< Iudicum 8 >

1 Dixeruntque ad eum viri Ephraim: Quid est hoc quod facere voluisti, ut nos non vocares, cum ad pugnam pergeres contra Madian? iurgantes fortiter, et prope vim inferentes.
Efraims-mennerne sagde til Gideon: «Korleis er det du hev bore deg imot oss! Kvi sende du’kje bod etter oss då du tok ut i striden mot midjanitare?» Og dei tok kvast på honom.
2 Quibus ille respondit: Quod enim tale facere potui, quale vos fecistis? nonne melior est racemus Ephraim, vindemiis Abiezer?
Då sagde han til deim: «Kva hev eg gjort no som kann liknast med det de hev gjort? Var’kje etterrakstren åt Efraim betre enn avlingi åt Abiezer?
3 In manus vestras Dominus tradidit principes Madian, Oreb, et Zeb: quid tale facere potui, quale vos fecistis? Quod cum locutus esset, requievit spiritus eorum, quo tumebant contra eum.
I dykkar hender gav Gud midjanitar-hovdingarne, Oreb og Ze’eb! Og kva hev eg vunnest gjort, so eg kunde mæla meg med dykk?» Då han tala so, logna dei og var’kje vonde på honom lenger.
4 Cumque venisset Gedeon ad Iordanem, transivit eum cum trecentis viris, qui secum erant: et prae lassitudine, fugientes persequi non poterant.
Gideon kom til Jordan, og for yver, han og dei tri hundrad mann som var med honom, og dei var trøytte og svoltne.
5 Dixitque ad viros Soccoth: Date, obsecro, panes populo, qui mecum est, quia valde defecerunt: ut possimus persequi Zebee, et Salmana reges Madian.
Då sagde han til Sukkot-mennerne: «Kjære, gjev folki som fylgjer meg nokre matbitar! Dei er trøytte, og eg elter Zebah og Salmunna, Midjans-kongarne.»
6 Responderunt principes Soccoth: Forsitan palmae manuum Zebee et Salmana in manu tua sunt, et idcirco postulas ut demus exercitui tuo panes.
Men hovdingarne i Sukkot sagde: «Hev du alt fenge kloi i Zebah og Salmunna, sidan me skal gjeva heren din mat?»
7 Quibus ille ait: Cum ergo tradiderit Dominus Zebee et Salmana in manus meas, conteram carnes vestras cum spinis, tribulisque deserti.
«Godt!» svara Gideon, «når Herren hev gjeve Zebah og Salmunna i henderne mine, so skal eg treskja kropparne dykkar med villtornar og tistlar.»
8 Et inde conscendens, venit in Phanuel: locutusque est ad viros loci illius similia. Cui et illi responderunt, sicut responderant viri Soccoth.
So for han upp til Penuel, og tala like eins der, og Penuels-mennerne svara honom på same vis som Sukkot-buarne hadde svara.
9 Dixit itaque et eis: Cum reversus fuero victor in pace, destruam turrim hanc.
Då sagde han til deim og: «Kjem eg vel heim att, so skal eg riva ned denne borgi.»
10 Zebee autem et Salmana requiescebant cum omni exercitu suo. Quindecim enim millia viri remanserant ex omnibus turmis Orientalium populorum, caesis centum viginti millibus bellatorum educentium gladium.
Zebah og Salmunna låg i Karkor med heren sin, um lag femtan tusund mann; det var alt som var att av heile austmannheren, og hundrad og tjuge tusund våpnføre menner var falne.
11 Ascendensque Gedeon per viam eorum, qui in tabernaculis morabantur, ad Orientalem partem Nobe, et Iegbaa, percussit castra hostium, qui securi erant, et nihil adversi suspicabantur.
Og Gideon for uppetter driftevegen austanfor Nobah og Jogbea og kom yver fiendeheren, med dei låg ottelause i lægret.
12 Fugeruntque Zebee et Salmana, quos persequens Gedeon comprehendit, turbato omni exercitu eorum.
Zebah og Salmunna rømde, men han sette etter deim; han tok båe Midjans-kongarne, Zebah og Salmunna, og støkte heile heren ifrå einannan.
13 Revertensque de bello ante solis ortum,
Då Gideon Joasson var komen til Solskardet, vende han heim att frå striden.
14 apprehendit puerum de viris Soccoth: interrogavitque eum nomina principum et seniorum Soccoth, et descripsit septuaginta septem viros.
Han fekk tak i ein gut som høyrde heime i Sukkot, og spurde honom ut; og guten skreiv upp for honom hovdingarne og styresmennerne i Sukkot, sju og sytti mann.
15 Venitque ad Soccoth, et dixit eis: En Zebee, et Salmana super quibus exprobrastis mihi, dicentes: Forsitan manus Zebee et Salmana in manibus tuis sunt, et idcirco postulas ut demus viris qui lassi sunt, et defecerunt panes.
Då han so kom til Sukkot-buarne, sagde han: «Sjå her er Zebah og Salmunna, dei som de spotta meg med då de sagde: «Hev du alt fenge kloi i Zebah og Salmunna, sidan me skal gjeva mat til dei trøytte mennerne dine?»»
16 Tulit ergo seniores civitatis et spinas deserti ac tribulos, et contrivit cum eis, atque comminuit viros Soccoth.
So greip han styresmennerne i byen, og han tok villtornar og tistlar, og tukta med deim Sukkot-buarne.
17 Turrim quoque Phanuel subvertit, occisis habitatoribus civitatis.
Penuelborgi reiv han ned, og slo i hel mennerne i byen.
18 Dixitque ad Zebee et Salmana: Quales fuerunt viri, quos occidistis in Thabor? Qui responderunt: Similes tui, et unus ex eis quasi filius regis.
Sidan sagde han til Zebah og Salmunna: «Korleis såg dei ut, dei mennerne som de slo i hel på Tabor?» «Dei var like eins som du, » svara dei. «Kvar var som ein kongsson på skapnad».
19 Quibus ille respondit: Fratres mei fuerunt, filii matris meae. vivit Dominus, quia si servassetis eos, non vos occiderem.
«Då var det brørne mine, » sagde han, «sønerne åt mi eigi mor. So sant Herren liver: hadde de spart livet deira, skulde eg ikkje ha drepe dykk.»
20 Dixitque Iether primogenito suo: Surge, et interfice eos. Qui non eduxit gladium: timebat enim, quia adhuc puer erat.
So sagde han til Jeter, eldste son sin: «Gakk fram, og slå deim i hel!» Men guten drog ikkje sverdet sitt. Han torde ikkje; han var endå berre ein gut.
21 Dixeruntque Zebee et Salmana: Tu surge, et irrue in nos: quia iuxta aetatem robur est hominis. Surrexit Gedeon, et interfecit Zebee et Salmana: et tulit ornamenta ac bullas, quibus colla regalium camelorum decorari solent.
Då sagde Zebah og Salmunna: «Kom du og hogg oss ned! Det vil manns nerk til å gjera manns verk.» So gjekk Gideon fram, og slo Zebah og Salmunna i hel, og tok sylgjorne som kamelarne deira hadde kring halsen.
22 Dixeruntque omnes viri Israel ad Gedeon: Dominare nostri tu, et filius tuus, et filius filii tui: quia liberasti nos de manu Madian.
Og Israels-mennerne sagde til Gideon: «Du skal vera kongen vår, både du og son din og soneson din; for du hev berga oss frå midjanitarne!»
23 Quibus ille ait: Non dominabor vestri, nec dominabitur in vos filius meus, sed dominabitur vobis Dominus.
Men Gideon svara: «Ikkje vil eg vera kongen dykkar, og ikkje skal son min vera det; Herren skal vera kongen dykkar!»
24 Dixitque ad eos: Unam petitionem postulo a vobis: Date mihi inaures ex praeda vestra. Inaures enim aureas Ismaelitae habere consueverant.
Sidan sagde Gideon til deim: «Eg vil beda dykk um ein ting: at de alle vil gjeva meg dei ringarne de hev vunne i krigen!» For Midjans-mennerne gjekk med gullringar; dei var ismaelitar.
25 Qui responderunt: Libentissime dabimus. Expandentesque super terram pallium, proiecerunt in eo inaures de praeda:
«Det skal du då visst få, » svara dei. So breidde dei ut ei kåpa, og på den kasta alle mann dei ringarne dei hadde vunne i krigen.
26 et fuit pondus postulatarum inaurium, mille septingenti auri sicli, absque ornamentis, et monilibus, et veste purpurea, quibus reges Madian uti soliti erant, et praeter torques aureas camelorum.
Då dei so vog gullringane som han hadde bede um, so var det halvonnor vog gull, umfram gullsylgjorne og øyredobborne og purpurklædi som midjanitarkongarne hadde havt på seg, og umfram lekkjorne som kamelarne deira hadde bore kring halsen.
27 Fecitque ex eo Gedeon Ephod, et posuit illud in civitate sua Ephra. Fornicatusque est omnis Israel in eo, et factum est Gedeoni et omni domui eius in ruinam.
Av gullet gjorde Gideon eit gudsbilæte. Det sette han upp i Ofra, heimbygdi si; heile Israel dyrka det der som ein avgud, og det vart til ulukka for Gideon og hans hus.
28 Humiliatus est autem Madian coram filiis Israel, nec potuerunt ultra cervices elevare: sed quievit terra per quadraginta annos, quibus Gedeon praefuit.
Soleis laut Midjan bøygja seg under Israel, og vann ikkje reisa hovudet meir, og sidan hadde landet ro i fyrti år, so lenge som Gideon livde.
29 Abiit itaque Ierobaal filius Ioas, et habitavit in domo sua:
So for Jerubba’al Joasson heim att til garden sin, og vart buande der.
30 habuitque septuaginta filios, qui egressi sunt de femore eius: eo quod plures haberet uxores.
Han, Gideon, hadde sytti søner, som var hans eigne born; for han hadde mange konor.
31 Concubina autem illius, quam habebat in Sichem, genuit ei filium nomine Abimelech.
Med fylgjekona si i Sikem fekk han ein son, og kalla han Abimelek.
32 Mortuusque est Gedeon filius Ioas in senectute bona, et sepultus est in sepulchro Ioas patris sui in Ephra de familia Ezri.
Gideon Joasson døydde i høg alder, og vart nedsett i gravstaden åt Joas, far sin, i Ofra, bygdi åt Abiezer-ætti.
33 Postquam autem mortuus est Gedeon, aversi sunt filii Israel, et fornicati sunt cum Baalim. Percusseruntque cum Baal foedus, ut esset eis in deum:
Då Gideon var burte, tok Israels-sønerne atter til å halda seg med avgudarne, og gjorde Sambands-Ba’al til guden sin.
34 nec recordati sunt Domini Dei sui, qui eruit eos de manibus inimicorum suorum omnium per circuitum:
Israels-sønerne kom ikkje i hug Herren, sin Gud, som hadde berga deim frå alle fiendar rundt ikring;
35 nec fecerunt misericordiam cum domo Ierobaal Gedeon iuxta omnia bona, quae fecerat Israeli.
og dei gjorde ikkje vel mot Jerubba’als, Gideons, ætt for alt det gode han hadde gjort Israel.

< Iudicum 8 >