< Lucam 9 >

1 Convocatis autem Iesus duodecim Apostolis, dedit illis virtutem, et potestatem super omnia daemonia, et ut languores curarent.
Jesus kalla i hop dei tolv, og gav deim magt og velde yver alle vonde ånder, og til å lækja sjukdomar.
2 Et misit illos praedicare regnum Dei, et sanare infirmos.
So sende han deim ut, so dei skulde forkynna Guds rike og gjera sjuke gode att,
3 Et ait ad illos: Nihil tuleritis in via, neque virgam, neque peram, neque panem, neque pecuniam, neque duas tunicas habeatis.
og han sagde til deim: «Tak ingen ting med dykk på vegen, ikkje stav, ikkje skreppa, ikkje brød, ikkje pengar! Ikkje heller skal de hava tvo trøyor!
4 Et in quamcumque domum intraveritis, ibi manete, et inde ne exeatis.
Når de kjem inn i eit hus, so ver der, og flytt ikkje ifrå att, fyrr de fer lenger!
5 Et quicumque non receperint vos: exeuntes de civitate illa, etiam pulverem pedum vestrorum excutite in testimonium supra illos.
Men er det nokon stad dei ikkje vil taka imot dykk, so far burt frå den bygdi, og rist dusti av føterne dykkar! Det skal vera eit vitnemål mot deim.»
6 Egressi autem circuibant per castella evangelizantes, et curantes ubique.
So tok dei ut og for ikring frå grend til grend og forkynte evangeliet, og lækte folk kvar dei kom.
7 Audivit autem Herodes tetrarcha omnia, quae fiebant ab eo, et haesitabat eo quod diceretur
Herodes, fylkeskongen, fekk høyra um alt det som hende; då visste han ikkje kva han skulde tru; for sume sagde: «Johannes er vekt upp frå dei daude!»
8 a quibusdam: Quia Ioannes surrexit a mortuis: a quibusdam vero: Quia Elias apparuit: ab aliis autem: Quia propheta unus de antiquis surrexit.
sume: «Elia hev synt seg!» andre: «Ein av dei gamle profetarne hev stade upp att!»
9 Et ait Herodes: Ioannem ego decollavi: Quis est autem iste, de quo ego talia audio? Et quaerebat videre eum.
«Johannes hev eg hogge hovudet av, » sagde Herodes; «kva er so dette for ein, som eg høyrer sovore um?» Og han freista å få sjå honom.
10 Et reversi Apostoli, narraverunt illi quaecumque fecerunt: et assumptis illis secessit seorsum in locum desertum, qui est Bethsaidae.
Då apostlarne kom att, fortalde dei Jesus alt dei hadde gjort. Då tok han deim med seg burt til ein by som heiter Betsaida, og vilde vera åleine med deim.
11 Quod cum cognovissent turbae, secutae sunt illum: et excepit eos, et loquebatur illis de regno Dei, et eos, qui cura indigebant, sanabat.
Men folket fekk vita det og fylgde etter honom; og han tok vel imot deim og tala til deim um Guds rike, og lækte deim som lækjedom trong.
12 Dies autem coeperat declinare. Et accedentes duodecim dixerunt illi: Dimitte turbas, ut euntes in castella, villasque quae circa sunt, divertant, et inveniant escas: quia hic in loco deserto sumus.
Då dagen tok til å halla, gjekk dei tolv fram til honom og sagde: «Send folket frå deg, so dei kann ganga til grenderne og gardarne her ikring og koma i hus og få seg noko til å liva av! For her er me på ein øydestad.»
13 Ait autem ad illos: Vos date illis manducare. At illi dixerunt: Non sunt nobis plus quam quinque panes, et duo pisces: nisi forte nos eamus, et emamus in omnem hanc turbam escas.
«Gjev de deim mat!» svara han. «Me hev’kje meir enn fem brødleivar og tvo fiskar, » sagde dei; «eller skal me ganga’stad og kjøpa mat åt alt dette folket?»
14 Erant autem fere viri quinque millia. Ait autem ad discipulos suos: Facite illos discumbere per convivia quinquagenos.
- det var um lag fem tusund mann. Då sagde han til læresveinarne: «Lat deim setja seg ned i bordlag på ikring femti mann!»
15 Et ita fecerunt. Et discubuerunt omnes.
Dei so gjorde, og let alle setja seg.
16 Acceptis autem quinque panibus, et duobus piscibus, respexit in caelum, et benedixit illis: et fregit, et distribuit discipulis suis, ut ponerent ante turbas.
So tok han dei fem brødleivarne og dei tvo fiskarne, og såg upp imot himmelen og velsigna deim, og han braut deim i molar og gav det til læresveinarne, so dei skulde setja det fram for folket.
17 Et manducaverunt omnes, et saturati sunt. Et sublatum est quod superfuit illis, fragmentorum cophini duodecim.
So åt dei; og alle vart mette; og då det vart samla upp det som vart att etter deim, var det tolv korger fulle med molar.
18 Et factum est cum solus esset orans, erant cum illo et discipuli: et interrogavit illos, dicens: Quem me dicunt esse turbae?
Ein gong som han var åleine og bad, og læresveinarne var med honom, spurde han deim: «Kven segjer folk at eg er?»
19 At illi responderunt, et dixerunt: Ioannem Baptistam, alii autem Eliam, alii vero quia unus Propheta de prioribus surrexit.
«Johannes døyparen, » svara dei; «men sume segjer: «Elia, » og sume at ein av dei gamle profetarne hev stade upp att.»
20 Dixit autem illis: Vos autem quem me esse dicitis? Respondens Simon Petrus dixit: Christum Dei.
«Kven segjer då de at eg er?» spurde han. Då tok Peter til ords og sagde: «Guds Messias!»
21 At ille increpans illos, praecepit ne cui dicerent hoc,
Men det forbaud han deim strengt å tala til nokon um.
22 dicens: Quia oportet filium hominis multa pati, et reprobari a senioribus, et principibus sacerdotum, et Scribis, et occidi, et tertia die resurgere.
Og han sagde: «Menneskjesonen lyt lida mykje; styresmennerne og øvsteprestarne og dei skriftlærde kjem til å vanda honom, og han lyt lata livet; men tridje dagen skal han vekkjast upp att.»
23 Dicebat autem ad omnes: Si quis vult post me venire, abneget semetipsum, et tollat crucem suam quotidie, et sequatur me.
So sagde han til alle: «Vil nokon vera i lag med meg, so lyt han gløyma seg sjølv og dag for dag taka krossen sin upp og fylgja etter meg.
24 Qui enim voluerit animam suam salvam facere, perdet illam: nam qui perdiderit animam suam propter me, salvam faciet illam.
For den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser livet for mi skuld, han skal berga det.
25 quid enim proficit homo, si lucretur universum mundum, se autem ipsum perdat, et detrimentum sui faciat?
Kva gagnar det ein mann, um han vinn heile verdi, men øyder eller taper seg sjølv?»
26 Nam qui me erubuerit, et meos sermones: hunc Filius hominis erubescet cum venerit in maiestate sua, et Patris, et sanctorum angelorum.
«For den som skjemmest ved meg og ordi mine, han skal Menneskjesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen som skin kring honom og Faderen og dei heilage englarne.
27 Dico autem vobis vere: sunt aliqui hic stantes, qui non gustabunt mortem donec videant regnum Dei.
Men det segjer eg dykk med sannom: Det er sume av deim som her stend som ikkje skal smaka dauden fyrr dei fær sjå Guds rike.
28 Factum est autem post haec verba fere dies octo, et assumpsit Petrum, et Iacobum, et Ioannem, et ascendit in montem ut oraret.
Um lag åtte dagar etter han hadde tala desse ordi, hende det at han tok Peter og Johannes og Jakob med seg og gjekk upp i fjellet og vilde beda.
29 Et facta est, dum oraret, species vultus eius altera: et vestitus eius albus et refulgens.
Og medan han bad, fekk andlitet hans ein annan dåm, og klædnaden hans vart kvit og blenkte som ljonet.
30 Et ecce duo viri loquebantur cum illo. Erant autem Moyses, et Elias,
Og best det var, stod det tvo menner og tala med honom; det var Moses og Elia;
31 visi in maiestate: et dicebant excessum eius, quem completurus erat in Ierusalem.
dei synte seg i herlegdom, og tala um hans burtgang, som han skulde fullføra i Jerusalem.
32 Petrus vero, et qui cum illo erant, gravati erant somno. Et evigilantes viderunt maiestatem eius, et duos viros, qui stabant cum illo.
Peter og felagarne hans var tunge av svevn; men då dei vakna, såg dei herlegdomen som lyste frå Jesus, og såg dei tvo mennerne som stod innmed honom.
33 Et factum est cum discederent ab illo, ait Petrus ad Iesum: Praeceptor, bonum est nos hic esse: et faciamus tria tabernacula, unum Tibi, et unum Moysi, et unum Eliae: nesciens quid diceret.
Då so dei skulde skiljast med honom, sagde Peter til Jesus: «Meister, det er godt me er her! Lat oss gjera tri hyttor, ei åt deg, og ei åt Moses, og ei åt Elia!» - han visste ikkje kva han sagde.
34 Haec autem illo loquente, facta est nubes, et obumbravit eos: et timuerunt, intrantibus illis in nubem.
Med han tala soleis, kom det ei sky og skygde yver deim, og dei vart rædde då dei kom inn i skyi.
35 Et vox facta est de nube, dicens: Hic est Filius meus dilectus, ipsum audite.
Då kom det ei røyst utor skyi: «Dette er son min, han som eg hev kåra meg ut! Honom skal de høyra på!»
36 Et dum fieret vox, inventus est Iesus solus. Et ipsi tacuerunt, et nemini dixerunt in illis diebus quidquam ex his, quae viderant.
Men då røysti kom, var det ingen å sjå utan Jesus. Dei tagde med dette og tala ikkje den gongen til nokon um noko av det dei hadde set.
37 Factum est autem in sequenti die, descendentibus illis de monte, occurrit illis turba multa.
Dagen etter, då dei var komne ned av fjellet, kom ein stor folkehop imot honom.
38 Et ecce vir de turba exclamavit, dicens: Magister, obsecro te, respice in filium meum quia unicus est mihi:
Best det var, ropa ein mann utor hopen: «Meister, eg bed deg: Sjå til son min; han er einaste barnet mitt!
39 et ecce spiritus apprehendit eum, et subito clamat, et elidit, et dissipat eum cum spuma, et vix discedit dilanians eum:
Rett som det er, grip ei ånd honom, og brått set han i og huar; og åndi slit honom til fraudi stend kring munnen på honom; det er med naudi ho vil sleppa guten, og då gjer ho mest ende på honom;
40 et rogavi discipulos tuos ut eiicerent illum, et non potuerunt.
eg bad læresveinarne dine at dei vilde driva henne ut; men dei kunde ikkje.»
41 Respondens autem Iesus, dixit: O generatio infidelis, et perversa, usquequo ero apud vos, et patiar vos? Adduc huc filium tuum.
Då tok Jesus til ords og sagde: «Å, du vantrune og vrange ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk og tola dykk? Kom hit med son din!»
42 Et cum accederet, elisit illum daemonium, et dissipavit.
Fyrr guten kunde nå fram til Jesus, reiv åndi og sleit i honom. Men Jesus truga den ureine åndi og gjorde guten god att, og gav honom att åt faren.
43 Et increpavit Iesus spiritum immundum, et sanavit puerum, et reddidit illum patri eius.
Og alle var tekne av age og undring yver Guds velde.
44 Stupebant autem omnes in magnitudine Dei: omnibusque mirantibus in omnibus, quae faciebat, dixit ad discipulos suos: Ponite vos in cordibus vestris sermones istos: Filius enim hominis futurum est ut tradatur in manus hominum.
Med alle var upp i under yver alt det han gjorde, sagde han til læresveinarne sine: «Høyr vel etter desse ordi, og legg deim på minne: Menneskjesonen skal gjevast yver i menneskjehender!»
45 At illi ignorabant verbum istud, et erat velatum ante eos ut non sentirent illud: et timebant eum interrogare de hoc verbo.
Men dei skyna ikkje det ordet; det var dult for deim, so dei ikkje fekk tak på det, og dei torde ikkje spyrja honom um det.
46 Intravit autem cogitatio in eos, quis eorum maior esset.
Det kom ein tanke upp i deim um kven av deim som var størst.
47 At Iesus videns cogitationes cordis illorum, apprehendit puerum, et statuit illum secus se,
Men Jesus visste kva tankar dei bar i hjarta; han tok eit lite barn og sette innmed seg
48 et ait illis: Quicumque susceperit puerum istum in nomine meo, me recipit: et quicumque me receperit, recipit eum, qui me misit. Nam qui minor est inter vos omnes, hic maior est.
og sagde til deim: «Den som tek imot dette barnet for mitt namn skuld, han tek imot meg, og den som tek imot meg, tek imot den som sende meg. For den som er minst av dykk alle, han er stor.»
49 Respondens autem Ioannes dixit: Praeceptor, vidimus quemdam in nomine tuo eiicientem daemonia, et prohibuimus eum: quia non sequitur nos.
Då tok Johannes til ords og sagde: «Meister, me såg ein som dreiv ut vonde ånder i ditt namn, og me forbaud honom det, for di han ikkje er i fylgje med oss.»
50 Et ait ad illum Iesus: Nolite prohibere: qui enim non est adversum vos, pro vobis est.
«De skal ikkje forbjoda det, » svara Jesus; «for den som ikkje er imot dykk, er med dykk.»
51 Factum est autem dum complerentur dies assumptionis eius, et ipse faciem suam firmavit ut iret in Ierusalem.
Då det leid mot den tidi at han skulde takast upp til Gud, vende han augo sine stødt mot Jerusalem; for dit etla han seg.
52 Et misit nuncios ante conspectum suum: et euntes intraverunt in civitatem Samaritanorum ut parerent illi.
Han sende bod fyre seg; men då ærendsveinarne hans kom til ei samaritanar-grend og skulde tinga hus åt honom,
53 Et non receperunt eum, quia facies eius erat euntis in Ierusalem.
vilde folket ikkje taka imot honom, for di han var på veg til Jerusalem.
54 Cum vidissent autem discipuli eius Iacobus, et Ioannes, dixerunt: Domine, vis dicimus ut ignis descendat de caelo, et consumat illos?
Då Jakob og Johannes, læresveinarne hans, såg det, sagde dei: «Herre, vil du me skal segja at det skal fara eld ned frå himmelen og øyda deim, soleis som Elia gjorde?»
55 Et conversus increpavit illos, dicens: Nescitis cuius spiritus estis.
Då snudde han seg og tala strengt til deim og sagde: «Veit det’kje kva ånd de er av?
56 Filius hominis non venit animas perdere, sed salvare. Et abierunt in aliud castellum.
Menneskjesonen er ikkje komen for å øyda menneskjeliv, men for å frelsa.» So gjekk dei til ei onnor grend.
57 Factum est autem: ambulantibus illis in via, dixit quidam ad illum: Sequar te quocumque ieris.
Med dei for etter vegen, var det ein som sagde til honom: «Eg vil fylgja deg, kvar du so fer!»
58 Dixit illi Iesus: Vulpes foveas habent, et volucres caeli nidos: Filius autem hominis non habet ubi caput suum reclinet.
Jesus svara: Revarne hev hi, og fuglarne i lufti hev reir, men Menneskjesonen hev ingen stad han kann halla sitt hovud nedpå.»
59 Ait autem ad alterum: Sequere me. ille autem dixit: Domine permitte mihi primum ire, et sepelire patrem meum.
Til ein annan sagde han: «Fylg meg!» «Herre, » svara han, «lat meg fyrst få ganga heim og jorda far min.»
60 Dixitque ei Iesus: Sine ut mortui sepeliant mortuos suos: tu autem vade, et annuntia regnum Dei.
«Lat dei daude jorda sine daude, » sagde Jesus, «men gakk du i veg og forkynn Guds rike!»
61 Et ait alter: Sequar te Domine, sed permitte mihi primum renunciare his, quae domi sunt.
Det var ein annan og som sagde: «Eg vil fylgja deg, Herre, men lat meg fyrst få beda farvel med deim som heime er!»
62 Ait ad illum Iesus: Nemo mittens manum suam ad aratrum, et respiciens retro, aptus est regno Dei.
Jesus svara: «Ingen som hev lagt handi på plogen, og so ser attum seg, høver for Guds rike.»

< Lucam 9 >