< Iosue 3 >

1 Igitur Iosue de nocte consurgens movit castra: egredientesque de Setim, venerunt ad Iordanem ipse, et omnes filii Israel, et morati sunt ibi per tres dies.
Morgonen etter reis Josva tidleg upp, og tok ut frå Sittim med alle Israels-folket; og dei kom til Jordan, og var der um natti, fyrr dei gjekk yver.
2 Quibus evolutis, transierunt praecones per castrorum medium,
For då tri dagar var lidne, gjekk formennerne kring i lægret
3 et clamare coeperunt: Quando videritis arcam foederis Domini Dei vestri, et sacerdotes stirpis Leviticae portantes eam, vos quoque consurgite, et sequimini praecedentes:
og tala soleis til folket: «Når de ser sambandskista åt Herren dykkar Gud, og Levi-prestarne som ber henne, so skal de fara av stad, og fylgja etter henne,
4 sitque inter vos et arcam spatium cubitorum duum millium: ut procul videre possitis, et nosse per quam viam ingrediamini: quia prius non ambulastis per eam: et cavete ne appropinquetis ad arcam.
so de kann vita kva leid de skal taka; for den vegen hev de ikkje fare fyrr. Men det lyt vera eit godt stykke millom dykk og sambandskista, tvo tusund alner på lag; kom henne ikkje for nær!»
5 Dixitque Iosue ad populum: Sanctificamini: cras enim faciet Dominus inter vos mirabilia.
So sagde Josva til folket: «Helga dykk no! for i morgon vil Herren gjera underfulle ting imillom dykk.»
6 Et ait ad sacerdotes: Tollite arcam foederis, et praecedite populum. Qui iussa complentes, tulerunt, et ambulaverunt ante eos.
Og til prestarne sagde han: «Tak sambandskista og far fram fyre folket!» So tok dei sambandskista og gjekk fyre folket.
7 Dixitque Dominus ad Iosue: Hodie incipiam exaltare te coram omni Israel: ut sciant quod sicut cum Moyse fui, ita et tecum sim.
Og Herren sagde til Josva: «I dag vil eg taka til og gjera deg stor framfor augo åt heile Israel, so dei skal sjå at eg er med deg, liksom eg var med Moses.
8 Tu autem praecipe sacerdotibus, qui portant arcam foederis, et dic eis: Cum ingressi fueritis partem aquae Iordanis, state in ea.
Seg no du so til prestarne som ber sambands: «Når de kjem heilt nedåt Jordan, skal de verta standande der, nedmed åi!»»
9 Dixitque Iosue ad filios Israel: Accedite huc, et audite verbum Domini Dei vestri.
Då sagde Josva til Israels-sønerne: «Kom og høyr ordi frå Herren, dykkar Gud!
10 Et rursum: In hoc, inquit, scietis quod Dominus Deus vivens in medio vestri est, et disperdet in conspectu vestro Chananaeum et Hethaeum, Hevaeum et Pherezaeum, Gergesaeum quoque et Iebusaeum, et Amorrhaeum.
Dette», sagde Josva, «skal de hava til merke på at den livande Gud er midt imillom dykk, og at han skal driva burt for dykk både kananitarne og hetitarne og hevitarne og perizitarne og girgasitarne og amoritarne og jebusitarne:
11 Ecce, arca foederis Domini omnis terrae antecedet vos per Iordanem.
Sambandskista åt honom som råder yver all jordi, skal fara fyre dykk ut i Jordan.
12 Parate duodecim viros de tribubus Israel, singulos per singulas tribus.
Vel no ut tolv menner av Israels-ætterne, ein for kvar ætt!
13 Et cum posuerint vestigia pedum suorum sacerdotes qui portant arcam Domini Dei universae terrae in aquis Iordanis, aquae, quae inferiores sunt, decurrent atque deficient: quae autem desuper veniunt, in una mole consistent.
Og når prestarne som ber sambandskista åt Herren som råder yver all jordi, når dei stig med foten ut i Jordan, då skal Jordanvatnet - det som kjem ovantil - demmast upp, so det stend som ein vegg.»
14 Igitur egressus est populus de tabernaculis suis, ut transiret Iordanem: et sacerdotes, qui portabant arcam foederis, pergebant ante eum.
So tok folket ut frå tjeldbuderne sine og skulde ganga yver Jordan, og prestarne som bar sambandskista, gjekk fyre deim;
15 Ingressisque eis Iordanem, et pedibus eorum in parte aquae tinctis (Iordanis autem ripas alvei sui tempore messis impleverat)
og då desse same prestarne som bar sambandskista, var komne til Jordan og so vidt hadde duppa foten i elvevatnet - men Jordan gjeng heile våren i bakkefylla -
16 steterunt aquae descendentes in loco uno, et ad instar montis intumescentes apparebant procul ab urbe, quae vocatur Adom usque ad locum Sarthan: quae autem inferiores erant, in Mare solitudinis (quod nunc vocatur mortuum) descenderunt, usquequo omnino deficerent.
då stana det vatnet som kom ovantil, og stod som ein vegg alt uppmed Adam, den byen som ligg jamsides med Saretan, og det som rann nedetter til Moavatnet, eller Saltsjøen, vart reint burte. So gjekk folket yver åi midt for Jeriko.
17 Populus autem incedebat contra Iordanem: et sacerdotes qui portabant arcam foederis Domini, stabant super siccam humum in medio Iordanis accincti, omnisque populus per arentem alveum transibat.
Men prestarne som bar sambandskista åt Herren, vart standande på turre botnen midt i Jordan, medan alle israelitarne gjekk turrskodde yver åi, til heile folket var kome vel yver.

< Iosue 3 >