< Isaiæ 56 >

1 Haec dicit Dominus: Custodite iudicium, et facite iustitiam: quia iuxta est salus mea ut veniat, et iustitia mea ut reveletur.
So segjer Herren: Tak vare på rett og gjer rettferd! For mi frelsa er alt i kjømdi, og mi rettferd skal syna seg snart.
2 Beatus vir, qui facit hoc, et filius hominis, qui apprehendet istud: custodiens sabbatum ne polluat illud, custodiens manus suas ne faciat omne malum.
Sæl er den mann som gjerer dette, den menneskja som held fast på det, som held kviledagen utan vanhelging og varar si hand frå vonde verk.
3 Et non dicat filius advenae, qui adhaeret Domino, dicens: Separatione dividet me Dominus a populo suo: Et non dicat Eunuchus: Ecce ego lignum aridum.
Den framande må ikkje segja, han som held seg til Herren: «Herren vil skilja meg frå sitt folk!» Og gjeldingen må ikkje segja: «Sjå, eg er eit turka tre!»
4 Quia haec dicit Dominus Eunuchis: Qui custodierint sabbata mea, et elegerint quae ego volui, et tenuerint foedus meum:
For so segjer Herren: Dei gjeldingar som held mine kviledagar, som vel det som er min vilje, og som held fast på mi pakt,
5 Dabo eis in domo mea, et in muris meis locum, et nomen melius a filiis et filiabus: nomen sempiternum dabo eis, quod non peribit.
åt deim skal eg i mitt hus og innanfor mine murar gjeva eit namn og eit minne som er betre enn søner og døtter; eit æveleg namn gjev eg deim, eit namn som aldri øydest.
6 Et filios advenae, qui adhaerent Domino, ut colant eum, et diligant nomen eius, ut sint ei in servos: omnem custodientem sabbatum ne polluat illud, et tenentem foedus meum:
Og dei framandfødde som held seg til Herren og vil tena honom og elska Herrens namn, og vil vera hans tenarar, kvar som held kviledagen utan vanhelging, og held fast på mi pakt,
7 Adducam eos in montem sanctum meum, et laetificabo eos in domo orationis meae: holocausta eorum, et victimae eorum placebunt mihi super altari meo: quia domus mea domus orationis vocabitur cunctis populis.
deim vil eg føra til mitt heilage berg og gleda deim i mitt bønehus, deira brennoffer og slagtoffer skal vera til hugnad på altaret mitt! For mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folk.
8 Ait Dominus Deus, qui congregat dispersos Israel: Adhuc congregabo ad eum congregatos eius.
So segjer Herren, Herren, som samlar dei spreidde av Israel: Endå fleire samlar eg til han attåt deim som er samla.
9 Omnes bestiae agri venite ad devorandum, universae bestiae saltus.
Alle villdyr i marki, kom og et, ja, alle villdyr i skogen!
10 Speculatores eius caeci omnes, nescierunt universi: canes muti non valentes latrare, videntes vana, dormientes, et amantes somnia.
Vaktmennerne her er alle blinde, dei skyner ingen ting. Alle er dei mållause hundar som ikkje kann gøy, dei ligg og drøymer, likar å sova;
11 Et canes imprudentissimi nescierunt saturitatem: ipsi pastores ignoraverunt intelligentiam: omnes in viam suam declinaverunt, unusquisque ad avaritiam suam a summo usque ad novissimum.
dei er hækne hundar, vert aldri mette, og slike folk er hyrdingar, som ikkje veit å gjeva gaum! Dei vender seg alle sin eigen veg, kvar til si eigi vinning, alle som ein.
12 Venite, sumamus vinum, et impleamur ebrietate: et erit sicut hodie, sic et cras, et multo amplius.
«Kom, eg skal henta vin, so vil me drikka rusdrykk; som i dag skal morgondagen vera, me skal hava det herlegt.»

< Isaiæ 56 >