< Ii Paralipomenon 34 >

1 octo annorum erat Iosias cum regnare coepisset et triginta et uno annis regnavit in Hierusalem
Åtte år gamall var Josia då han vart konge, og eitt og tretti år styrde han i Jerusalem.
2 fecitque quod erat rectum in conspectu Domini et ambulavit in viis David patris sui non declinavit neque ad dexteram neque ad sinistram
Han gjorde det som rett var i Herrens augo, og han fylgde i fotefari åt David, far sin, og tok ikkje or leidi, korkje til høgre eller vinstre.
3 octavo autem anno regni sui cum adhuc esset puer coepit quaerere Deum patris sui David et duodecimo anno postquam coeperat mundavit Iudam et Hierusalem ab excelsis et lucis simulacrisque et sculptilibus
I det åttande styringsåret sitt, då han endå var ein ungdom, tok han til å søkja Gud åt David, far sin, og i det tolvte året tok han til å reinsa Juda og Jerusalem for offerhaugarne og Astarte-bilæti og dei uthogne og støypte bilæti.
4 destruxeruntque coram eo aras Baalim et simulacra quae superposita fuerant demoliti sunt lucos etiam et sculptilia succidit atque comminuit et super tumulos eorum qui eis immolare consueverant fragmenta dispersit
Dei reiv ned Ba’als-altari med han såg på det; solstolparne som var ovanpå deim, hogg han ned, og Astarte-bilæti og dei uthogne og støypte bilæti slo han sund og knasa og strøydde deim ut på graverne åt deim som hadde ofra til deim.
5 ossa praeterea sacerdotum conbusit in altaribus idolorum mundavitque Iudam et Hierusalem
Og beini åt prestarne brende han på altari deira. Soleis reinsa han Juda og Jerusalem.
6 sed et in urbibus Manasse et Ephraim et Symeon usque Nepthalim cuncta subvertit
Og i byarne i Manasse og Efraim og Simeon og radt til Naftali røkte han etter i husi deira rundt ikring,
7 cumque altaria dissipasset et lucos et sculptilia contrivisset in frusta cunctaque delubra demolitus esset de universa terra Israhel reversus est Hierusalem
og han braut ned altari, slo sund og krasa Astarte-bilæti og gudebilæti og hogg ned solstolparne i heile Israels land; so snudde han heim att til Jerusalem.
8 igitur anno octavodecimo regni sui mundata iam terra et templo Domini misit Saphan filium Eseliae et Maasiam principem civitatis et Ioha filium Ioachaz a commentariis ut instaurarent domum Domini Dei sui
I det attande styringsåret sitt, medan han heldt på å reinsa landet og huset, sende han Safan Asaljason og Ma’aseja, byhovdingen, og kanslaren Joah Joahazson til å setja i stand huset åt Herren, hans Gud.
9 qui venerunt ad Helciam sacerdotem magnum acceptamque ab eo pecuniam quae inlata fuerat in domum Domini et quam congregaverant Levitae ianitores de Manasse et Ephraim et universis reliquiis Israhel ab omni quoque Iuda et Beniamin et habitatoribus Hierusalem
Då dei kom til øvstepresten Hilkia, gav dei ut det sylvet som var ført til Guds hus; det var det som levitarne, dørstokkvakti, hadde samla inn frå Manasse og Efraim og heile resten av Israel og frå heile Juda og Benjamin og Jerusalems-buarne.
10 tradiderunt in manibus eorum qui praeerant operariis in domo Domini ut instaurarent templum et infirma quaeque sarcirent
Dei gav det til arbeidsformennerne som hadde tilsynet med Herrens hus; og arbeidsformennerne som arbeidde i Herrens hus, bruka det til å vøla på og setja i stand huset;
11 at illi dederunt eam artificibus et cementariis ut emerent lapides de lapidicinis et ligna ad commissuras aedificii et ad contignationem domorum quas destruxerant reges Iuda
for dei gav det til timbremennerne og murarane for at dei skulde kjøpa hoggen stein og timber til bjelkar og timbra upp dei husi som Juda-kongarne hadde øydelagt.
12 qui fideliter cuncta faciebant erant autem praepositi operantium Iaath et Abdias de filiis Merari Zaccharias et Mosollam de filiis Caath qui urguebant opus omnes Levitae scientes organis canere
Mennerne arbeidde trufast, og tilsynet med deim var gjeve til levitarne Jahat og Obadja av meraritarne, og Zakarja og Mesullam av kahatitarne, so dei skulde vera formenner, og alle dei levitar som kunde handsama spelgogner.
13 super eos vero qui ad varios usus onera portabant erant scribae et magistri de Levitis ianitores
Dei hadde og tilsynet med berarane og sagde alle arbeidarne fyre ved kvart einskild arbeid. Og nokre av levitarne var skrivarar og formenner og dørvaktarar.
14 cumque efferrent pecuniam quae inlata fuerat in templum Domini repperit Helcias sacerdos librum legis Domini per manum Mosi
Men då dei tok fram dei pengarne som var innkomne til Herrens hus, fann presten Hilkia boki med Herrens lov, som var gjevi ved Moses.
15 et ait ad Saphan scribam librum legis inveni in domo Domini et tradidit ei
Og Hilkia sagde til riksskrivaren Safan: «Eg hev funne lovboki i Herrens hus!» Og han gav boki til Safan.
16 at ille intulit volumen ad regem et nuntiavit ei dicens omnia quae dedisti in manu servorum tuorum ecce conplentur
Og Safan bar henne til kongen, og gav dessutan melding til honom og sagde: «Alt det som er pålagt tenarane dine, det gjer dei.
17 argentum quod reppertum est in domo Domini conflaverunt datumque est praefectis artificum et diversa opera fabricantium
Dei hev tømt ut det sylvet som fanst i Herrens hus og gjeve det til formennerne og arbeidsfolket.»
18 praeterea tradidit mihi Helcias sacerdos hunc librum quem cum rege praesente recitasset
So melde riksskrivaren Safan til kongen sagde: «Presten Hilkia hev gjeve meg ei bok.» Og Safan las upp av henne for kongen.
19 audissetque ille verba legis scidit vestimenta sua
Men då kongen fekk høyra ordi i lovi, reiv han sund klædi sine.
20 et praecepit Helciae et Ahicam filio Saphan et Abdon filio Micha Saphan quoque scribae et Asaiae servo regis dicens
Og kongen baud Hilkia og Ahikam Safansson og Abdon Mikason og riksskrivaren Safan og kongstenaren Asaja:
21 ite et orate Dominum pro me et pro reliquiis Israhel et Iuda super universis sermonibus libri istius qui reppertus est magnus enim furor Domini stillavit super nos eo quod non custodierint patres nostri verba Domini ut facerent omnia quae scripta sunt in isto volumine
«Gakk og spør Herren for meg og for deim som er att i Juda og Israel um det som stend i denne boki som er funni. Stor er Herrens harm, som er utrend yver oss, av di federne våre ikkje hev lydt Herrens ord og gjort etter alt det som stend skrive i denne boki.»
22 abiit igitur Helcias et hii qui simul a rege missi fuerant ad Holdan propheten uxorem Sellum filii Thecuath filii Hasra custodis vestium quae habitabat Hierusalem in secunda et locuti sunt ei verba quae supra narravimus
So gjekk Hilkia og dei andre som kongen sagde til, til profetkvinna Hulda, kona åt klædehandlaren Sallum, son åt Tokhat, son åt Hasra; ho budde i ny-byen i Jerusalem, og dei tala med henne um dette.
23 at illa respondit eis haec dicit Dominus Deus Israhel dicite viro qui misit vos ad me
Ho svara deim: «So segjer Herren, Israels Gud: Seg til den mannen som sende dykk til meg:
24 haec dicit Dominus ecce ego inducam mala super locum istum et super habitatores eius cunctaque maledicta quae scripta sunt in libro hoc quem legerunt coram rege Iuda
So segjer Herren: «Sjå, eg sender ulukka yver denne staden og yver folket her, alle dei forbanningarne som er skrivne i den boki som dei hev lese upp for Juda-kongen,
25 quia dereliquerunt me et sacrificaverunt diis alienis ut me ad iracundiam provocarent in cunctis operibus manuum suarum idcirco stillavit furor meus super locum istum et non extinguetur
til straff for di dei hev vend seg frå meg og kveikt offereld for andre gudar og harma meg med alle sine verk; harmen min skal renna ut yver denne staden og skal ikkje slokna.
26 ad regem autem Iuda qui misit vos pro Domino deprecando sic loquimini haec dicit Dominus Deus Israhel quoniam audisti verba voluminis
Men til Juda-kongen, som sende dykk til å spyrja Herren, skal de segja: So segjer Herren, Israels Gud, um dei ordi som du høyrde:
27 atque emollitum est cor tuum et humiliatus es in conspectu Dei super his quae dicta sunt contra locum hunc et habitatores Hierusalem reveritusque faciem meam scidisti vestimenta tua et flevisti coram me ego quoque exaudivi te dicit Dominus
Av di hjarta ditt vart mjukt, og du bøygde deg for Gud då du høyrde ordi hans mot denne staden og folket her, av di du audmykte deg for mi åsyn og reiv sund klædi dine, og gret for mi åsyn, so hev eg og bønhøyrt, segjer Herren!
28 iam enim colligam te ad patres tuos et infereris in sepulchrum tuum in pace nec videbunt oculi tui omne malum quod ego inducturus sum super locum istum et super habitatores eius rettulerunt itaque regi cuncta quae dixerat
So vil eg då samla deg til federne dine, so du kann samlast med deim i gravi di i fred; og augo dine skal sleppa sjå all den ulukka som eg vil føra yver denne staden og folket som bur her.»» Og dei kom att til kongen med dette svaret.
29 at ille convocatis universis maioribus natu Iuda et Hierusalem
Då sende kongen bod og stemnde saman alle dei øvste i Juda og Jerusalem.
30 ascendit domum Domini unaque omnes viri Iuda et habitatores Hierusalem sacerdotes et Levitae et cunctus populus a minimo usque ad maximum quibus audientibus in domo Domini legit rex omnia verba voluminis
Og kongen gjekk upp til Herrens hus, og alle Juda-mennerne og Jerusalems-buarne fylgde honom, og prestarne og levitarne og heile folket, frå den minste til den største; og han las upp for deim alt det som stod i paktboki som dei hadde funne i Herrens hus.
31 et stans in tribunali suo percussit foedus coram Domino ut ambularet post eum et custodiret praecepta et testimonia et iustificationes eius in toto corde suo et in tota anima sua faceretque quae scripta sunt in volumine illo quem legerat
Kongen steig fram på plassen sin og gjorde den pakti for Herrens åsyn at han vilde fylgja Herren og halda bodi og fyresegnerne og loverne hans av alt sitt hjarta og all sin hug og setja i verk dei paktordi som var skrivne i denne boki.
32 adiuravit quoque super hoc omnes qui repperti fuerant in Hierusalem et Beniamin et fecerunt habitatores Hierusalem iuxta pactum Domini Dei patrum suorum
Og han let deim ganga inn i pakti, som fanst i Jerusalem og Benjamin, og alle Jerusalems-buarne gjorde etter pakti med Gud, deira fedregud.
33 abstulit ergo Iosias cunctas abominationes de universis regionibus filiorum Israhel et fecit omnes qui residui erant in Israhel servire Domino Deo suo cunctis diebus eius non recesserunt a Domino Deo patrum suorum
Og Josia fekk burt all styggedomen frå alle dei landi som høyrde til Israels-sønerne, og han nøydde alle som fanst i Israel til å tena Herren, sin Gud. So lenge som han livde, vende dei seg ikkje burt i frå Herren, deira fedregud.

< Ii Paralipomenon 34 >