< Apocalypsis 18 >

1 Et post haec vidi alium Angelum descendentem de caelo, habentem potestatem magnam: et terra illuminata est a gloria eius.
Deretter såg eg ein annan engel stiga ned frå himmelen; han hadde stor magt, og jordi vart upplyst av hans herlegdom.
2 Et exclamavit in fortitudine, dicens: Cecidit, cecidit Babylon magna: et facta est habitatio daemoniorum, et custodia omnis spiritus immundi, et custodia omnis volucris immundae, et odibilis:
Og han ropa med sterk røyst og sagde: «Falli, falli er Babylon, den store, og ho hev vorte bustad for vonde ånder, eit fangebol for alle ureine ånder, og eit fangebol for alle ureine og styggjelege fuglar.
3 quia de vino irae fornicationis eius biberunt omnes gentes: et reges terrae cum illa fornicati sunt: et mercatores terrae de virtute deliciarum eius divites facti sunt.
For av hennar hordoms vreide-vin hev alle folki drukke, og kongarne på jordi hev drive hor med henne, og kjøpmennerne på jordi hev vorte rike av hennar ovlivnads fylla.»
4 Et audivi aliam vocem de caelo, dicentem: Exite de illa populus meus: ut ne participes sitis delictorum eius, et de plagis eius non accipiatis.
Og eg høyrde ei onnor røyst frå himmelen, som sagde: «Gakk ut frå henne, de mitt folk, so de ikkje skal verta medskuldige i synderne hennar og ikkje få noko av plågorne hennar!
5 Quoniam pervenerunt peccata eius usque ad caelum, et recordatus est Dominus iniquitatum eius.
For synderne hennar når heilt upp til himmelen, og Gud hev kome hennar urettferdige gjerningar i hug.
6 Reddite illi sicut et ipsa reddidit vobis: et duplicate duplicia secundum opera eius: in poculo, quo miscuit vobis, miscete illi duplum.
Gjev henne att som ho hev gjeve, og gjev henne tvifaldt etter hennar gjerningar! Skjenk henne tvifaldt i den skåli som ho hev skjenkt i!
7 Quantum glorificavit se, et in deliciis fuit, tantum date illi tormentum et luctum: quia in corde suo dicit: Sedeo regina: et vidua non sum: et luctum non videbo.
So mykje som ho hev æra seg sjølv og livt i ovlivnad, so mykje pinsla og sorg gjeve de henne! For ho segjer i sitt hjarta: «Eg sit som dronning og er ikkje enkja, og sorg skal eg ikkje sjå.»
8 Ideo in una die venient plagae eius, mors, et luctus, et fames, et igne comburetur: quia fortis est Deus, qui iudicabit illam.
Difor skal plågorne hennar koma på ein dag: daude og sorg og svolt, og ho skal verta uppbrend med eld; for sterk er Herren Gud, som dømde henne.
9 Et flebunt, et plangent se super illam reges terrae, qui cum illa fornicati sunt, et in deliciis vixerunt, cum viderint fumum incendii eius:
Og kongarne på jordi som hev drive hor og ovlivnad med henne, skal gråta og barma seg yver henne, når dei ser røyken av hennar brand,
10 longe stantes propter timorem tormentorum eius, dicentes: Vae, vae civitas illa magna Babylon, civitas illa fortis: quoniam una hora venit iudicium tuum.
medan dei stend langt undan av otte for pinsla hennar og segjer: «Usæl, usæl du store by Babylon, du sterke by! at domen din er komen i ein time!»
11 Et negotiatores terrae flebunt, et lugebunt super illam: quoniam merces eorum nemo emet amplius:
Og kjøpmennerne på jordi græt og syrgjer yver henne, av di ingen lenger kjøper varorne deira:
12 merces auri, et argenti, et lapidis pretiosi, et margaritae, et byssi, et purpurae, et serici, et cocci, (et omne lignum thyinum, et omnia vasa eboris, et omnia vasa de lapide pretioso, et aeramento, et ferro, et marmore,
varor av gull og sylv og dyre steinar og perlor og kostelegt linty og purpur og silke og skarlak og allslag angande tre og allslag kjerald av filsbein og allslag kjerald av dyrverdigt tre og kopar og jarn og marmor
13 et cinnamomum) et amomum et odoramentorum, et unguenti, et turis, et vini, et olei, et similae, et tritici, et iumentorum, et ovium, et equorum, et rhedarum, et mancipiorum, et animarum hominum.
og kanel og hårsalve og røykjelse og myrra og røykjeverk og vin og olje og fint mjøl og kveite og storfe og sauer og hestar og vogner og trælar og menneskje-sjæler.
14 Et poma desiderii animae tuae discesserunt a te, et omnia pinguia, et praeclara perierunt a te, et amplius illa iam non invenient.
Og den frukt som di sjæl hadde lyst til, er komi burt frå deg, og alt det feite og glimande er kome burt frå deg, og aldri skal nokon finna det meir.
15 Mercatores horum, qui divites facti sunt, ab ea longe stabunt propter timorem tormentorum eius, flentes, ac lugentes,
Dei som handlar med desse ting, som hev vorte rike ved henne, skal standa langt undan av otte for pinsla hennar og gråta og syrgja
16 et dicentes: Vae, vae civitas illa magna, quae amicta erat bysso, et purpura, et cocco, et deaurata erat auro, et lapide pretioso, et margaritis:
og segja: «Usæl, usæl den store byen, som var klædd i kostelegt linty og purpur og skarlak, og lyste av gull og dyre steinar og perlor; at so stor ein rikdom er øydd i ein time!»
17 quoniam una hora destitutae sunt tantae divitiae, et omnis gubernator, et omnis, qui in lacum navigat, et nautae, et qui in mari operantur, longe steterunt,
Og kvar styremann og kvar skipsførar og alle sjøfolk og alle dei som fer på havet, stod langt undan
18 et clamaverunt videntes locum incendii eius, dicentes: Quae similis civitati huic magnae?
og ropa då dei såg røyken av hennar brand, og sagde: «Kven er lik den store byen?»
19 Et miserunt pulverem super capita sua, et clamaverunt flentes, et lugentes, dicentes: Vae, vae civitas illa magna, in qua divites facti sunt omnes, qui habebant naves in mari de pretiis eius: quoniam una hora desolata est.
Og dei kasta dust på hovudi sine og ropa med gråt og sorg og sagde: «Usæl, usæl den store byen, der alle som hadde skip på havet, vart rike av hennar eignaluter, at ho vart lagd i øyde i ein time!»
20 Exulta super eam caelum, et sancti Apostoli, et Prophetae: quoniam iudicavit Deus iudicium vestrum de illa.
Fagna deg yver henne, du himmel, og de apostlar og profetar, av di Gud hev halde dom for dykk yver henne!»
21 Et sustulit unus Angelus fortis lapidem quasi molarem magnum, et misit in mare, dicens: Hoc impetu mittetur Babylon civitas illa magna, et ultra iam non invenietur.
Og ein veldug engel lyfte ein stein som ein stor kvernstein og kasta honom i havet og sagde: «So skal Babylon, den store byen, med hast verta nedkasta og ikkje meir verta funnen.
22 Et vox citharoedorum, et musicorum, et tibia canentium, et tuba non audietur in te amplius: et omnis artifex omnis artis non invenietur in te amplius: et vox molae non audietur in te amplius:
Og ingen ljod av harpespelarar og songarar og fløytelåtarar og lurblåsarar skal lenger verta høyrd i deg, og ingen som driv nokor kunst, skal lenger verta funnen i deg, og ingen ljod av kvern lenger verta høyrd i deg.
23 et lux lucernae non lucebit in te amplius: et vox sponsi, et sponsae non audietur adhuc in te: quia mercatores tui erant principes terrae, quia in veneficiis tuis erraverunt omnes gentes.
Og ljos av lampa skal ikkje lenger skina i deg, og røyst av brudgom og brur ikkje lenger verta høyrd i deg; for dine kjøpmenner var storkararne på jordi, av di alle folk vart dåra ved din trolldom.
24 Et in ea sanguis prophetarum et sanctorum inventus est: et omnium, qui interfecti sunt in terra.
Og i henne vart det funne blod av profetar og heilage og av alle deim som er myrde på jordi.»

< Apocalypsis 18 >