< I Paralipomenon 15 >

1 fecit quoque sibi domos in civitate David et aedificavit locum arcae Dei tetenditque ei tabernaculum
Og han bygde seg hus i Davidsbyen, og sidan laga han til ein stad åt Guds kista og sette upp eit tjeld åt henne.
2 tunc dixit David inlicitum est ut a quocumque portetur arca Dei nisi a Levitis quos elegit Dominus ad portandum eam et ad ministrandum sibi usque in aeternum
Då baud David: «Ingen må bera Guds kista utan levitarne; for deim hev Herren valt ut til å bera Guds kista og til å tena honom» i all æva.
3 congregavitque universum Israhel in Hierusalem ut adferretur arca Dei in locum suum quem praeparaverat ei
Og David samla heile Israel Jerusalem; til å føra Herrens kista upp til den staden han hadde laga til åt henne.
4 necnon et filios Aaron et Levitas
Og David stemnde i hop Arons-sønerne og levitarne:
5 de filiis Caath Urihel princeps fuit et fratres eius centum viginti
av Kehats-sønerne Uriel, hovdingen, og brørne hans, eit hundrad og tjuge;
6 de filiis Merari Asaia princeps et fratres eius ducenti viginti
av Merari-sønerne Asaja, hovdingen, og brørne hans, tvo hundrad og tjuge;
7 de filiis Gersom Iohel princeps et fratres eius centum triginta
av Gersoms-sønerne Joel, hovdingen, og brørne hans, eit hundrad og tretti;
8 de filiis Elisaphan Semeias princeps et fratres eius ducenti
av Elisafans-sønerne Semaja, hovdingen, og brørne hans, tvo hundrad;
9 de filiis Hebron Elihel princeps et fratres eius octoginta
av Hebrons-sønerne Eliel, hovdingen, og brørne hans, åtteti;
10 de filiis Ozihel Aminadab princeps et fratres eius centum duodecim
av Uzziels-sønerne Amminadab, hovdingen, og brørne hans, eit hundrad og tolv.
11 vocavitque David Sadoc et Abiathar sacerdotes et Levitas Urihel Asaiam Iohel Semeiam Elihel et Aminadab
Og David kalla åt seg prestarne Sadok og Abjatar og levitarne Uriel, Asaja og Joel, Semaja og Eliel og Amminadab.
12 et dixit ad eos vos qui estis principes familiarum leviticarum sanctificamini cum fratribus vestris et adferte arcam Domini Dei Israhel ad locum qui ei praeparatus est
Og han sagde til deim: «De er hovdingar for ættgreinerne i Levi. Helga dykk, de og brørne dykkar, og før so kista åt Herren, Israels Gud, upp til den staden som eg hev laga til åt henne!
13 ne ut a principio quia non eratis praesentes percussit nos Dominus sic et nunc fiat inlicitum quid nobis agentibus
Det var for di de ikkje var med fyrre gongen, at Herren, vår Gud, braut ned ein av oss, til straff for at me ikkje søkte honom som rett var.»
14 sanctificati sunt ergo sacerdotes et Levitae ut portarent arcam Domini Dei Israhel
Då helga dei seg, prestarne og levitarne, so dei kunde føra upp kista åt Herren, Israels Gud.
15 et tulerunt filii Levi arcam Dei sicut praeceperat Moses iuxta verbum Domini umeris suis in vectibus
Og levitsønerne bar Guds kista med stenger som låg på herdarne deira, soleis som Moses hadde sagt deim fyre etter Herrens ord.
16 dixit quoque David principibus Levitarum ut constituerent de fratribus suis cantores in organis musicorum nablis videlicet et lyris et cymbalis ut resonaret in excelsum sonitus laetitiae
Og David baud levithovdingarne at dei skulde stella brørne sine, songarane, fram med spel, harpor, cithrar og cymblar, som dei skulde låta på medan dei let gledesongen ljoma.
17 constitueruntque Levitas Heman filium Iohel et de fratribus eius Asaph filium Barachiae de filiis vero Merari fratribus eorum Ethan filium Casaiae
Levitarne sette då Heman Joelsson til dette, og av hans brør Asaf Berekjason, og av brørne deira, Merari-sønerne, Etan Kusajason,
18 et cum eis fratres eorum in secundo ordine Zacchariam et Ben et Iazihel et Semiramoth et Iahihel et Ani Eliab et Banaiam et Maasiam et Matthathiam et Eliphalu et Macheniam et Obededom et Ieihel ianitores
og jamsides med deim brørne deira av andre rangen, Zakarja, Ben, Ja’aziel og Semiramot og Jehiel og Unni, Eliab og Benaja og Ma’aseja og Mattitja, Eliflehu og Mikneja og Obed-Edom og Je’iel, dørvaktarane.
19 porro cantores Heman Asaph et Ethan in cymbalis aeneis concrepantes
Songarane Heman, Asaf og Etan skulde slå på koparcymblar.
20 Zaccharias autem et Ozihel et Semiramoth et Iahihel et Ani et Eliab et Maasias et Banaias in nablis arcana cantabant
Zakarja og Asiel og Semiramot og Jehiel og Unni og Eliab og Ma’aseja og Benaja skulde spela på harpor etter Alamot.
21 porro Matthathias et Eliphalu et Machenias et Obededom et Ieihel et Ozaziu in citharis pro octava canebant epinikion
Mattitja og Eliflehu og Mikneja og Obed-Edom og Je’iel og Azazja skulde spela på cithrar etter Sjeminit.
22 Chonenias autem princeps Levitarum prophetiae praeerat ad praecinendam melodiam erat quippe valde sapiens
Kenanja, som var førar for levitarne ved beringi; skulde læra deim å bera; for han var kunnig i slikt.
23 et Barachias et Helcana ianitores arcae
Berekja og Elkana skulde vera dørvaktarar ved kista.
24 porro Sebenias et Iosaphat et Nathanahel et Amasai et Zaccharias et Banaias et Eliezer sacerdotes clangebant tubis coram arca Dei et Obededom et Ahias erant ianitores arcae
Sebajna og Josafat og Netanel og Amasai og Zakarja og Benaja og Eliezer, prestarne, skulle blåsa i trompetar framfyre Guds kista. Og Obed-Edom og Jehia skulde vera dørvaktarar ved kista.
25 igitur David et maiores natu Israhel et tribuni ierunt ad deportandam arcam foederis Domini de domo Obededom cum laetitia
So gjekk David og dei øvste i Israel og yverhovudsmennerne av stad og skulde føra Herrens sambandskista med fagnad upp or huset åt Obed-Edom.
26 cumque adiuvisset Deus Levitas qui portabant arcam foederis Domini immolabantur septem tauri et septem arietes
Og med di Gud verna levitarne som bar Herrens sambandskista, so ofra dei sju uksar og sju verar.
27 porro David erat indutus stola byssina et universi Levitae qui portabant arcam cantoresque et Chonenias princeps prophetiae inter cantores David autem indutus erat etiam ephod lineo
Og David gjekk då med ei kappa av fint linan, og like eins alle levitarne som bar kista, og songarane, og Kenanja, føraren for songarane ved beringi. Dessutan bar David ein linhakel.
28 universusque Israhel deducebant arcam foederis Domini in iubilo et sonitu bucinae et tubis et cymbalis et nablis et citharis concrepantes
Og heile Israel flutte Herrens sambandskista upp med fagnadrop og lurljom, og dei bles i trompetar og slo på cymblar let harpor og cithrar.
29 cumque pervenisset arca foederis Domini usque ad civitatem David Michol filia Saul prospiciens per fenestram vidit regem David saltantem atque ludentem et despexit eum in corde suo
Då so Herrens sambandskista kom til Davidsbyen, såg Mikal, dotter åt Saul, ut gjenom vindauga, og då ho fekk auga på kong David, som hoppa og leika seg, vanvyrde ho honom i sitt hjarta.

< I Paralipomenon 15 >