< Ecclesiastes 1 >
1 Verba Ecclesiastae, filii David, regis Ierusalem.
Ord av Preikaren, son åt David, konge i Jerusalem.
2 Vanitas vanitatum, dixit Ecclesiastes: vanitas vanitatum, et omnia vanitas.
Fåfengt, fåfengt! segjer Preikaren, fåfengt, fåfengt! Alt er fåfengt.
3 Quid habet amplius homo de universo labore suo, quo laborat sub sole?
Kva vinning hev mannen av alt si møda som han møder seg med under soli?
4 Generatio praeterit, et generatio advenit: terra autem in aeternum stat.
Ætt gjeng, og ætt kjem, medan jordi æveleg stend.
5 Oritur sol, et occidit, et ad locum suum revertitur: ibique renascens,
Og soli renn, og soli glar, og ho skundar seg att til staden sin der som ho plar renna.
6 gyrat per Meridiem, et flectitur ad Aquilonem: lustrans universa in circuitu pergit spiritus, et in circulos suos revertitur.
Vinden gjeng imot sud og snur seg mot nord, han snur seg og snur seg og kjem attende til kringlaupet sitt.
7 Omnia flumina intrant in mare, et mare non redundat: ad locum, unde exeunt flumina, revertuntur ut iterum fluant.
Alle elvar renn ut i havet, men havet vert ikkje fullt, dit som elvarne fyrr hev runne, held dei alltid på å renna.
8 Cunctae res difficiles: non potest eas homo explicare sermone. Non saturatur oculus visu, nec auris auditu impletur.
Allting strevar so ingen det ut kann segja, ikkje vert auga mett av å sjå, og ikkje vert øyra fyllt av å høyra.
9 Quid est quod fuit? ipsum quod futurum est. Quid est quod factum est? ipsum quod faciendum est.
Det som hev vore, er det som skal vera, og det som hev hendt, er det som skal henda; det finst inkje nytt under soli.
10 Nihil sub sole novum, nec valet quisquam dicere: Ecce hoc recens est: iam enim praecessit in saeculis, quae fuerunt ante nos.
Skulde dei segja um noko: «Sjå, dette er nytt!» - so hev det longe vore til i fordums tider som var fyre oss.
11 Non est priorum memoria: sed nec eorum quidem, quae postea futura sunt, erit recordatio apud eos, qui futuri sunt in novissimo.
Me hev inkje minne um deim som fyrr hev livt, og dei som sidan skal koma, vil ikkje heller liva i minnet hjå deim som etterpå kjem.
12 Ego Ecclesiastes fui rex Israel in Ierusalem,
Eg, Preikaren, var konge yver Israel i Jerusalem.
13 et proposui in animo meo quaerere et investigare sapienter de omnibus, quae fiunt sub sole. Hanc occupationem pessimam dedit Deus filiis hominum, ut occuparentur in ea.
Eg lagde hugen på å granska og å ransaka med visdom alt det som hender under himmelen. Det er ei leid plåga som Gud hev gjeve mannsborni å plågast med.
14 Vidi cuncta, quae fiunt sub sole, et ecce universa vanitas, et afflictio spiritus.
Eg såg på alt det som hender under soli, og so var det fåfengt alt i hop og jag etter vind.
15 Perversi difficile corriguntur, et stultorum infinitus est numerus.
Det bogne kann ikkje beinkast, og det vantande kann ikkje reknast.
16 Locutus sum in corde meo, dicens: Ecce magnus effectus sum, et praecessi omnes sapientia, qui fuerunt ante me in Ierusalem: et mens mea contemplata est multa sapienter, et didici.
Eg tenkte med meg sjølv: «Sjå no hev eg vunne meg større og rikare visdom enn alle dei som hev rådt yver Jerusalem fyre meg, og hjarta mitt hev set visdom og kunnskap i rikt mål.»
17 Dedique cor meum ut scirem prudentiam, atque doctrinam, erroresque et stultitiam: et agnovi quod in his quoque esset labor, et afflictio spiritus,
Eg lagde hugen på å skyna visdomen og skyna vitløysa og dårskap. Men eg skyna at det var jag etter vind det og.
18 eo quod in multa sapientia multa sit indignatio: et qui addit scientiam, addit et laborem.
For med mykje visdom du mykje gremmest, og aukar du kunnskap, so aukar du kvida.