< Ii Paralipomenon 23 >
1 anno autem septimo confortatus Ioiadae adsumpsit centuriones Azariam videlicet filium Hieroam et Ismahel filium Iohanan Azariam quoque filium Oded et Maasiam filium Adaiae et Elisaphat filium Zechri et iniit cum eis foedus
Men i det sjuande året tok Jojada mod til seg og gjorde eit samband med hundradhovdingarne Azarja Jerohamsson og Ismael Johanansson og Azarja Obedsson og Ma’aseja Adajason og Elisafat Zikrison.
2 qui circumeuntes Iudam congregaverunt Levitas de cunctis urbibus Iuda et principes familiarum Israhel veneruntque in Hierusalem
Dei drog ikring i Juda og samla levitarne i hop frå alle Juda-byarne og ættarhovdingarne i Israel, og so for dei til Jerusalem.
3 iniit igitur omnis multitudo pactum in domo Domini cum rege dixitque ad eos Ioiadae ecce filius regis regnabit sicut locutus est Dominus super filios David
So gjorde heile lyden eit samband i Guds hus med kongen, og han sagde til deim: «Kongssonen der skal vera konge, soleis som Herren hev sagt um Davids søner.
4 iste est ergo sermo quem facietis
Og soleis skal det bera dykk åt: Den eine tridjeparten av dykk, dei prestarne og levitarne som tek vakthaldet på kviledagen, dei skal standa vakt ved dørstokkarne,
5 tertia pars vestrum qui veniunt ad sabbatum sacerdotum et Levitarum et ianitorum erit in portis tertia vero pars ad domum regis et tertia in porta quae appellatur Fundamenti omne vero reliquum vulgus sit in atriis domus Domini
og den andre tridjeparten skal standa i kongsgarden, og den tridje i Grunnporten, men alt folket i tuni ved Herrens hus.
6 nec quisquam alius ingrediatur domum Domini nisi sacerdotes et qui ministrant de Levitis ipsi tantummodo ingrediantur quia sanctificati sunt et omne reliquum vulgus observet custodias Domini
Men ingen må koma inn i Herrens hus so nær som prestarne og dei utav levitarne som gjer tenesta; dei kann ganga inn der; for dei er heilage. Men det andre folket skal halda seg etter Herrens fyresegner.
7 Levitae autem circumdent regem habentes singuli arma sua et si quis alius ingressus fuerit templum interficiatur sintque cum rege et intrante et egrediente
So skal levitarne gjera manngard rundt ikring kongen, kvar mann med våpn i hand. Kvar den som kjem innåt huset, skal hoggast ned; og soleis skal de vera ikring kongen når han gjeng ut, og når han gjeng inn.»
8 fecerunt igitur Levitae et universus Iuda iuxta omnia quae praeceperat Ioiadae pontifex et adsumpserunt singuli viros qui sub se erant et veniebant per ordinem sabbati cum his qui iam impleverant sabbatum et egressuri erant siquidem Ioiadae pontifex non dimiserat abire turmas quae sibi per singulas ebdomadas succedere consueverant
Levitarne og alle Juda-mennerne gjorde no plent det som presten Jojada baud deim; kvar og ein tok sine folk, både deim som skulde taka ved vakti um kviledagen og deim som skulde ganga frå um kviledagen; for presten Jojada gav ikkje skifti heimlov.
9 deditque Ioiadae sacerdos centurionibus lanceas clypeosque et peltas regis David quas consecraverat in domo Domini
Og presten Jojada gav hundradhovdingarne dei spjoti og dei små skjoldarne og store skjoldarne som kong David hadde ått, og som var i Guds hus.
10 constituitque omnem populum tenentium pugiones a parte templi dextra usque ad partem templi sinistram coram altari et templo per circuitum regis
Deretter stelte han upp heile folket, kvar med sitt våpn i hand, ifrå sudsida til nordsida på huset, burt til altaret og derifrå til huset att i manngard kring kongen.
11 et eduxerunt filium regis et inposuerunt ei diadema dederuntque in manu eius tenendam legem et constituerunt eum regem unxit quoque illum Ioiadae pontifex et filii eius inprecatique sunt atque dixerunt vivat rex
Og dei leidde ut kongssonen, sette kruna på honom og gav honom lovi og gjorde honom til konge; og Jojada og sønerne hans salva honom og ropa: «Live kongen!»
12 quod cum audisset Otholia vocem scilicet currentium atque laudantium regem ingressa est ad populum in templum Domini
Men Atalja høyrde ståket ifrå folket, som sprang og hyllte kongen, og ho gjekk av stad til folket i Herrens hus.
13 cumque vidisset regem stantem super gradum in introitu et principes turmasque circa eum omnem quoque populum terrae gaudentem atque clangentem tubis et diversi generis organis concinentem vocemque laudantium scidit vestimenta sua et ait insidiae insidiae
Og då ho såg kongen stod på tramen sin ved inngangen og hovdingarne og lurblåsarane hjå kongen, og heile landslyden som gledde seg og bles i lurarne, og songarane med speli sine, som leidde fagnadropi, då reiv Atalja sund klædi sine og ropa: «Samansverjing! samansverjing!»
14 egressus autem Ioiadae pontifex ad centuriones et principes exercitus dixit eis educite illam extra septa templi et interficiatur foris gladio praecepitque sacerdos ne occideretur in domo Domini
Men presten Jojada baud hundradhovdingarne, som var hovudsmenner yver heren, at dei skulde føra henne ut millom rekkjorne og hogga ned kvar den som vilde fylgja henne. «For de må ikkje drepa henne i Herrens hus, » sagde presten.
15 et inposuerunt cervicibus eius manus cumque intrasset portam Equorum domus regis interfecerunt eam ibi
Då tok dei henne og førde henne dit det Hesteporten føre inn til kongsgarden, og der drap dei henne.
16 pepigit autem Ioiadae foedus inter se universumque populum et regem ut esset populus Domini
Men Jojada gjorde ei pakt millom seg, heile folket og kongen, at dei skulde vera eit Herrens folk.
17 itaque ingressus est omnis populus domum Baal et destruxerunt eam et altaria ac simulacra illius confregerunt Matthan quoque sacerdotem Baal interfecerunt ante aras
Og alt folket drog til Ba’als-huset og braut det ned; altari og bilæti øydelagde dei reint, og Ba’als-presten Mattan drap dei framanfor altari.
18 constituit autem Ioiadae praepositos in domo Domini et sub manibus sacerdotum ac Levitarum quos distribuit David in domo Domini ut offerrent holocausta Domino sicut scriptum est in lege Mosi in gaudio et canticis iuxta dispositionem David
So sette Jojada tilsyn i Herrens hus og gav det yver til dei levitiske prestarne, som David hadde tiletla Herrens hus, - til å ofra Herrens brennoffer, som det er skrive i Moselovi, med fagnad og song etter skipnad frå David.
19 constituit quoque ianitores in portis domus Domini ut non ingrederetur eam inmundus in omni re
Og han sette dørvaktarar ved portarne til Herrens hus, so ingen skulde ganga inn i det som var urein på einkvar måten.
20 adsumpsitque centuriones et fortissimos viros ac principes populi et omne vulgus terrae et fecerunt descendere regem de domo Domini et introire per medium portae superioris in domum regis et conlocaverunt eum in solio regali
Og han tok hundradhovdingarne og dei fornæme og dei megtigaste bland folket og heile landslyden og førde kongen ned frå Herrens hus. Og dei gjekk gjenom den øvre porten til huset åt kongen og sette kongen i kongsstolen.
21 laetatusque est omnis populus terrae et urbs quievit porro Otholia interfecta est gladio
Då gledde heile landslyden seg, og byen kom til ro; men Atalja hadde dei drepe med sverd.