< Leviticus 20 >

1 Locutusque est Dominus ad Moysen, dicens:
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
2 Haec loqueris filiis Israel: Homo de filiis Israel, et de advenis, qui habitant in Israel, si quis dederit de semine suo idolo Moloch, morte moriatur: populus terrae lapidabit eum.
«Seg til Israels-folket: «Hender det at nokon av Israels-mennerne, eller av dei framande som held til i Israel, gjev noko av borni sine frå seg til Molok, so skal han lata livet: landslyden skal steina honom i hel.
3 Et ego ponam faciem meam contra illum: succidamque eum de medio populi sui, eo quod dederit de semine suo Moloch, et contaminaverit Sanctuarium meum, ac polluerit nomen sanctum meum.
Og eg vil kvessa augo mot den mannen, og rydja honom ut or folket hans, for di han hev gjeve Molok barnet sitt og sulka heilagdomen min og vanhelga mitt heilage namn:
4 Quod si negligens populus terrae, et quasi parvipendens imperium meum, dimiserit hominem qui dedit de semine suo Moloch, nec voluerit eum occidere:
um landslyden let att augo og ikkje læst sjå at han gjev barnet sitt til Molok, og ikkje drep honom,
5 ponam faciem meam super hominem illum, et super cognationem eius, succidamque et ipsum, et omnes qui consenserunt ei ut fornicarentur cum Moloch, de medio populi sui.
so vil eg kvessa augo mot honom og mot ætti hans, og rydja honom ut or folket hans, både honom og alle deim som fylgjer i fotfaret hans, og held seg med Molok.
6 Anima, quae declinaverit ad magos et ariolos, et fornicata fuerit cum eis, ponam faciem meam contra eam, et interficiam illam de medio populi sui.
Gjeng nokon til deim som manar fram draugar og spåvette, og held seg med deim, so vil eg kvessa augo mot honom og rydja honom ut or folket hans.
7 Sanctificamini et estote sancti, quia ego sum Dominus Deus vester.
De skal helga dykk og vera heilage; for eg, Herren, er dykkar Gud.
8 Custodite praecepta mea, et facite ea: Ego Dominus qui sanctifico vos.
Agta vel på loverne mine, og liv etter deim! Kom i hug: eg er Herren, som helgar dykk!
9 Qui maledixerit patri suo, aut matri, morte moriatur: sanguis eius sit super eum.
Den som bannar far sin og mor si, han skal lata livet. Han hev banna far og mor: blodet hans kjem på honom sjølv.
10 Si moechatus quis fuerit cum uxore alterius, et adulterium perpetraverit cum coniuge proximi sui, morte moriantur et moechus et adultera.
Den som held seg med ei gift kona, med kona åt grannen sin, han skal lata livet, både han og den kona han hev halde seg med.
11 Qui dormierit cum noverca sua, et revelaverit ignominiam patris sui, morte moriantur ambo: sanguis eorum sit super eos.
Ligg nokon med stykmor si, so skjemmer han æra åt far sin; dei skal båe lata livet, og blodet deira kjem på deim sjølve.
12 Si quis dormierit cum nuru sua, uterque moriatur, quia scelus operati sunt: sanguis eorum sit super eos.
Ligg nokon hjå sonekona si, so skal dei båe lata livet. Dei hev gjort eit skjemdarverk, og blodet deira kjem på deim sjølve.
13 Qui dormierit cum masculo coitu femineo, uterque operatus est nefas, morte moriantur: sit sanguis eorum super eos.
Ligg nokon hjå ein kar, som ein ligg hjå eit kvende, so gjer dei båe ei stygg gjerning; dei skal lata livet; blodet deira kjem på deim sjølve.
14 Qui supra uxorem filiam, duxerit matrem eius, scelus operatus est: vivus ardebit cum eis, nec permanebit tantum nefas in medio vestri.
Tek nokon både mor og dotter til kona, so er det blodskam; dei skal brennast på bål, både han og dei; sovori sedløysa må ikkje finnast hjå dykk;
15 Qui cum iumento et pecore coierit, morte moriatur: pecus quoque occidite.
Blandar nokon seg med eit dyr, so skal han lata livet, og dyret skal de drepa.
16 Mulier, quae succubuerit cuilibet iumento, simul interficietur cum eo: sanguis eorum sit super eos.
Og held ei kvinna seg innåt eit dyr og parar seg med det, so skal de slå i hel både kvinna og dyret. Dei som gjer slikt, skal lata livet, og blodet deira kjem på deim sjølve.
17 Qui acceperit sororem suam filiam patris sui, vel filiam matris suae, et viderit turpitudinem eius, illaque conspexerit fratris ignominiam: nefariam rem operati sunt: occidentur in conspectu populi sui, eo quod turpitudinem suam mutuo revelaverint, et portabunt iniquitatem suam.
Tek nokon syster si, som hev same far eller same mor som han, og søkjer seng med henne, og ho med honom, so er det blodskam, og dei skal rydjast ut for augo åt landslyden. Han hev søkt seng med syster si: han lyt lida for brotet sitt.
18 Qui coierit cum muliere in fluxu menstruo, et revelaverit turpitudinem eius, ipsaque aperuerit fontem sanguinis sui, interficientur ambo de medio populi sui.
Ligg nokon med ei kvinna medan ho hev månadssjuken sin, og nækjer blygsli hennar, tek han dekkjet av kjelda hennar, og ho nækjer blodkjelda si, so skal dei båe rydjast ut or folket sitt.
19 Turpitudinem materterae, et amitae tuae non discooperies: qui hoc fecerit, ignominiam carnis suae nudavit, portabunt ambo iniquitatem suam.
Du skal ikkje søkja seng med morsyster eller farsyster di; den som det gjer, skjemmer si eigi ætt: dei lyt lida for brotet sitt.
20 Qui coierit cum uxore patrui, vel avunculi sui, et revelaverit ignominiam cognationis suae, portabunt ambo peccatum suum: absque liberis morientur.
Ligg nokon hjå kona åt farbror sin, so vanærar han farbror sin: dei lyt lida for syndi si, og skal døy barnlause.
21 Qui duxerit uxorem fratris sui, rem facit illicitam, turpitudinem fratris sui revelavit: absque liberis erunt.
Gifter nokon seg med brorkona si, so er det ei skam; han hev vanæra bror sin: dei skal ikkje få born.
22 Custodite leges meas, atque iudicia, et facite ea: ne et vos evomat terra quam intraturi estis et habitaturi.
So lyd då alle bodi og alle loverne mine, og liv etter deim, so landet ikkje skal støyta dykk ut att, det landet som eg fører dykk til og vil lata dykk bu i!
23 Nolite ambulare in legitimis nationum, quas ego expulsurus sum ante vos. Omnia enim haec fecerunt, et abominatus sum eas.
Far ikkje etter skikkarne åt det folket som eg jagar ut for dykkar skuld! Dei gjorde alt dette; då fekk eg stygg til deim,
24 Vobis autem loquor: Possidete terram eorum, quam dabo vobis in hereditatem, terram fluentem lacte et melle. ego Dominus Deus vester, qui separavi vos a ceteris populis.
og eg sagde til dykk: De skal få landet deira, eit land som fløymer med mjølk og honning; eg vil gjeva dykk det til eiga, eg, Herren, dykkar Gud, som hev skilt dykk ut frå alle andre folk.
25 Separate ergo et vos iumentum mundum ab immundo, et avem mundam ab immunda: ne polluatis animas vestras in pecore, et avibus, et cunctis quae moventur in terra, et quae vobis ostendi esse polluta.
Difor skal de skilja millom reine og ureine dyr og reine og ureine fuglar, og ikkje gjera dykk sjølve ufysne med å eta dei dyri eller fuglarne eller noko av det kreket som eg hev skilt ut, og sagt de skal halda for ureine.
26 Eritis mihi sancti, quia sanctus sum ego Dominus, et separavi vos a ceteris populis, ut essetis mei.
De skal vera meg heilage; for eg, Herren, er heilag, og eg hev skilt dykk ut frå alle andre folkeslag, so de skal høyra meg til.
27 Vir, sive mulier, in quibus pythonicus, vel divinationis fuerit spiritus, morte moriantur. lapidibus obruent eos: sanguis eorum sit super illos.
Er det nokon mann eller noko kvende som fer med å mana fram draugar eller spåvette, so skal dei lata livet: dei skal steinast i hel, og blodet deira kjem på deim sjølve.»»

< Leviticus 20 >