< Iosue 16 >

1 Cecidit quoque sors filiorum Ioseph ab Iordane contra Iericho et aquas eius ab Oriente: solitudo quae ascendit de Iericho ad montem Bethel:
Den landsluten som fall på Josefs-sønerne, tok til aust med Jordanåi, der ho renn frammed Jeriko, og gjekk um Jerikokjelda gjenom øydemarki som stig frå Jeriko uppyver fjellet til Betel.
2 et egreditur de Bethel Luzam: transitque terminum Archi, Ataroth.
Frå Betel heldt bytestrengen fram til Luz, og gjekk so burtyver til Arkiteigni, til Atarot;
3 et descendit ad Occidentem iuxta terminum Iephleti, usque ad terminos Beth horon inferioris, et Gazer: finiunturque regiones eius mari magno:
der tok han vestetter ned til Jafletiteigni, heldt fram til Nedre Bet-Horoneigni og Gezer, og enda utmed havet.
4 possederuntque filii Ioseph Manasses et Ephraim.
Dette var det landet som Josefs-borni, Manasse og Efraim, fekk til odel og eiga.
5 Et factus est terminus filiorum Ephraim per cognationes suas: et possessio eorum contra Orientem Ataroth addar usque Beth horon superiorem.
Landet åt Efraims-sønerne og ættgreinerne deira låg soleis til: Fylkesdeilet gjekk på austkanten frammed Atrot-Addar, tok burtetter til Øvre Bet-Horon,
6 Egrediunturque confinia in mare: Machmethath vero Aquilonem respicit, et circuit terminos contra Orientem in Thanathselo: et pertransit ab Oriente Ianoe.
og enda utmed havet. På nordsida gjekk fylkesdeilet frammed Mikmetat og vende seg austetter til Ta’anat-Silo; sidan heldt bytestrengen fram i aust til Janoah,
7 descenditque de Ianoe in Ataroth et Naaratha: et pervenit in Iericho, egrediturque ad Iordanem.
og tok frå Janoah ned til Atarot og Na’ara, snart innåt Jeriko, og gjekk ut i Jordan.
8 De Taphua pertransit contra mare in Vallem arundineti, suntque egressus eius in mare salsissimum. haec est possessio tribus filiorum Ephraim per familias suas.
Frå Tappuah gjekk fylkesdeilet vestetter til Kanabekken, og enda utmed havet. Dette var odelseiga åt Efraims-sønerne og ættgreinerne deira,
9 Urbesque separatae sunt filiis Ephraim in medio possessionis filiorum Manasse, et villae earum.
og attåt det dei byarne som vart utskilde åt Efraims-sønerne i Manassefylket, både byarne og grenderne som låg ikring.
10 Et non interfecerunt filii Ephraim Chananaeum, qui habitabat in Gazer: habitavitque Chananaeus in medio Ephraim usque in diem hanc tributarius.
Men Efraims-sønerne dreiv ikkje ut dei kananitarne som budde i Gezer; Kananitarne vart buande i Efraimsfylket, som dei gjer den dag i dag, men laut gjera trælearbeid.

< Iosue 16 >