< Leviticus 17 >

1 Et locutus est Dominus ad Moysen, dicens:
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
2 Loquere Aaron et filiis eius, et cunctis filiis Israel, dicens ad eos: Iste est sermo quem mandavit Dominus, dicens:
«Tala til Aron og sønerne hans og til heile Israels-folket, og seg med deim: «Høyr no kva Herren vil de skal gjera:
3 Homo quilibet de domo Israel, si occiderit bovem aut ovem, sive capram in castris vel extra castra,
Er det nokon mann av Israels-ætti som slagtar ein ukse eller ein sau eller ei geit anten i eller utanfor lægret,
4 et non obtulerit ad ostium tabernaculi oblationem Domino, sanguinis reus erit: quasi si sanguinem fuderit, sic peribit de medio populi sui.
og ikkje leider deim fram til møtetjelddøri og ofrar Herren ei gåva framfor bustaden hans, so skal den mannen reknast jamgod med ein dråpsmann; han hev rent ut blod og skal rydjast ut or folket sitt.
5 Ideo sacerdoti offerre debent filii Israel hostias suas, quas occident in agro, ut sanctificentur Domino ante ostium tabernaculi testimonii, et immolent eas hostias pacificas Domino.
Difor skal Israels-borni koma til Herren med slagtofferi sine som dei er vane å slagta ute på marki, og leida deim fram åt møtetjelddøri, til presten, og slagta deim til takkoffer åt Herren.
6 Fundetque sacerdos sanguinem super altare Domini ad ostium tabernaculi testimonii, et adolebit adipem in odorem suavitatis Domino:
Og presten skal sprøyta blodet yver Herrens altar som stend framanfor møtetjelddøri, og brenna feittet til godange for Herren.
7 et nequaquam ultra immolabunt hostias suas daemonibus, cum quibus fornicati sunt. Legitimum sempiternum erit illis et posteris eorum.
Og dei skal ikkje lenger gjeva offeri sine til dei raggute trolli som dei flyg etter. Dette skal vera ei æveleg lov for deim og etterkomarane deira.»
8 Et ad ipsos dices: Homo de domo Israel, et de advenis, qui peregrinantur apud vos, qui obtulerit holocaustum sive victimam,
Og dette skal du segja med deim: «Dersom nokon av Israels-ætti, eller av dei framande som bur millom deim, ber fram eit brennoffer eller slagtoffer,
9 et ad ostium tabernaculi testimonii non adduxerit eam, ut offeratur Domino, interibit de populo suo.
og ikkje kjem til møtetjelddøri med det og ofrar det til Herren, so skal den mannen rydjast ut or folket sitt.
10 Homo quilibet de domo Israel, et de advenis qui peregrinantur inter vos, si comederit sanguinem, obfirmabo faciem meam contra animam illius, et disperdam eam de populo suo,
Og dersom nokon av Israels-ætti, eller av dei framande som bur millom deim, et aldri so lite blod, so skal eg kvessa augo imot den mannen, og rydja honom ut or folket hans.
11 quia anima carnis in sanguine est: et ego dedi illum vobis, ut super altare in eo expietis pro animabus vestris, et sanguis pro animae piaculo sit.
For livet i likamen ligg i blodet, og eg hev gjeve dykk lov til å hava blod på altaret til soning for livet dykkar. For blodet det sonar av di livet ligg i det.
12 Idcirco dixi filiis Israel: Omnis anima ex vobis non comedet sanguinem, nec ex advenis, qui peregrinantur apud vos.
Difor segjer eg til Israels-borni: Ingen av dykk må eta blod; dei framande som bur hjå dykk, må heller ikkje gjera det.
13 Homo quicumque de filiis Israel, et de advenis, qui peregrinantur apud vos, si venatione, atque aucupio ceperit feram vel avem, quibus vesci licitum est, fundat sanguinem eius, et operiat illum terra.
Og når nokon av Israels-borni, eller av dei framande som bur millom deim, veider villdyr eller fuglar som dei hev lov til å eta, so skal han lata blodet renna ut på marki og hava jord yver det.
14 Anima enim omnis carnis in sanguine est: unde dixi filiis Israel: Sanguinem universae carnis non comedetis, quia anima carnis in sanguine est: et quicumque comederit illum, interibit.
For livet i likamen, det er blodet med livet som ligg i det; difor hev eg sagt til Israels-folket: De må ikkje eta blodet av noko kvikjende! For livet i kvart kvikjende, det er blodet som er i det; kven som et det, han skal rydjast ut.
15 Anima, quae comederit morticinum, vel captum a bestia, tam de indigenis, quam de advenis, lavabit vestimenta sua et semetipsum aqua, et contaminatus erit usque ad vesperum: et hoc ordine mundus fiet.
Hev nokon mann, anten han er fødd i landet eller han er framand, ete av eit dyr som er sjølvdaudt eller ihelrive, so skal han två klædi sine og lauga seg, og er urein alt til kvelds; sidan er han rein.
16 Quod si non laverit vestimenta sua et corpus, portabit iniquitatem suam.
Tvær han ikkje klædi sine og ikkje laugar likamen sin, so gjer han ei synd som han lyt lida for.»»

< Leviticus 17 >