskelambi steikte dei i elden, som fyreskrive var, og offerstykki koka dei i grytor, kjelar og skålar og skunda seg med deim til ålmugen.
14 sibi autem et sacerdotibus postea paraverunt nam in oblatione holocaustorum et adipum usque ad noctem sacerdotes fuerant occupati unde Levitae et sibi et sacerdotibus filiis Aaron paraverunt novissimis
So laga dei åt seg sjølve og prestarne; for prestarne, Arons-sønerne, hadde arbeid like til um natti med å ofra brennofferi og feittstykki, og difor laga levitarne til åt seg sjølve og prestarne, Arons-sønerne.
15 porro cantores filii Asaph stabant in ordine suo iuxta praeceptum David et Asaph et Heman et Idithun prophetarum regis ianitores vero per portas singulas observabant ita ut ne puncto quidem discederent a ministerio quam ob rem et fratres eorum Levitae paraverunt eis cibos
Songarane, Asafs-sønerne, stod på plassen sin, som David, Asaf, Heman og Jedutun, sjåaren åt kongen, hadde bode, og dørvaktarane ved kvar sin port; dei turvte ikkje ganga ifrå tenesta; for levitarne, brørne deira, laga til åt deim.
16 omnis igitur cultura Domini rite conpleta est in die illa ut facerent phase et offerrent holocausta super altare Domini iuxta praeceptum regis Iosiae
Soleis sette dei heile tenesta for Herren fast skikk på den dagen, med di dei heldt påskehelg og ofra brennoffer på Herrens altar, so som kong Josia hadde bode.
17 feceruntque filii Israhel qui repperti fuerant ibi phase in tempore illo et sollemnitatem azymorum septem diebus
Og dei Israels-borni som var tilstades, heldt den gongen påskehelgi og søtebrødhelg i sju dagar.
18 non fuit phase simile huic in Israhel a diebus Samuhelis prophetae sed nec quisquam de cunctis regibus Israhel fecit phase sicut Iosias sacerdotibus et Levitis et omni Iuda et Israhel qui reppertus fuerat et habitantibus in Hierusalem
Ei sovori påskehelg som denne var det ikkje halde i Israel sidan profeten Samuels dagar, og ingen av Israels-kongarne hadde halde ei sovori påskehelg som den Josia og prestarne og levitarne og dei Juda- og Israels-mennerne som var til stades, og Jerusalems-buarne høgtida.
19 octavodecimo anno regni Iosiae hoc phase celebratum est
Denne påskehelgi vart haldi i det attande styringsåret åt Josia.
20 postquam instauraverat Iosias templum ascendit Nechao rex Aegypti ad pugnandum in Charchamis iuxta Eufraten et processit in occursum eius Iosias
Etter alt dette, då Josias hadde fenge i stand huset, drog egyptarkongen Neko upp og vilde strida ved Karkemis ved Frat, og Josia drog ut imot honom.
21 at ille missis ad eum nuntiis ait quid mihi et tibi est rex Iuda non adversum te hodie venio sed contra aliam pugno domum ad quam me Deus festinato ire praecepit desine adversum Deum facere qui mecum est ne interficiat te
Men han skikka sendebod til honom og sagde: «Kva hev eg med deg å gjera, Juda-konge? Det er ikkje imot deg eg kjem i dag, men mot ervefienden min; og Gud hev sagt at eg skal skunda meg. Haldt upp med å tråssa Gud som er med meg, so han ikkje skal tyna deg!»
22 noluit Iosias reverti sed praeparavit contra eum bellum nec adquievit sermonibus Nechao ex ore Dei verum perrexit ut dimicaret in campo Mageddo
Men Josia snudde ikkje ifrå honom, men klædde seg ut og vilde gjeva seg i strid med honom, han høyrde ikkje på Nekos ord ifrå Guds munn. Og det kom til strid på Megiddosletta.
23 ibique vulneratus a sagittariis dixit pueris suis educite me de proelio quia oppido vulneratus sum
Då råka bogeskyttarane kong Josia, og kongen sagde til tenarane: «Før meg burt! for eg er hardt såra.»
24 qui transtulerunt eum de curru in alterum currum qui sequebatur eum more regio et asportaverunt in Hierusalem mortuusque est et sepultus in mausoleo patrum suorum et universus Iuda et Hierusalem luxerunt eum
Tenarane hans bar honom då burt ifrå vogni og køyrde honom på den andre vogni hans og førde honom til Jerusalem, og der døydde han. Dei gravlagde honom i graverne åt federne hans, og heile Juda og Jerusalem syrgde yver Josia.
25 Hieremias maxime cuius omnes cantores atque cantrices usque in praesentem diem lamentationes super Iosia replicant et quasi lex obtinuit in Israhel ecce scriptum fertur in Lamentationibus
Jeremia song ein syrgjesong um Josia, og alle songarane og songmøyarne tala i syrgjesongarne sine um Josia, som dei gjer den dag i dag; det vart fast skikk i Israel å syngja desse kvædi, og dei finst uppskrivne millom Syrgjesongarne.
26 reliqua autem sermonum Iosiae et misericordiarum eius quae lege praecepta sunt Domini
Det som elles er å fortelja um Josia og dei gudlege gjerningarne som han gjorde etter det som er fyreskrive i Herrens lov,
27 opera quoque illius prima et novissima scripta sunt in libro regum Israhel et Iuda
og soga hans frå fyrst til sist, det er uppskrive i boki um Israels- og Juda-kongarne.