< Psalmorum 101 >
1 Psalmus David. Misericordiam, et iudicium cantabo tibi Domine: Psallam,
Av David; ein salme. Um miskunn og rett vil eg syngja; deg, Herre, vil eg lova.
2 et intelligam in via immaculata, quando venies ad me. Perambulabam in innocentia cordis mei, in medio domus meae.
Eg vil agta på den ulastande veg - når kjem du til meg? Eg vil vandra i mitt hjartans uskyld i mitt hus.
3 Non proponebam ante oculos meos rem iniustam: facientes praevaricationes odivi. Non adhaesit mihi
Ikkje set eg meg for augo nidingsverk, å gjera misgjerd hatar eg, slikt heng ikkje ved meg.
4 cor pravum: declinantem a me malignum non cognoscebam.
Eit rangsnutt hjarta skal vika frå meg, vondt vil eg ikkje vita av.
5 Detrahentem secreto proximo suo, hunc persequebar. Superbo oculo, et insatiabili corde, cum hoc non edebam.
Den som løynleg lastar sin næste, han vil eg tyna; deim med stolte augo og ovmodigt hjarta kann eg ikkje tola.
6 Oculi mei ad fideles terrae ut sedeant mecum: ambulans in via immaculata, hic mihi ministrabat.
Mine augo ser på dei trugne i landet, for eg vil dei skal bu hjå meg; den som vandrar på ulastande veg, han skal tena meg.
7 Non habitabit in medio domus meae qui facit superbiam: qui loquitur iniqua, non direxit in conspectu oculorum meorum.
I mitt hus skal ingen få bu som fer med svik; den som talar lygn, skal ikkje standa for augo mine.
8 In matutino interficiebam omnes peccatores terrae: ut disperderem de civitate Domini omnes operantes iniquitatem.
Kvar morgon vil eg tyna alle ugudlege i landet, so eg kann rydja ut or Herrens by alle ugjerningsmenner.