< Isaiæ 50 >
1 Haec dicit Dominus: Quis est hic liber repudii matris vestrae, quo dimisi eam? aut quis est creditor meus, cui vendidi vos? ecce in iniquitatibus vestris venditi estis, et in sceleribus vestris dimisi matrem vestram.
So segjer Herren: Kvar er skilsmålsbrevet åt dykkar mor som eg hev sendt henne burt med? Eller hev eg nokon kravsmann som eg hev selt dykk til? Nei, for synderne dykkar er de selde, og for dykkar brot er mor dykkar burtsend.
2 Quia veni, et non erat vir: vocavi, et non erat qui audiret. numquid abbreviata et parvula facta est manus mea, ut non possim redimere? aut non est in me virtus ad liberandum? Ecce in increpatione mea desertum faciam mare, ponam flumina in siccum: computrescent pisces sine aqua, et morientur in siti.
Kvifor fann eg ingen då eg kom? Kvifor svara ingen då eg ropa? Er mi hand for stutt til utløysing, hev eg ingi kraft til å hjelpa? Med mitt trugsmål legg eg havet turt, elvarne gjer eg til øydemark, so fiskarne rotnar for vatnet er burte, og dei daudar av torste.
3 Induam caelos tenebris, et saccum ponam operimentum eorum.
Eg klæder himmelen i svart og sveiper honom i syrgjebunad.
4 Dominus dedit mihi linguam eruditam, ut sciam sustentare eum, qui lassus est verbo: erigit mane, mane erigit mihi aurem, ut audiam quasi magistrum.
Herren, Herren hev gjeve meg ei læresveins-tunga, so eg kann vita å kveikja den trøytte med ord. Han vekkjer kvar morgon, han vekkjer mitt øyra til å høyra på læresveins vis.
5 Dominus Deus aperuit mihi aurem, ego autem non contradico: retrorsum non abii.
Herren, Herren hev opna mitt øyra, eg var ikkje strid og drog meg’kje undan.
6 Corpus meum dedi percutientibus, et genas meas vellentibus: faciem meam non averti ab increpantibus, et conspuentibus in me.
Min rygg baud eg fram åt deim som slo, og kinni åt deim som i skjegget reiv. Eg løynde ikkje mitt andlit for hæding og sputt.
7 Dominus Deus auxiliator meus, ideo non sum confusus: ideo posui faciem meam ut petram durissimam, et scio quoniam non confundar.
Men Herren, Herren, han hjelpar, di turvte eg ikkje skjemmast. Difor gjorde eg andlitet hardt som stein, og eg veit eg vert ei til skammar.
8 Iuxta est qui iustificat me, quis contradicet mihi? stemus simul, quis est adversarius meus? accedat ad me.
Min målsmann er nær, kven strider mot meg? Kom, lat oss berre møtast! Er nokon motparten min, so lat honom koma hit!
9 Ecce Dominus Deus auxiliator meus: quis est qui condemnet me? Ecce omnes quasi vestimentum conterentur, tinea comedet eos.
Sjå, Herren, Herren, han hjelpar meg, kven er det som domfeller meg? Sjå, alle skal morkna som klædeplagg, mol skal eta deim upp.
10 Quis ex vobis timens Dominum, audiens vocem servi sui? qui ambulavit in tenebris, et non est lumen ei, speret in nomine Domini, et innitatur super Deum suum.
Kven er det av dykk som ottast Herren, og høyrer på røysti åt tenaren hans? Um han ferdast i myrker, og ikkje ser minste ljos, skal han lita lel på Herrens namn og stydja seg på sin Gud.
11 Ecce vos omnes accendentes ignem accincti flammis, ambulate in lumine ignis vestri, et in flammis, quas succendistis: de manu mea factum est hoc vobis, in doloribus dormietis.
Men alle de som kveikjer eld, som væpnar dykk med brennande piler! Inn med dykk i logen av elden dykkar, og under dei brandpiler de hev kveikt! Frå mi hand skal det koma yver dykk, i pinsla skal de få liggja.