< Liber Numeri 19 >
1 Locutusque est Dominus ad Moysen et Aaron, dicens:
Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde:
2 Ista est religio victimae, quam constituit Dominus. Praecipe filiis Israel, ut adducant ad te vaccam rufam aetatis integrae, in qua nulla sit macula, nec portaverit iugum:
«Høyr no eit lovbod som Herren hev gjeve! Han sagde: «Seg til Israels-sønerne at dei skal koma til deg med ei raud kviga, som ikkje hev vank eller veila, og aldri hev vore under åket.
3 tradetisque eam Eleazaro sacerdoti. qui eductam extra castra, immolabit in conspectu omnium:
Den skal de gjeva til Eleazar, presten, og dei skal leida henne utanfor lægret og slagta henne for augo hans.
4 et tingens digitum in sanguine eius, asperget contra fores tabernaculi septem vicibus,
Og han - Eleazar, presten - skal taka noko av blodet hennar på fingeren og skvetta sju gonger burt imot framsida av møtetjeldet.
5 comburetque eam cunctis videntibus, tam pelle et carnibus eius quam sanguine et fimo flammae traditis.
So skal dei brenna kviga for augo hans; både hudi og kjøtet og blodet, og møki med, skal dei brenna.
6 Lignum quoque cedrinum, et hyssopum, coccumque bis tinctum sacerdos mittet in flammam, quae vaccam vorat.
Og presten skal taka cedertre og bergmynta og karmesin og kasta på elden som kviga brenn i.
7 Et tunc demum, lotis vestibus et corpore suo, ingredietur in castra, commaculatusque erit usque ad vesperum.
Sidan skal han två klædi sine, og lauga likamen sin i vatn, so kann han koma inn i lægret; men han skal vera urein alt til kvelds.
8 Sed et ille, qui combusserit eam, lavabit vestimenta sua, et corpus, et immundus erit usque ad vesperum.
Den som brende kviga, skal og två klædi sine og lauga likamen sin i vatn, og er urein til kvelds.
9 Colliget autem vir mundus cineres vaccae, et effundet eos extra castra in loco purissimo, ut sint multitudini filiorum Israel in custodiam, et in aquam aspersionis: quia pro peccato vacca combusta est.
Og ein som er rein, skal samla i hop oska av kviga, og leggja henne på ein rein stad utanfor lægret, so ho kann gøymast åt Israels-lyden til skiringsvatn; ho hev soningskraft.
10 Cumque laverit qui vaccae portaverat cineres, vestimenta sua, immundus erit usque ad vesperum. Habebunt hoc filii Israel et advenae, qui habitant inter eos, sanctum iure perpetuo.
Men den som samla oska av kviga, lyt två klædi sine, og er urein til kvelds. Og dette skal vera ei æveleg lov både for Israels-folket og dei framande som bur millom deim.
11 Qui tetigerit cadaver hominis, et propter hoc septem diebus fuerit immundus:
Den som kjem nær ein avliden, kven det so er, er urein sju dagar.
12 aspergetur ex hac aqua die tertio et septimo, et sic mundabitur. Si die tertio aspersus non fuerit, septimo non poterit emundari.
Den tridje og den sjuande dagen skal han reinsa seg for synd med skiringsvatnet; so vert han rein att; men reinsar han seg ikkje den tridje og den sjuande dagen, so vert han ikkje rein.
13 Omnis qui tetigerit humanae animae morticinum, et aspersus hac commistione non fuerit, polluet tabernaculum Domini, et peribit ex Israel: quia aqua expiationis non est aspersus, immundus erit, et manebit spurcitia eius super eum.
Kven som kjem nær ein avliden, eit mannelik, og ikkje reinsar seg, han sulkar Herrens hus, og skal rydjast ut or Israel; han er urein; so lenge det ikkje er skvett skiringsvatn på honom, fylgjer det ureinska med honom.
14 Ista est lex hominis qui moritur in tabernaculo: Omnes qui ingrediuntur tentorium illius, et universa vasa quae ibi sunt, polluta erunt septem diebus.
So lyder lovi: Når ein døyr i eit hus, so skal alle som er i huset, og alle som kjem inn, vera ureine sju dagar.
15 Vas, quod non habuerit operculum, nec ligaturam desuper, immundum erit.
Og alle opne koppar, alle som det ikkje er lok på eller bundne yver, vert ureine.
16 Si quis in agro tetigerit cadaver occisi hominis, aut per se mortui, sive os illius, vel sepulchrum, immundus erit septem diebus.
Og den som ute på marki kjem nær ein som er ihelslegen, eller eit anna lik, eller mannebein, eller ei grav, er urein i sju dagar.
17 Tollentque de cineribus combustionis atque peccati, et mittent aquas vivas super eos in vas.
Er det ein som soleis hev vorte urein, so skal dei taka noko av oska etter det uppbrende syndofferet og ausa rennande vatn på i eit fat.
18 in quibus cum homo mundus tinxerit hyssopum, asperget ex eo omne tentorium, et cunctam supellectilem, et homines huiuscemodi contagione pollutos:
Og ein som er rein, skal taka bergmynte og duppa i vatnet, og skvetta på huset og på alle dei ting og alle dei folk som er der, og på den som hev kome nær mannebein eller ein mann som er ihelslegen eller eit anna lik eller ei grav.
19 atque hoc modo mundus lustrabit immundum tertio et septimo die. expiatusque die septimo, lavabit et se et vestimenta sua, et immundus erit usque ad vesperum.
Den tridje og den sjuande dagen skal dei reine skvetta på den som hev vorte urein; og den sjuande dagen skal han segja honom fri for synd; so skal han två klædi sine og lauga seg i vatn, og vert då rein att same kvelden.
20 Si quis hoc ritu non fuerit expiatus, peribit anima illius de medio Ecclesiae: quia sanctuarium Domini polluit, et non est aqua lustrationis aspersus.
Men den som vert urein, og ikkje reinsar seg for synd, han skal rydjast ut or lyden, for di han hev sulka Herrens heilagdom - det hev ikkje kome skiringsvatn på honom: han er urein.
21 erit hoc praeceptum legitimum sempiternum. Ipse quoque qui aspergit aquas, lavabit vestimenta sua: Omnis qui tetigerit aquas expiationis, immundus erit usque ad vesperum.
Dette skal vera ei æveleg lov hjå deim. Den som skvette skiringsvatnet, skal tvo klædi sine, og den som kjem nær skiringsvatnet, er urein alt til kvelds.
22 Quidquid tetigerit immundus, immundum faciet: et anima, quae horum quippiam tetigerit, immunda erit usque ad vesperum.
Alt det den ureine kjem nær, vert ureint, og alle som kjem innåt honom, er ureine til kvelds.»»