< Psalmorum 10 >
1 Ut quid Domine recessisti longe, despicis in opportunitatibus, in tribulatione?
Herre, kvi stend du so langt undan, held deg løynd dei tider me er i trengd?
2 Dum superbit impius, incenditur pauper: comprehenduntur in consiliis quibus cogitant.
Ved ovmodet hjå dei ugudlege illhugast den arme; lat deim vert fanga i dei meinråder dei hev tenkt upp!
3 Quoniam laudatur peccator in desideriis animae suae: et iniquus benedicitur.
For den ugudlege rosar det hans sjæl lyster, og den vinnekjære byd farvel og spottar Herren.
4 Exacerbavit Dominum peccator, secundum multitudinem irae suae non quaeret.
Den ugudlege set nosi høgt og segjer: «Han heimsøkjer ikkje. Det er ingen Gud til!» det er alle hans tankar.
5 Non est Deus in conspectu eius: inquinatae sunt viae illius in omni tempore. Auferuntur iudicia tua a facie eius: omnium inimicorum suorum dominabitur.
Hans vegar lukkast alle tider; langt burte frå honom i det høge er dine domar; alle sine motstandarar - deim blæs han åt.
6 Dixit enim in corde suo: Non movebor a generatione in generationem, sine malo.
Han segjer i sitt hjarta: «Eg skal ikkje verta rikka, frå ættled til ættled kjem eg ikkje i ulukka.»
7 Cuius maledictione os plenum est, et amaritudine, et dolo: sub lingua eius labor et dolor.
Hans munn er full av forbanning og av svik og vald; under hans tunga er tjon og ulukka.
8 Sedet in insidiis cum divitibus in occultis, ut interficiat innocentem.
Han ligg på lur ved gardarne, på løynlege stader myrder han den uskuldige, hans augo spæjar etter den verjelause.
9 Oculi eius in pauperem respiciunt: insidiatur in abscondito, quasi leo in spelunca sua. Insidiatur ut rapiat pauperem: rapere pauperem dum attrahit eum.
Han lurer i løyne som løva i si kjørr, han lurer etter å gripa den arme; han grip den arme, med di han dreg honom i sitt garn.
10 In laqueo suo humiliabit eum, inclinabit se, et cadet cum dominatus fuerit pauperum.
Han luter seg, duvar seg ned, og dei verjelause fell for hans sterke klør.
11 Dixit enim in corde suo: Oblitus est Deus, avertit faciem suam ne videat in finem.
Han segjer i sitt hjarta: «Gud hev gløymt det, han hev løynt sitt andlit, han ser det aldri.»
12 Exurge Domine Deus, exaltetur manus tua: ne obliviscaris pauperum.
Statt upp, Herre! Gud, lyft upp di hand, gløym ikkje dei arme!
13 Propter quid irritavit impius Deum? dixit enim in corde suo: Non requiret.
Kvi skal den ugudlege vanvyrda Gud og segja i sitt hjarta: «Du heimsøkjer ikkje?»
14 Vides, quoniam tu laborem et dolorem consideras: ut tradas eos in manus tuas. Tibi derelictus est pauper: orphano tu eris adiutor.
Du hev set det; for du skodar naud og hjartesorg til å leggja deim i di hand; til deg yvergjev den verjelause si sak, du er ein hjelpar for dei farlause.
15 Contere brachium peccatoris et maligni: quaeretur peccatum illius, et non invenietur.
Slå armen sund på den ugudlege, og den vonde - heimsøk hans gudløysa, so du ikkje finn honom meir!
16 Dominus regnabit in aeternum, et in saeculum saeculi: peribitis Gentes de terra illius.
Herren er konge æveleg og alltid heidningarne er øydde ut or hans land.
17 Desiderium pauperum exaudivit Dominus: praeparationem cordis eorum audivit auris tua.
Herre, du hev høyrt ynskjet frå dei arme, du styrkjer deira hjarta, du vender øyra ditt til,
18 Iudicare pupillo et humili, ut non apponat ultra magnificare se homo super terram.
so du gjev den farlause og nedtyngde sin rett. Ikkje lenger skal menneskjet som er av jordi halda fram med å skræma.