< I Regum 12 >
1 venit autem Roboam in Sychem illuc enim congregatus erat omnis Israhel ad constituendum eum regem
Og Rehabeam for til Sikem; for heile Israels var kome til Sikem og vilde taka honom til konge.
2 at Hieroboam filius Nabath cum adhuc esset in Aegypto profugus a facie regis Salomonis audita morte eius reversus est de Aegypto
Men då Jerobeam Nebatsson frette det - han var endå i Egyptarland; han hadde rømt dit for kong Salomo, og Jerobeam budde soleis i Egyptarland,
3 miseruntque et vocaverunt eum venit ergo Hieroboam et omnis multitudo Israhel et locuti sunt ad Roboam dicentes
og dei sende bod dit og bad honom heim att - då kom Jerobeam og heile Israels-lyden og tala med Rehabeam og sagde:
4 pater tuus durissimum iugum inposuit nobis tu itaque nunc inminue paululum de imperio patris tui durissimo et de iugo gravissimo quod inposuit nobis et serviemus tibi
«Far din lagde på oss eit hardt ok; men vil du no letta på harde strævet og det tunge oket som far din lagde på oss, so vil me tena deg.»
5 qui ait eis ite usque ad tertium diem et revertimini ad me cumque abisset populus
Han svara deim: «Gakk burt og bia tri dagar og kom so til meg att!» Og folket gjekk.
6 iniit consilium rex Roboam cum senibus qui adsistebant coram Salomone patre eius dum adviveret et ait quod mihi datis consilium ut respondeam populo
Då rådførde kong Rehabeam seg med dei gamle, som hadde vore i tenesta hjå Salomo, far hans, medan han livde, og spurde deim: «Kva svar råder de meg til å gjeva dette folket?»
7 qui dixerunt ei si hodie oboedieris populo huic et servieris et petitioni eorum cesseris locutusque fueris ad eos verba lenia erunt tibi servi cunctis diebus
Dei svara honom og sagde: «Bøygjer du deg for dette folket i dag og er deim til tenesta og gjev deim gode ord til svar, so vil dei verta tenarane dine alle dagar.»
8 qui dereliquit consilium senum quod dederant ei et adhibuit adulescentes qui nutriti fuerant cum eo et adsistebant illi
Men han brydde seg ikkje um den rådi som dei gamle gav honom; men rådførde seg med dei unge, som var uppvaksne upp i lag med honom og no stod i hans tenesta.
9 dixitque ad eos quod mihi datis consilium ut respondeam populo huic qui dixerunt mihi levius fac iugum quod inposuit pater tuus super nos
Han sagde til deim: «Kva råder de meg til å svara dette folket som hev tala til meg og sagt: «Lat det oket som far din hev lagt på oss verta lettare?»»
10 et dixerunt ei iuvenes qui nutriti fuerant cum eo sic loquere populo huic qui locuti sunt ad te dicentes pater tuus adgravavit iugum nostrum tu releva nos sic loqueris ad eos minimus digitus meus grossior est dorso patris mei
Dei unge kararne som var uppvaksne i lag med honom, svara honom då og sagde: «So skal du segja til dette folket som hev tala til deg og sagt: «Far din lagde eit tungt ok på oss, men gjer no du det lettare for oss!» - So skal du segja til deim: Litlefingeren min er tjukkare enn mjødmane åt far min.
11 et nunc pater meus posuit super vos iugum grave ego autem addam super iugum vestrum pater meus cecidit vos flagellis ego autem caedam scorpionibus
Hev difor far min lagt eit tungt ok på dykk, so skal eg gjera oket dykkar endå tyngre; hev far min tukta dykk med svipor, so skal eg skal tukta dykk med skorpionar.»
12 venit ergo Hieroboam et omnis populus ad Roboam die tertia sicut locutus fuerat rex dicens revertimini ad me die tertia
So kom Jerobeam og heile folket til Rehabeam tridje dagen, so som kongen hadde sagt: «Kom hit til meg att tridje dagen!»
13 responditque rex populo dura derelicto consilio seniorum quod ei dederant
Då gav kongen folket eit hardt svar; for han brydde seg ikkje um den rådi dei gamle hadde gjeve honom.
14 et locutus est eis secundum consilium iuvenum dicens pater meus adgravavit iugum vestrum ego autem addam iugo vestro pater meus cecidit vos flagellis et ego caedam scorpionibus
Etter rådi åt dei unge kararne sagde han til deim: «Hev far min lagt eit tungt ok på dykk, so skal eg gjera oket dykkar endå tyngre. Hev far min tukta dykk med svipor, so skal eg tukta dykk med skorpionar.»
15 et non adquievit rex populo quoniam aversatus eum fuerat Dominus ut suscitaret verbum suum quod locutus fuerat in manu Ahiae Silonitae ad Hieroboam filium Nabath
Kongen høyrde soleis ikkje på folket, for di Herren laga det soleis, so det ordet skulde sannast som Herren hadde tala til Jerobeam Nebatsson ved siloniten Ahia.
16 videns itaque populus quod noluisset eos audire rex respondit ei dicens quae nobis pars in David vel quae hereditas in filio Isai in tabernacula tua Israhel nunc vide domum tuam David et abiit Israhel in tabernacula sua
Då no heile Israel såg at kongen ikkje høyrde på deim, gav folket dette svaret: «Kva deil hev me i David? Ingen lut i Isaisonen! Heim til hyttorne, Israel! Sjå no sjølv til huset ditt, David!» So for Israel heim kvar til sitt.
17 super filios autem Israhel quicumque habitabant in civitatibus Iuda regnavit Roboam
Berre yver dei Israels-borni som budde i byarne i Juda, vart Rehabeam konge.
18 misit igitur rex Roboam Aduram qui erat super tributum et lapidavit eum omnis Israhel et mortuus est porro rex Roboam festinus ascendit currum et fugit in Hierusalem
Og då kong Rehabeam sende i veg Adoram som hadde øvste tilsynet med pliktarbeidet, so steina heile Israel honom i hel. Då skunda kong Rehabeam seg upp i vogni si og rømde til Jerusalem.
19 recessitque Israhel a domo David usque in praesentem diem
So reiv då Israel seg laus ifrå Davids hus, og soleis hev det vore til denne dag.
20 factum est autem cum audisset omnis Israhel quod reversus esset Hieroboam miserunt et vocaverunt eum congregato coetu et constituerunt regem super omnem Israhel nec secutus est quisquam domum David praeter tribum Iuda solam
Men då heile Israel frette at Jerobeam var komen att, sende dei bod og bad honom til tings og kåra honom til konge yver heile Israel; det var ingen som heldt fast på Davids hus, so nær som Juda-ætti åleine.
21 venit autem Roboam Hierusalem et congregavit universam domum Iuda et tribum Beniamin centum octoginta milia electorum virorum et bellatorum ut pugnaret contra domum Israhel et reduceret regnum Roboam filio Salomonis
Då Rehabeam kom til Jerusalem, samla han heile Judas hus og Benjamins-ætti, hundrad og åtteti tusund utvalde stridsmenner, og vilde strida imot Israels hus og vinna kongedømet att for Rehabeam Salomoson.
22 factus est vero sermo Domini ad Semeiam virum Dei dicens
Men då kom Guds ord til gudsmannen Semaja soleis:
23 loquere ad Roboam filium Salomonis regem Iuda et ad omnem domum Iuda et Beniamin et reliquos de populo dicens
«Seg til Rehabeam Salomoson, kongen i Juda, og til heile Judas og Benjamins hus og til resten av folket:
24 haec dicit Dominus non ascendetis nec bellabitis contra fratres vestros filios Israhel revertatur vir in domum suam a me enim factum est verbum hoc audierunt sermonem Domini et reversi sunt de itinere sicut eis praeceperat Dominus
So segjer Herren: «De skal ikkje fara upp og strida mot brørne dykkar, Israels-sønerne. Snu heim att, kvar til sitt hus! For det som hev hendt, er kome frå meg.»» Då lydde dei Herrens ord og snudde og gjekk sin veg, som Herren hadde sagt.
25 aedificavit autem Hieroboam Sychem in monte Ephraim et habitavit ibi et egressus inde aedificavit Phanuhel
Jerobeam bygde upp Sikem på Efraimsfjellet og busette seg der. Derifrå tok han ut og bygde upp Penuel.
26 dixitque Hieroboam in corde suo nunc revertetur regnum ad domum David
Og Jerobeam sagde med seg sjølv: «Riket kann snart ganga attende til Davids hus.
27 si ascenderit populus iste ut faciat sacrificia in domo Domini in Hierusalem et convertetur cor populi huius ad dominum suum Roboam regem Iuda interficientque me et revertentur ad eum
Dersom dette folket fær fara upp til Herrens hus i Jerusalem og ofra, so kann folkehugen venda attende til hovdingen deira, Rehabeam, kongen i Juda; ja då drep dei gjerne meg og vender attende til Rehabeam, kongen i Juda.»
28 et excogitato consilio fecit duos vitulos aureos et dixit eis nolite ultra ascendere Hierusalem ecce dii tui Israhel qui eduxerunt te de terra Aegypti
Og då kongen hadde tenkt yver dette, laga han tvo gullkalvar, og han sagde til folket: «No lyt de vera nok med ferder upp til Jerusalem. Sjå her er guden din, Israel som førde deg upp or Egyptarlandet.»
29 posuitque unum in Bethel et alterum in Dan
Og han sette upp den eine i Betel, den andre sette han i Dan.
30 et factum est verbum hoc in peccatum ibat enim populus ad adorandum vitulum usque in Dan
Dette vart orsak til synd; folket gjekk radt til Dan og steig fram for den eine av deim.
31 et fecit fana in excelsis et sacerdotes de extremis populi qui non erant de filiis Levi
Og han bygde hus på offerhaugarne og sette til prestar likt og ulikt, folk som ikkje var av Levi-sønerne.
32 constituitque diem sollemnem in mense octavo quintadecima die mensis in similitudinem sollemnitatis quae celebratur in Iuda et ascendens altare similiter fecit in Bethel ut immolaret vitulis quos fabricatus erat constituitque in Bethel sacerdotes excelsorum quae fecerat
Og Jerobeam skipa til ei høgtid i den åttande månaden, på den femtande dagen i månaden, i likskap med høgtidi i Juda, og han ofra på altaret. So gjorde han i Betel, med di han ofra til kalvarne som han hadde laga, og dei som han hadde sett til offerhaug-prestar, let han gjera tenesta i Betel.
33 et ascendit super altare quod extruxerat in Bethel quintadecima die mensis octavi quem finxerat de corde suo et fecit sollemnitatem filiis Israhel et ascendit super altare ut adoleret incensum
Og han ofra på det altaret han hadde laga i Betel, den femtande dagen i åttande månaden, den månaden som han hadde valt ut etter sitt eige hovud. Han skipa då til ei høgtid for Israels-borni og steig upp til altaret og vilde kveikja offereld.